Avløysar i Eidsdal og Norddal avløysarring

Nettside Storfjord Landbrukstenester

Vi søkjer etter avløysar i full stilling i avløysarring, med arbeidsområde hjå 8 medlemer i bygdene Eidsdal og Norddal i Norddal kommune på Indre Sunnmøre, og med oppstart so snart som mogleg.

Dei 8 medlemane i avløysarringen er alle mjølkeprodusenter: 3 med geiter og 5 med kyr. Noko sauehald i tillegg.

Arbeidet omfattar hovudsakeleg å avløyse medlemane i mjølking og anna fjøsstell, samt anna forefallande gardsarbeid gjennom året og dei onnene som høyrer med. Litt skogsarbeid kan òg vere aktuellt innimellom.

Kvalifikasjonar: God røynsle med mjølking og husdyrproduksjon. Søkjarar må vere traktor – og maskinvant, og gjerne ha god røynsle med bruk av motorsag. Vi krev at ein har førarkort for bil og traktor, og disponerer eigen bil. Det er ynskjeleg med gode norsk-kunnskapar. Vi vil hjelpe til med å skaffe høveleg bustad i området.

Om du kan tenkje deg ein arbeidsplass midt i eit verdsarv-område, med storslått natur i eit fjell – og fjord – og kulturlandskap, og med ein variert arbeidsdag med nærkontakt med husdyr og jord og traktor og landbruksmaskiner, so nøl ikkje med å ta kontakt!

Nærare opplysningar ved:

Dagleg leiar Morten Feiring, tlf 909 76 354, e-post: morten.feiring@n-lt.no

Søknad sendast snarast.

Storfjord Landbrukstenester, PB 132, 6211 VALLDAL – eller e-post: morten.feiring@n-lt.no

For å søke på denne stillingen må du sende en e-post med CV og søknadsbrev til morten.feiring@n-lt.no


Du kan søke på denne jobben, og andre, ved å bruke din online CV. Klikk på linken nedenfor for å sende din online CV og send din søknad til denne arbeidsgiveren.