Jobbmesse i Tallin

I sommar vart NLT og avløysarlaga/landbrukstenestene inviterte av NAV Eures til å vere med jobb-messe i Tallinn, hovudstaden i Estland. Styret i NLT har tidlegare gjeve uttrykk for at det kan vera interressant å bruka Eures til rekrutteringa av utanlandsk arbeidskraft. Det samme har nokre av laga våre også bestemt seg for å prøva.


Jobbmessa var frå 20. – 22. september, og frå NLT reiste Evald. Dessutan var representantar for tre av laga med, eitt frå kvar av dei regionane som haustsamlingane dekkjer.


Det var lokalt stor interresse, men mest interressant vart dei kontaktane vi fekk med Eures-representane frå fleire av dei europeiske landa som også var til stades.


På haustsamlingane vil Eures under temasamlingane dag 2 (tema nr. 3) orientere om utanlandsk arbeidskraft. Spørsmål om våre erfaringar frå jobb-messa vil også bli lagt fram på samlingane.

Her er nokre bilder frå turen