Forsøk på svindel

Det er alltid nokon som vil freista å hala pengar utav bedrifter. Det siste no er noko som har overkrifta «Offentliggjøring av foretak 2014/2015» – I foretaksportalen Norge. Det er som vanleg eit utanlandsk selskap som står bak og som vanleg kostar det 982 Euro i året for å ha annonse på deira side.Offentliggjoring av foretakVi vil med dette gje alle varskuing om dette «tilbodet» samt friska opp at ein ikkje skal svara på slike brev og henvendelsar. Dersom det er noko de er usikre på om er svindel eller ei, så kan det ta ein sjekk på sidene til Trygg Handel, lenke til deira svarteliste finn de her: Trygg Handel svarteliste