Godt Nyttår

Administrasjonen i NLT vil ynskja alle eit riktig godt nytt år. Håpar de har hatt ei fin jul- og nyttårshelg og er klare for det nye året som bare er nokre dagar gamalt.

Trude Soma Augestad

Trude Soma Augestad

Vi vil samtidig ynskje Trude Soma Augestad velkomen til oss i administrasjonen. Trude er frå 1.1.2016 ansatt i ei 80% stilling i NLT.

Ho vil ha hovudansvar for vidareutvikling av Webtemp-prosjektet samt administrasjonshandboka. Trude vil òg jobbe med sal og marknadsføring samt pleie kontakten ut mot alle medlemslaga, så de vil nok høyre frå henne i løpet av vinteren.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *