Avtale med Agrikjøp og Agrol

Gode medlemsavtalar til våre avløysarar og landbruksvikarar er viktig. I samband med dette har vi no ein gledeleg nyheit til alle våre medlemslag og deira tilsette. I frå og med september vart det endeleg klart at alle våre medlemslag og deira tilsette no kan registrera seg og nytte seg av Agrikjøp-avtalane.  Dette betyr at er du tilsett i eit av våre medlemslag så kan du nytte deg av landbruket sitt fordelsprogram med Agricard og Agrol-avtalane.

Alle tilsette vil få ei mengd fordelar om dei registrerer seg, også medlemslaga som bedrift vil få fordelane ved å registrera seg. Agrol har t.d. ei rekkje rabatterte bilar som de som lag kan nytte ved anten firmabilkjøp eller leasing.

All registrering skjer via NLT. Våre medlemslag sender då inn liste til oss namn og e-post til dei som ynskjer å ta del i fordelsprogrammet. Er du tilsett så tar du bare kontakt med ditt lag og ber dei føre deg opp og sende inn lista.

Vi håpar dette er ein nyheit som alle i NLT ser på som eit personalgode. Eit fordelsprogram ein kan dra nytte av når ein er tilsett i eit NLT-lag.

Registreringa er i gang og skal skje via dette skjema på nettet.
http://www.landbrukstenester.no/registrering-agrolavtale/

De kan lese meir om alle fordelane på lenkjene under.
https://agrol.no/ , https://agrikjop.no/ , https://www.agricard.no/

Her er det berre å hive seg rundt 😊

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *