Innspel til jordbruksforhandlingane 2007

Jordbruksforhandlingane nærmar seg. Her finn du NLT sitt innspel til forhandlingane, basert på haustsamlingane 2006.

Innspel til jordbruksforhandlingane 2007

Frå……………………………………………………………..

Sitat frå regjeringserklæringa:

“Velferdsordningene vil bli gitt spesiell prioritet gjennom forslag til bedre avløser- ordninger og sikring av ferie og fritidsmuligheter”


Etter tilbakemeldingar frå våre eigarar, bøndene i Noreg, vil vi fremje følgjande prioriterte forslag til endringar i velferdsordningane i landbruket.

  • Tidlegare utbetaling av tilskott ferie og fritid
    For å betre likviditeten ønskjer vi ei ekstra utbetaling av dokumenterte beløp 1. august i avløysaråret. Det kan då utbetalast inntil 50% av bevillinga til tilskott ferie/fritid. Søknad frå bonden vert som i dag 20. januar i samband med søknad om produksjonstilskott, med restutbetaling i juni som no.

    Eit alternativ kan vera å la næringa sjølv få ansvar for både dokumentasjon og utbetaling av tilskott.

  • Tilskott til ferie og fritid
    Frå 1999 og fram til 2007 har maksimalt tilskott for ferie og fritid auka 7,3%. Kostnaden for arbeidskraft har i same periode auka 26% ¹. Resultatet er mindre ferie og fritid for bonden som i neste omgang føre til større slitasje, meir sjukdom, mindre trivsel og produktivitet.

    Det maksimale tilskottet må aukast til kr. 62.000,- for å ta igjen utviklinga i kostnad for arbeidskraft.

  • Landbruksvikar – beredskapstilskott
    Det må sikrast at alle bønder uavhengig av bustadkommune har tilgang til beredskap under sjukdom. I dag er det berre dei bøndene som bur i kommunar med landbruksvikar som har eit sikringsnett som er finansiert over jordbruksavtalen. I resten av landet må bonden finansiera sitt eige sikringsnett.

    Der kommunen ikkje tilbyr landbruksvikar bør avløysarlag kunne vere mottakar av statstilskottet for landbruksvikar, mot at avløysarlaget stiller beredskap under sjukdom for bøndene i kommunen.

    Det må stillast formelle krav til avløysarlag som mottek tilskott. Alle bønder i avløysarlaget sitt geografiske område skal ha tilgang til landbruksvikar uavhengig av medlemskap i avløysarlaget eller ikkje.

  • Tilskott til sjukdom
    Den reelle kostnaden for å ha avløysar under sjukdom ligg langt høgare enn tilskottet som i dag er på kr. 1.030,- pr. dag. Dette fører til ei ekstra belastning på brukaren av ordninga. Etter ei lengre sjukdomsperiode kan ein bonde risikera økonomisk ruin for å halda garden i drift.

    Tilskottet pr. dag må aukast til kr. 1.350,- for å dekkje den reelle kostnaden.

    I dag er det berre ved bruk av landbruksvikar at bonden kan nytta eigenmelding i tre dagar. Dette er ei ordning som bør koma alle bøndene til gode og ikkje knytast opp til om kommunen har ei landbruksvikarordning eller ikkje.

    Sjå vedlegg for nærare kommentarar til dei ulike punkta.

 

 

 


 ¹ I følgje tariff frå Landbrukets Arbeidsgiverforening


Vedlegg:

Tidlegare utbetaling av tilskott ferie og fritid

Erfaring gjennom fleire år syner at det største problemet for bonden er tida utgiftene må forskotterast. Med den siste omlegginga er forskotteringstida opptil 18 månader. Ordninga med avløysartilskott for ferie/fritid er ikkje betre enn den vert opplevd av bonden, og når han ikkje har råd til å nytta ordninga er det ikkje godt nok. Dei siste åra er meir av avløysing ferie/fritid utførd i slutten av avløysaråret og ikkje når brukaren treng det. For å halda på den kvalifiserte arbeidskrafta er det naudsynt å ha ei jamn sysselsetting gjennom året. Dette er og med på å halda oppe beredskapen under sjukdom. Forskottsutbetaling er teke ut av ordninga på bakgrunn av problema som oppstår når bonden får utbetalt forskott men ikkje dokumenterer nok til å dekke forskottet. Ved å nytte ei dokumentert utbetaling er ein sikra at tilskottet som vert utbetalt er nytta. Unge bønder etterspør ferie og fritid på lik linje med andre for å gå inn i næringa og det bør vera eit mål å finna løysingar som bidreg til at gjennomsnittsalderen for bønder går ned. Reduserte likviditetskrav til bonden vil gje betre velferdsordningar.

