Haustsamlinga er avlyst

Sidan vår organisasjon har ei samfunnskritisk oppgåve i forhold til dyrevelferd og matproduksjon ser vi oss diverre nøydde til å avlyse årets Haustsamling grunna Covid-19. For å kunne halde på beredskapen for bønder i heile landet kan vi ikkje utsetje våre tilsette og tillitsvalte for smitte ved reising og større forsamlingar. Vi beklagar sjølvsagt dette, men meiner at det er det einaste rette å gjere i situasjonen vi er i for tida.

Vi ynskjer å arrangere ei digital haustsamling for våre medlemer. Denne vert naturleg nok ikkje så omfattande som ei vanleg Haustsamling, men vi trur det kan verte nyttig. Tidspunktet vert same som den opprinnelege Haustsamlinga. Meir informasjon om dette kjem seinare.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *