Årets Avløysar 2019

Årets Avløysarar 2019. Frå venstre: Henning Brænd, Einar Georg Woldstad, Linn Eriksson, Martin Malmedal, Kjell Gunnar Larsen, Hans Vidar Gundersen, Janne Alsaker, Jens Johan Valla, Kari Songedal, Artur Flis, John Åge Hammer, Andrea Christien Dijkstra, Arnfinn Strand og Thor Andrè Fredheim. Foto: NLT

Kvart år sidan 2000 har NLT kåra avløysar. Bakgrunnen for dette er å få merksemd mot den viktige ressursen avløysaren er for landbruket. Kåringen skjer fylkesvis.

Avløysarane gjer ein viktig jobb og er ein forutsetning for at bonden skal få ferie/fritid og ikkje minst hjelp ved sjukdom og kriser. Vi ser at bøndene set stor pris på sine avløysarar.

I 2019 vart det tilsaman kåra 14 Årets Avløysarar rundt om i landet.
Desse 14 er:

    • Linn Eriksson, Landbrukstjenester Akershus, Akershus
    • Artur Flis, Landbrukstjenester Buskerud, Buskerud
    • Henning Brænd, Landbrukstjenester Nord-Østerdal, Hedmark
    • Janne Alsaker, Landbrukstenester Folgefonna, Hordaland
  • Martin Malmedal, Landbruk Nordvest, Møre og Romsdal
  • Jens Johan Valla, Helgeland Landbrukstjenester, Nordland
  • Kjell Gunnar Larsen, Lillehammer Avløserlag, Oppland
  • Thor Andrè Fredheim, Gjesdal Avløysar- og Rekneskapslag, Rogaland
  • Kari Songedal, Landbrukstenester Nordfjord, Sogn og Fjordane
  • Andrea Christien Dijkstra, Landbrukstjenester Telemark, Telemark
  • Einar Georg Woldstad, Landbruk Nord, Troms
  • John Åge Hammer, Innherred lanbrukstjenester, Trøndelag
  • Arnfinn Strand, Vestfold Landbrukstjenester, Vestfold
  • Hans Vidar Gundersen, Landbrukstjenester Østfold, Østfold

Alle prisvinnerne deltok på Haustsamlinga til Norske Landbrukstenester der dei vart heidra under festmiddagen. Prisvinnarane fekk utdelt diplom, NLT-klokke og blomar.

Norske Landbrukstenester vil takke Årets Avløysarar for prisverdig innsats i sitt yrke.

NLT gratulerer på vegne av heile organisasjonen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *