Haustsamling 2019

I år arrangerte Norske Landbrukstenester haustsamling på Quality Airport Hotel Gardermoen. I overkant av 200 deltakarar var samla 22. – 24. oktober.

I forkant av haustsamlinga arrangerte vi som vanleg kursdag. Her var det heile 122 påmeldte som fordelte seg ut på fem ulike kurs. Kursa starta etter lunsj tysdag 22. oktober, og varte fram til lunsj 23. oktober. Nytt av året var kurset «diskusjonsfora». Her fekk deltakarane på førehand moglegheit til å sende inn tema dei ynskte å diskutera med kollegaer i andre lag. Tilbakemeldingane i etterkant av kurset var positive.

Janne og Bodil stilte som skodespelarar under årets haustsamling.

Onsdag etter lunsj opna Roger Finnjord  Haustsamlinga med eit fengjande føredrag om «å bli sett». Innlegget fekk i gang både lattermusklane og tårekanalane. Morosamt, rørande og mange gode poeng til ettertanke der eit av dei viktigaste var tilhøyrsle og då sjølvsagt «å bli sett». Ingen tvil om at dette var ein god inngang til resten av samlinga.

Resten av den første dagen av samlinga var i plenum. Vi fekk høyre korleis  Landbrukstenester Folgefonna og Landbrukstjenester Østfold (årets lag i 2018 og 2017) driv den daglege drifta.
Det var i år ein ny programpost denne dagen: debatt. Dette var ein interaktiv debatt der deltakarane svarte på spørsmål via mobiltelefonen, og svara kom opp i ei ordsky. Ut frå dette drog debattleiar Ola Jordhøy ut nokre punkt som ein debatterte vidare. I innleiinga til debatten fekk vi eit lite skodespel av to sporty styremedlemar i Norske Landbrukstenester.

Dag  to av samlinga var litt meir oppdelt i ulike grupper i tillegg til plenum. Her var det fylkesvise samlingar, styreleiarsamling, tillitsvaldes/tilsettes time, for å nemne noko.

Prisutdeling

Gunn Svenning – Pris for 25 år i medlemsbedrift.

Kvart år kåra vi Årets Avløysar i fylka. I år var det ny rekord i høve kåringa og heile 14 dyktige avløysarar vart heidra med denne tittelen. Alle var invitert til Haustsamlinga, og under festmiddagen  vart avløysarane heidra med god omtale, diplom, NLT-klokke og blomar. I heile landet er det avløysarar som gjer ein solid og god jobb for bonden, og NLT er glad for at vi kan gjera litt stas på nokre av desse. Her kan du lese meir om prisvinnarane.

Sidan 2014 har NLT heidra tilsette i administrasjonen i medlemslaga for lang og tru teneste. Denne prisen vert ein tildelt når ein har passert 25 år i teneste for eit medlemslag. I år var det ein tilsett som var kvalifisert for denne prisen, og det var Gunn Åshild Svenning frå Innherred Landbrukstjenester. Prisen vart utdelt på haustsamlinga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *