Avtale med LeasePlan Norge AS

Det er inngått ein samarbeidsavtale mellom NLT
og LeasePlan Norge AS.

LeasePlan
Vi har fått istand ein avtale med LeasePlan som innebærer finansiering og all drift av bilen dere leaser.
LeasePlan administrerar bilholdet, kort sagt vil det sei at de får ein rekning i månaden med eksakt samme beløp kvar mnd. Bilbrukar får eit servicekort og drivstoffkort, når desse vert brukt vert alt registrert hos LeasePlan. De kan sjølve gå inn på nettet med brukernamn og passord og sjekke status på bilen osv.

Bilar
Vedlagt finn de informasjon om nokre bilar, 3 personbilar og 3 varebilar. Alle prisar er inkludert drivstoff og andre driftskonstnader, men eks forsikring.

Utgangspunktet i prisane som ligg ved er årleg kjørelengde på 20.000 km. Dette er eksempel så om de vil ha anna kjørelengde eller andre biltypar så ordner LeasePlan dette ilag med dåke.

Dersom de går opp i kjørelengde vil og prisen pr. km gå ned. Går de ned i kjørelengde vil prisen pr. km auka litt.

Kjøp av bil
Ein anna mulighet de har er å kjøpe ein bruktbil og la LeasePlan ta seg av drifta, dvs. at de betalar bien, men LeasPlan tek seg av fakturaer som føl med bilholdet og de betalar ein pris for dette til LeasePlan kvar mnd. Dette kan vera eit godt alternativ for dei som kjører lite, men ynskjer bil til f.eks. landbruksvikar.

Forsikring
Vi har fått ein konsernbilavtale med Gjensidige på kaskoforsikring, den er på 7080,- i året, med full kasko og fri kilometer.

Dette vil sei at de kan leggje til kr 0,30,- på kilometerkostnadane, for å få eksakt pris på bilholdet pr km.

Dekor
Vi har fått pris på felles dekor på bilane hjå A1-grafisk. Prisen vert 2495,- pr. sett/bil. Leaseplan kan ta dette inn i budsjettet på bilen slik at faktura for kjøp av dekor vert betalt av Leaseplan.
Dekoren bør vera lik over heile landet, men med lokale namn o.l.

Dokument om bilane og prisar finn de her.

Dokument og informasjon vedrørande leasing av bil finn de her.

Trur vi har fått med det meste no, men har de spørsmål så ta kontakt med underteikna eller Marianne Gran hos LeasePlan, Tlf: 23 06 97 51 Mob: 406 16 311.

Lenke til meir informasjon om Leaseplan finn de her