Årsmøte NLT

Styret i NLT 2019: Bak frå venstre: Finn Egil Adolfsen, Trøndelag, Harald Lie, Vestfold – leiar, Inge Røyrhus, Møre og Romsdal – 3. vara,. Framme frå venstre: Janne Østgaard Aagesen, Trøndelag, Marianne Hagen Lie, Oppland – 2. vara, Linda Kristin Oppedal, Sogn og Fjordane – 1. vara og Bodil Mannsverk, Finnmark – nestleiar. Tor Inge Eidesen var hindra frå å vera med på bilete. (Foto: NLT)

Årsmøte for 2018 i Norske Landbrukstenester (NLT) vart halde på Quality Airport Hotel Gardermoen 2.-3. april 2019.

Kjersti Hoff – Norsk Bonde- og Småbrukarlag

Frå årsmeldinga går det fram at 2018 har vore eit særs aktivt år for NLT. Arbeidet med å få betre velferdsordningar for bonden er ei kontinuerleg oppgåve som ein også i 2018 har jobba godt med. Forutan møter og aktivitet i ei rekkje utval og nemnder har ein også hatt møter med organisasjonar i landbruket, samt dei ulike politiske miljøa. I alt arbeid som vert gjort står alltid bonden sin kvardag i fokus.

NLT har også i 2018 hatt mange nyttige kurs for tilsette og tillitsvalde i medlemslaga.

Elisabeth Irgens Hokstad – Nettverk for kvinnelige bønder.

26 lag brukar no Webtemp, som er eit komplett nettbasert forretningssystem for vikarbyrå. Det inneheld blant anna elektronisk levering og godkjenning av timelister og massekommunikasjon ut til tilsette og kundar. Dette forenklar kvardagen for både bonde, avløysar og administrasjonen i våre medlemsbedrifter.

Forutan vanlege årsmøtesaker fekk vi høyre to interessante innlegg. Først ut var Kjersti Hoff frå Norsk Bonde- og Småbrukarlag, etterfulgt av Elisabeth Irgens Hokstad, Nettverk for kvinnelege bønder.

Under festmiddagen vart Landbrukstjenester Folgefonna heidra som Årets lag 2018 i NLT-organisasjonen. Dette er ei markering av eit medlemslag som har utmerka seg gjennom året i høve profesjonalitet og medlemsyting. Landbrukstjenester Folgefonna er eit lag med 2,5 årsverk i administrasjonen.  Laget har

Einar Åbergsjord takka for seg i NLT styret

sunn og god økonomi og er i stadig utvikling. Dei deltek alltid på samlingar i regi av NLT. Vi gratulerer og ynskjer dei lukke til med vidare arbeid.

På dag to fekk vi høyre Runar Wold frå Vestfold Landbrukstjenester fortelja om 2+2 ordninga. Dette er eit viktig og interessant tema, som vi vil bruke meir tid på under Vårsamlinga i slutten av mai.

Under valet vart Harald Lie attvald som styreleiar, og Bodil Mannsverk vart attvald som nestleiar. Finn Egil Adolfsen og Tor Inge Eidesen vart attvald for to nye år. Einar Åbergsjord takka for seg som 3. vara, og Inge Røyrhus frå Møre og Romsdal kom inn som ny 3. vara.

Med nemnde endringar ser styret i NLT for 2019 slik ut:

Harald Lie, Vestfold – leiar
Bodil Mannsverk, Finnmark – nestleiar
Finn Egil Adolfsen, Trøndelag
Tor Inge Eidesen, Rogaland
Janne Østgaard Aagesen, Trøndelag
Linda Kristin Oppedal, Sogn og Fjordane – 1. vara
Marianne Hagen Lie, Oppland – 2. vara
Inge Røyrhus, Møre og Romsdal – 3. vara

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *