Jobbmessa i Rostock

NLT og avløysarlaga var inviterte til ei skandinavisk jobbmesse i Rostock i
Tyskland gjennom NAV-Eures. Vi var 4 personar som reiste til denne messa.Rostock er ein by som ligg oppe ved Østersjøen i det tidlegare Aust-Tyskland. Her er stor arbeidsløyse; i nokre regionar heilt oppe i 20%.


På førehand var vi informert om at her var mange som tidlegare hadde jobba
i landbruket på dei store «statsgardane».
Totalt var ca. 700 personar innom messa, og vi fekk kontakt med ganske
mange. I første omgang vart det ikkje så mange direkte søkjarar der og då,
men vi fekk mange gode kontaktar, ikkje minst i ZAV, det tyske NAV.
På dagleg leiarsamlingane i år vart NLT oppmoda om å laga ein
rekkrutteringsbase. Dette er ein begynnelse, og søkjarane vil bli lagde ut
på heimesida vår så snart vi har kvalitetssikra dei.

Her er fleir bilete frå turen.