Åpent brev til Landbruks- og Matdepartementet v/ Terje Riis Johansen.

Jordbruksforhandlingane er i kjømda, i år skal regjeringa måtta ta eit løft av dimensjoner for det Norske Landbruket som det vil stå respekt for fram i  tida, anna venta ikkje verken bønder eller forbrukarane som er villige til å betala meir for norskprodusert rein mat!


Likviditeten til bønder generelt har vorte dårlegare, låna aukar, eigedomskapitalen og til alminneleg vedlikehald ligg det  heilt nede.
I årets jordbruksforhandlingar vert eit av tema – velferdsordningane -som må aukast med tanke på bl.a. rekruteringa til Landbruket, men her er det eit spørsmål til stadsråden eg vil ha fram:
Tidspunktet for utbetaling av avløysartilskot til bønder er i dag i juni mnd. Året etter, m.a.o. bønder må halda kapital til både utlønning og m.v.a. – heile denne tida. Med lita inntening på andre fronter i Landbruket , så seier dette seg sjølv at det er ekstra belasting å halda midlar til avløysarar og , –  ja, mange har ikkje råd til å bruka denne ordninga , eingong!  Så går dei tildelte midlane innatt til staten – kanskje dette er meininga, så får de mykje raskare gjennomført struktur styring til avvikling!

Eg tillet meg å spørja: kvifor kan ikkje staten setja desse midlane som er bevilga inn på konto til disposisjon for bonden eller at de betaler ut kvartalsvis pr. dokumentasjon!
Dette er ikkje samtaleemne i jordbruksforhandlingane, men eg har fått såpass informasjon at dette kan statsråden gjera noko med viss han vil, det er berre å gje ordre til SLF, så kvifor herr Statsråd gjer de ikkje dette? Dette kunne letta litt på det trøkket vi har i likviditetsproblema til dagleg.  I dag er det bankane og kreditorane som tener på bøndene med rentene!
Til slutt vil eg minna statsråd Terje Riis Johansen kva han sa på det fyrste Landsmøtet til Norsk Bonde og Småbrukarlag – uavhengig av WTO/EU – kan vi i Norge driva ein nasjonal landbrukspolitikk som vi vil, ja, kva vil statsråden og regjeringa?  –  Heile Norge ventar spent!

Bergljot Bruåsdal Hesvik
Rosendal

Oppdatert: 24.04.2008