Invitasjon til vårsamling 2011

Som de sikkert har notert dykk, skal det vere vårsamling (tidlegare kalla leiarsamling) 24. og 25. mai 2011 på Rica Hell, Stjørdal (Værnes). Detaljane i programmet er ikkje heilt klare enno men det vert to hektiske dagar. Vi tek sikte på å starta dag 1 med lunsj kl. 1200. Vi held fram dag 2 fram til ca. kl. 1500!


Sticos AS har laga kurs med følgjande hovedpostar:

Dag 1: Lønn, ferie og feriepenger. Underpostar er «Skatt/avgift» og «Rettslære»
Dag 2: Sykepenger og foreldrepenger. Underpost «Rettslære»

Kursdokumentasjon vert sendt ut på førehand til dei påmelde. Kursbevis vert sendt. Kurset tilfredsstiller autorisasjonskravet innan rettslære. OBS! Max. 30 deltakarar.

Landbrukets Arbeidsgiverforening kjem sterkt, også denne gongen. Dei stiller med to advokatar og informasjonssjef Petter Nilsen.

Dei vil ta for seg:

  • Gjennomgang ansvarsfordeling bonde (oppdragsgjevar) – avløysarlag – avløysar/Landbruksvikar. Samarbeid med Arbeidstilsynet.
  • Landbruket som arbeidsgjevar. Her vil det bli ei kort oppsummering av pilotprosjektet «Bonden som arbeidsgiver for utenlandsk arbeidskraft». Det er viktig å presisere samarbeidet avløysarlag/landbrukstenester og bonde. Her vil det også bli lagt vekt på praktiske løysingar vedk. skatt og skattekort, trygderettar.
  • Gjennomgang av overenskomstar for jordbruks- og gartnerinæringa (heng saman). AFP ordninga.
  • Styringsrett og oppseiing

Norsk Landbrukssamvirke har kurs med følgjande postar:

Dag 1: Presentasjonsteknikk og håndtering av media
Dette er eit kurs der målgruppa er tillitsvalde og tilsette i landbruket sine organisasjonar.

Dag 2: Otto Ulseth. 
Vi held fram med pressekurs og her har vi henta inn journalisten Otto Ulseth, best kjent som pressekontakt for Petter Northug jr. og som presseansvarleg for langrennsløparane under VM i Oslo i år. Han vil ta for seg gode tips om korleis vi skal markedsføra oss og få pressa interessert i oss.

Som sagt: Detaljane i programmet er ikkje heilt klare, men vi går ut med dette skrivet no slik at det kan bestilla flybillettar og andre billettar no medan prisane er på eit greitt nivå. Reise må de kosta sjølve.

Frammøte: Seinast kl. 1200 tysdag 24.mai på Rica Hell (det tek 10 min. å gå frå flyplassen til hotellet)

Me sluttar av seinast kl. 1500 onsdag 25. mai, så de må tilpassa flya etter det.

Når det gjeld påmelding til dei einskilde kursa og endeleg program, vert dette lagt ut på heimesidene våre straks etter påske.

Gjer merksam på at de vert fakturerte for ein eigendel på kr. 1750,00 pr. deltakar. Dette inkluderer overnatting med fullpensjon og alle kurskostnader.

Vel møtt!!

Med vennleg helsing
For styret og adm. i NLT
Evald Storaas