Helseforsikring (intern)

Helseforsikring til tilsette og bønder tilknytta NLT


Norske Landbrukstenester har inngått avtale med Vertikal om å tilby helseforsikring til tilsette og bønder som er tilknytta NLT. Med tilknyting meiner vi at ein enten er tilsett i eller medlem i eit avløysarlag/landbruksteneste som er medlem i Norske Landbrukstenester. 

Fordelar for deg:

  • Garantert spesialvurdering innan 10 dagar
  • Garantert behandling/operasjon innan 28 dagar
  • Komplett hjelp og oppfølgjing før, under og etter behandlingsløpet
  • Dekning av alle kostnader relatert til behandlingsløpet
  • «Second opinion» – tilbod om uavhengig vurdering av diagnose som allereie er stilt
  • Eget pasientombod som ivaretar dine pasientrettighetar
  • Fysioterapi/kiropraktorbehandling etter henvisning frå spesialist * 
  • Krev ingen helseattest for innmelding
  • Ingen skilnad på pris om du er mann eller kvinne
  • Ingen skilnad på pris på alder

* Dei som er kollektivt innmeldt (fast ansatte i laget) har i tillegg 5 timar med fysioterapi/kiropraktorbehandling utan henvisning frå spesialist.

Slik fungere Vertikal for deg:
Kontakt Vertikal når du har spørsmål eller har vert hos din lege og fått henvisning til videre spesialist/undersøkelse. Du undertegner fullmakt som gjev Vertikal rett til å innhente all relevant medisinsk informasjon, slik at du får rett behandling. Vertikal dekkjer kostnadane i samband med behandlingar og operasjonar på godkjende sjukehus i Norge, Norden eller i øvrige europeiske land.

Behandlingsstaden vert velt ut frå kor vi i samarbeid med deg finn den kvalitativt beste behandlinga.

Vi tilbyr helseforsikring for alle:
Vertikal krev ingen helseattest for deg.

Vertikal gjelder for alle som har trygderettighetar i Norge. Personar over 67 år kan fortsette medlemsskapen etter vurdering av helseopplsyningar.

Vertikal NLT Medlem
Vertikal NLT Medlem er ein frivillig ekslusiv avtale som vert tilbydd alle medlemer i NLT organisasjonen. Avtalen vert tilslutta og fakturert medlemet si heimeadresse. Ektefelle/sambuar og barn under 18 år kan også inkluderast i avtalen.

For tinging direkte klikk her

Vertikal NLT Ansatt
Vertikal NLT Ansatt gjev deg som er tilknytta ein kollektiv avtale i Vertikal moglegheit til å teikne ein eigen avtale for ektefelle/sambuar og barn under 18 år med same pris til standard vilkår.

For tinging direkte klikk her

9 små unntak
Forsikringa gjeld ikkje for føljande medisinske tilstandar:

  1. Sjukdom der det er igangsatt behandling eller kor det føreligg ein diagnose med eit avklart og dokumentert behandlingsbehov frå lege eller sjukehus på det tidspunkt forsikringa vert teikna, er ikkje dekka av forsikringa.
  2. Kosmetisk kirurgi, med mindre det er indisert på bakgrunn av skader/sjukdom den forsikra har pådrege seg i forsikringsperioden.
  3. Tannbehandling inkludert sjukdommar i tannkjøtet.
  4. Tilstander og utredningar knytta til barnløshet (infertilitet), graviditet og oppretting av arvelege missdannelsar.
  5. Sterilisering, eller operasjonar som har til hensikt å oppheva effekten av tidlegare utførte steriliseringar.
  6. Kjønnsskifteoperasjonar.
  7. Donasjonar eller transplantasjon av organ eller kroppsvev.
  8. Akuttmedisinske tilfeller.
  9. Operasjonar som er resultat av tidlegare utførde operasjonar (før forsikringa trådde i kraft).

Pasientløp med Vertikal