Ei av bærebjelkane innan velferdsordningane i landbruket

Ei av bærebjelkane innan velferdsordningane i landbruket

Bakgrunn for avløysarordningane er at bonden skal kunne ta seg fri eller verta sjuk sjølv om han har ansvaret for husdyr. Då er det naudsynt at det er tilgang til kvalifisert arbeidskraft som kan steppe inn på kort varsel. Dette tilbodet som bonden gjennom landbrukstenestene har bygd opp gjennom 40 år, for å ha eit sikringsnett for arbeidskraft, bør ikkje vera avhengig av den generelle oppfatninga av bemanningsbransjen slik den er i dag. Ein må skilje mellom eit gardsbruk og større bedrifter. Det er kanskje på tide at landbrukstenestene får tilbake det unnataket dei hadde før år 2000, og løysa dei frå tilknytinga til bemanningsforskrifta.

Alle er klar over at husdyr treng tilsyn sjølv om bonden er sjuk, treng ferie eller er fråverande av andre årsaker. Difor må det eksistere eit apparat som står klar til å skaffe den arbeidskrafta som er nødvendig når den vert etterspurd.

Det er fleire faktorar som er med å bidreg til velfungerande avløysarordningar i landbruket.

  1. Fornuftig regelverk og forskrifter som legger til rette for straumlinjeforma ordningar.
  2. Støtte/økonomi som gjer at bonden har råd til å ta seg fri eller verta sjuk.
  3. Tilgang til arbeidskraft med dei rette kvalifikasjonane.

Punkt 1 og 2 er det politikarar og avtalepartane innan jordbruksforhandlingane som må ta ansvar for.

For å løysa den tredje problemstillinga har bøndene sjølv valt å stifta samvirkebedrifta landbrukstenester, for lettare å kunne rekruttere og behalde den kvalifiserte avløysaren.

Dei fleste bønder ønsker seg regelmessig fri, men den enkelte har som oftast ikkje nok arbeid til å knytte til seg tilsette på fast basis. Då er det enklare å bygge opp faste stillingar ved å dele på ein tilsett via landbrukstenesten. Skal ein utdanne og behalde kvalifisert arbeidskraft må ein kunne tilby faste stillingar til arbeidstakaren.

Det er i dag 78 landbrukstenester på landsbasis, eigd og styrt av bonden. Til saman så dekker dette etterspørselen etter avløysar eller landbruksvikar i nært alle kommunar i landet. Landbrukstenestene er bygd opp til å ha kompetanse på arbeidsgjevaransvar, rekruttering, utdanning og personalpolitikk, slik at den enkelte bonde ikkje treng å bekymre seg for dette i ein travel kvardag.

Den tilsette ønsker å vera tilsett i ei større fast stilling gjennom landbrukstenesten for så å bli leigd ut til den enkelte bonde, i staden for å vera tilsett i små stillingar hos fleire arbeidsgjevarar. Ved å ha ein arbeidsgjevar er ein sikra rettar som OTP, gode personalordningar og tariffavtalar. I heile landet er det ca. 5.000 årsverk som vert administrert av landbrukstenestene.

Ei viktig oppgåve for landbrukstenestene er å stille beredskap når bonden vert sjuk eller det oppstår andre kriser. Via jordbruksoppgjeret er det løyvd midlar til ei Landbruksvikarordning gjennom landbrukstenestene som skal sikre alle bønder i landet, uavhengig av medlemskap eller ikkje, hjelp ved akutt sjukdom og kriser. Gjennom ordninga er det løyvd midlar til 240 årsverk, som normalt sett dekker ein tredjedel av etterspørselen. Slik bruksstrukturen er i landet er ein avhengig av fleire tilsette enn det er løyvd årsverk til, for å oppnå tilstrekkeleg beredskap. Ei forutsetning for å få dette til er at etterspørselen etter anna type avløysing er høg.

Fram til år 2000 hadde landbrukstenestene eit eige unntak i sysselsettingslova for å drive med utleige av arbeidskraft. Etter den tid har landbrukstenestene vore rekna som eit ordinært bemanningsbyrå. Ulikt andre bedrifter innafor denne bransjen så driv landbrukstenestene med utleige av arbeidskraft til sin eigen eigar, og er ikkje drivne av krav om profitt.

Oppslag i media dei siste åra har diverre ført til at bemanningsbransjen generelt sett har fått eit negativt stempel. Det er stadig eksempel på politiske utspel med ønske om å nekte utleige frå bemanningsbyrå. Vi kjenner oss ikkje att i denne framstillinga, og er usikker på om ein tenker på kva dette har å seia for landbrukstenestene si framtid. Skulle eit forslag om å forby bemanningsbyrå gå gjennom, vil det og føra til at landbrukstenestene slik dei er definert i dag ikkje kan fortsetja. Uavhengig av dette så meiner vi det bør diskuterast om det er rett at landbrukstenestene med si driftsform skal ligge under same regelverk som tradisjonelle bemanningsbyrå.

Partane i arbeidslivet ser at det er ein fordel at avløysarordninga er organisert i landbrukstenestene. Bonden får tilgang til kvalifisert arbeidskraft sjølv om eige behov for arbeidskraft er lite, og avløysaren vert tilsett i faste stillingar og får ein profesjonell arbeidsgjevar å halde seg til. Arbeidstilsynet får ein stad å kontrollere, og HMS vert ivaretatt på ein god måte.

Gjennom ei satsing på 2+2 ordning vert det gjort arbeid for å få fleire til å ta fagbrev innan gartneri- og agronomifaget. Landbrukstenestene er ein pådrivar for å få dette tilbodet på permanent basis, og ein er i fleire fylke avhengig av landbrukstenestene for å få tilbodet til å fungere etter intensjonen. Vi ser at det er eit stadig større behov for arbeidskraft til sesongarbeid i grøntnæringa, og landbrukstenestene har som målsetting å hjelpe dei produsentane som etterspør dette.

Uavhengig av kvar i landet gardsdrifta er, så er moglegheit for avløysing ved ferie og fritid, sjukdom og kriser ei føresetnad. Av den grunn vart avløysarordninga etablert i 1976 og avløysarlag skipa på 80 talet. Gode avløysarordningar er viktig for å oppretthalde eit landbruk over heile landet. Diverre er ordningane blitt svekka både gjennom dårlegare regelverk og økonomi dei siste tiåra.