Informasjon

Informasjon


Norske Landbrukstenester (NLT) er ein medlemsorganisasjon for avløysarlaga/landbrukstenestene i Noreg. NLT er eigd og styrt av bøndene, gjennom styre og årsmøte.

NLT har som mål å arbeida for dei lokale medlemslaga sine interesser. For å betre bonden sitt driftsresultat, arbeidssituasjon og velferd, og å vere eit koordinerande ledd for styrking av samarbeid, kunnskap og felles målsetting.

NLT skal arbeida for

  • betre tryggleik og trivsel for den enkelte bonde og for arbeidstakar
  • større effektivitet og målretta opplæring
  • betre ressursutnytting, fagleg og økonomisk
  • produktutvikling og informasjon på mange områder

 

NLT tilbyr

Forsikring:

  • Yrkesskade
  • Ansvarsforsikring med oppheva varetektsklausul
  • Kriminalitetsforsikring
  • Formuetapsforsikring
  • Reiseforsikring for dagleg leiar, tilsette og styremedlemmer
  • Fritidsulykkeforsikring for avløysar, dagleg leiar og andre tilsette.
  • Firmabilforsikring
  • Helseforsikring

 

Datakommunikasjon:

  • Medlemslaga kan knytte seg opp mot ein landsdekkjande database ved hjelp av Lotus Notes.
  • NLT tilbyr og terminalserver for laga.

 

Kurs og kompetanseheving:

NLT arbeidar heile tida for at medlemslaga, både administrasjon og styret, skal ha den naudsynte kunnskap for å gjera ein best mogleg jobb for bøndene.

 

Informasjon:

  • NLT nyttar internett (www.landbrukstenester.no), epost og Lotus Notes databasar til å informera ut til medlemslaga.
  • Administrasjonen gjev vegleiing og hjelp ved oppsøkjande verksemd og telefonkontakt.
  • NLT utviklar felles materiell til bruk i medlemslaga. Timelister, informasjon m.m.
  • NLT har utvikla ein felles mal for internkontroll i medlemslaga.
  • NLT arrangerer kurs til medlemslaga etter ynskje og behov.

 

 

 

 

 

 

 

Samarbeid

NLT samarbeider med landbfuksforvaltninga og dei andre organisasjonane i landbruket for å få velferdsordningar til det beste for den norske bonden.

 

  • Bygdefolkets Studieforbund dekkjer kursbehovet i landbruket.
  • Landbrukshelsen, er førebyggjande helseteneste og arbeidar for at bonden og avløysaren har ein trygg og triveleg arbeidsplass, og god helse.
  • Norges Vel arbeidar med informasjon om, og etable­ring av samarbeidstiltak.
  • Statens Landbruksforvaltning er ansvarleg for forskrifter og utøving av regelverket for velferdsordningane.
  • Faglaga (Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Bondelag) er bøndene sine fagorganisasjonar, som med si deltaking i jordbruksforhandlingane er med å leggje retningslinene for velferdsordningane.

Arbeidet vert utført av ein administrasjon på 3 årsverk og eit styre på 5 personar.