Invitasjon til kurs og haustsamling 2014

Invitasjon til kurs og haustsamling 2014

Det er også i år to samlingar som vert haldne slik:

21., 22. og 23. oktober på Quality Airport Hotel Gardermoen. Påmeldingsfrist 2. oktober.
Sogn og Fjordane, Hordaland, Vest- og Aust-Agder, Telemark, Vestfold, Buskerud, Akershus, Hedmark, Oppland, Østfold og Finnmark
Ettermiddag 21. og føremiddag  22. oktober er kursdagar. 

11., 12. og 13. november på Rica Hell, Stjørdal. Påmeldingsfrist 23. oktober!
Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal og Rogaland!
Ettermiddag 11. og føremiddag 12. november er kursdagar.


Kurs:

I år kan de velja mellom 5 kurs. Salskurs modul 3 vert berre på samlinga i nord, medan heimesidekurs vert berre på samlinga i sør. Kursa kostar kr. 2.000,- pr. deltakar. Dette dekkjer kurskostnader, overnatting, lunsj og middag. Reisekostnaden blir dekka av NLT for dei som også deltek på haustsamlinga. Andre må dekka reisekostnaden sjølv. Kostnad for haustsamlinga kjem i tillegg.

Haustsamlingar:

NLT dekkjer alle kostnader; reise, opphald (fullpensjon), førelesarar og festmiddag. Tapt arbeidsinntekt og utgifter til vikar/avløysar vert ikkje dekka av NLT. I ettertid vil laga bli fakturert for ein eigendel på kr. 3.000,- pr. deltakar. De kan melda på deltakarar for berre ein dag; eigendel blir då kr. 2.000,-.

Vi tek atterhald om nok påmeldingar til kvart einskilt kurs og endringar i innhald i programma.
Det er likevel avgrensa plass, så ver rask.

Invitasjon og program Invitasjon og program

Påmelding – frammøte:

Det vert berre lagt ut elektronisk påmeldingsskjema på heimesidene våre. Klikk her for Påmelding nord Klikk her for Påmelding nord

Påmelding skjer samla på eit elektronisk skjema både for kurs og haustsamling. Pass på at e-postadressene er korrekt. Ta gjerne ein ekstra sjekk. Det er viktig at de fullfører påmeldingsskjema for at påmeldinga vert registrert.

Fyll ut påmeldinga så snart som råd. Det er viktig at dei lag som ikkje kan/vil møta, og registrerar seg. Det hjelper oss med å halda oversikt. Hugs: Ei påmelding pr. deltakar.

Det er ikkje noko grense for tal på deltakarar frå kvart lag.

Avmeldingsfristen er seinast 10 arbeidsdagar før samlinga. Dersom denne fristen ikkje vert halden, vil laget bli fakturert for NLT sine faktiske kostnader. Ved sjukdom etter denne fristen må sjukemelding sendast oss. Kontakt oss snarast ved andre uforutsette hendingar.

Dersom du ikkje kan møta på den samlinga du ”høyrer” til, er det råd å melda seg på den andre. Ta i så fall kontakt med NLT.

Evt. flybillettar vert tinga av NLT. Ver difor nøye med utfylling av påmeldinga. For dei som har meldt seg på kurs i forkant, vert dette tilpassa. I påmeldingsskjema sett du opp ca kor tid du vil ta fly. 

NB! Eiga tinging av flybillettar berre etter avtale med NLT.