Avløysar i rullestol

Merete Aasen (15) let ikkje sjukdommen cerebral parese stoppe seg. I rullestol er ho avløysar heime på geitebruket i Jostedalen.

– Eg er glad i dei. Geiter er mellom dei finaste dyra eg veit om. Og så er dei så sosiale, seier Merete.

For tredje sommaren på rad er 15-åringen avløysar på geitebruket Aasen høgt oppe i lia på austsida av dalføret. Kvar kveld mjølkar ho og mora Mary dei 64 geitene på garden.

Merete har cerebral parese i begge beina og armane og er avhengig av rullestolen. Men med ein del finurlege patent utvikla av far Asbjørn, greier ho arbeidet med mjølking i fjøsen.

Les alt her