Jordbruksoppgjeret – velferdsordningar

Ein forenkla jordbruksavtale vart lagt fram 30. april etter forhandlingar mellom partane.

Innafor velferdsordningane er det følgjande endringar i avtala;

  • Tilskott til avløysing ved ferie og fritid vert auka med 2,8 %, og maksimalt tak på tilskott aukar til kr. 85.800,-
  • For foreldre med barn som er kronisk syke eller nedsatt funksjonsevne aukar tal på dager ein kan få avløysing. Tal på dagar per forelder aukar frå 20 til 30, og frå 40 til 60 for einslege forelder.
  • Satsane for tilskott til tidlegpensjon aukar med kr. 5.200,- for einbrukarpensjon og kr. 8.320,- for tobrukarpensjon.

Vi registrere diverre at det heller ikkje i år vert noko auke i dagsats ved tilskott til avløysing ved sjukdom. Dette medføre at eigendelen til brukar ved sjukdom stadig vert høgare, og bidreg heller ikkje til betre økonomi i Landbruksvikarordninga.

Sluttprotokoll finn du her.