Konkret forslag:

  • Bonden søkjer om tilskott ferie og fritid som no saman med søknad om produksjonstilskott 20. januar.
  • Det vert opna for ei delutbetaling av inntil 50% av tilskottet med dokumentasjonsfrist 1. august i avløysingsåret. Her er det ikkje snakk om eit forskott, men elektronisk dokumentasjon av faktiske avløysarutgifter frå 1. januar til 30. juli. Resten av tilskottet som er brukt blir utbetalt etter søknad 20. januar året etter som no.

Alternativt

  • Næringa sjølv tar seg av dokumentering og utbetaling av tilskott.
  • Midlane vert overførd til NLT/avløysarlaga 4 gonger i året og utbetalt etter dokumenterte utgifter til NLT/avløysarlaga.
  • NLT/avløysarlaga dokumenterer bruken av midlane til SLF etter nærare retningslinjer i januar etter avløysaråret.
  • Bonden søkjer om tilskott ferie og fritid som no saman med søknad om produksjonstilskott 20. januar.


Effekt:

  • Betre likviditet i ordninga
  • Betre tilgong på kvalifisert arbeidskraft
  • Betre beredskap under sjukdom og krisetilfelle
  • Løyse dei vanskar som unge bønder har i dag, på ein enkel måte
  • Forvaltning som i dag, ingen forskott som skal krevjast tilbake
  • Tilfredsstiller krava i Statens Økonomireglement

Tilskott til ferie og fritid

Tal på dagar/timer ferie og fritid ein bonde får for tilskottet er kraftig redusert då utviklinga på tilskott ikkje følgjer lønsutvikling. Dagens nivå på løn til avløysar er lav i forhold til andre næringar, men den kvalifiserte arbeidskrafta kostar bonden 178,70
¹ i timen inklusive sosiale utgifter, forsikringar og administrasjon. Ein bonde med maks tilskott på kr. 51.500,- vil då kunne få ferie- og fritidsavløysing i ca. 288 timar eller ca. 38,5 dagar. I 1999 kosta arbeidskrafta 137,70² i timen og den same bonden kunne, for tilskottet på kr. 48.000,-, få ferie- og fritidsavløysing i ca 348,5 timar eller ca. 46,5 dagar.

Konkret forslag:

Maksimalt tilskott for ferie og fritid må minst aukast til det same nivået som i 1999., dvs. kr. 62.000,-.

 

 


¹ Tariffløn pr. time kr. 130,75. Sosiale kostnader/forsikring med meir 36,7%

² Tariffløn pr. time kr. 103,05. Sosiale kostnader/forsikring med meir 33,6%

Effekt:

  • Fleire dagar ferie og fritid for den einskilde bonde
  • Betre tilgong til kvalifisert arbeidskraft
  • Mindre sjukdomsavløysing


Landbruksvikar – beredskapstilskott.

Dette forslaget vart teke opp i jordbruksforhandlingane i fjor. Resultatet vart å gå inn i nærara drøftingar med Kommunenes sentralforbund. Kva resultatet frå desse drøftingane vert er ikkje kjent. Vi reknar med at saka skal opp att i forhandlingane for 2007.

Konkret forslag:

  • I dei kommunar som ikkje har landbruksvikar skal avløysarlag kunne tilsetja og ha arbeidsgjevaransvaret for beredskapsavløysar. Tilskottet vil då gå til laget.
  • Kommunen bør minst bidra med eit tilskott tilsvarande tilskottet frå staten.
      *Avløysarlag som driv i fleire kommunar kan hente inn tilskottet på tvers av kommunane.
  • Regelverket for tilskott og dokumentasjon vert basert på gjeldande regelverk
  • Alle bønder som har rett på tilskott skal har lik rett til å få hjelp i krisesituasjonar, uavhengig av medlemskap i avløysarlag.

Effekt:

  • Alle bønder, uavhengig av tilbod om landbruksvikar i kommunen, vil få eit sikringsnett under sjukdom
  • Kommunen vil framleis yta midlar til ordninga


Tilskott til sjukdom

Kostnaden for å leige ein avløysar pr. dag er ca. 1.340,-¹. Tilskottet frå 01.01.07 er på kr. 1.030,-, dvs. ei underdekning på kr. 310,- pr. dag. Me ser ofte at langvarig sjukdom fører til store økonomiske vanskar for mange bønder. Sjukdom i 6 månader og behov for avløysing 7 dagar i veka vil gje ein eigenandel på ca. 55.000,-. I tillegg kjem forskottering av mva. på ca. 60.000,-. Dette er ein belastning i tillegg til sjukdommen og kan føra til at sjukeperioden vert lengre enn naudsynt.

Konkret forslag:

  • Tilskott under sjukdom vert auka til kr. 1.350,- pr. dag.

Effekt:

  • Betre likviditet i ordninga
  • Løyse vanskar for unge bønder

Bakgrunnen for desse punkta er innspel frå samlingar for tillitsvalde og tilsette i avløysarordninga.

Vonar på eit positivt resultat.

Helsing

—————————————————–


¹ Kostnad pr. time kr. 178,70 x 7,5 timar

Klikk her for å få dokumentet i pdf-format