Ledig stilling som dagleg leiar i Vang Avløysarlag SA

Vang Avløysarlag SA søker etter dagleg leiar i 50% stilling.

Vang Avløysarlag SA er eig av medlemma. Kontoret ligg i Synshagen Næringspark AS.

Styret vil ved ansettinga legge vekt på gode personlege eigenskaper, og gode samarbeidsevner.

Stillinga inneheld blant anna:

  • Lønnskøyring
  • Regnskapsføring
  • Administrere landbruksvikar
  • Hjelpe medlemma med å finne arbeidshjelp (avløysarar)
  • Informere medlemma om nyhende i ordninga
  • Hjelpe medlemma med ulike skjema og søknader, samt dokumentasjon.

Det er ein variert og fleksibel jobb.

Snarleg tiltreding med lønn etter avtale.

Nærmare opplysninger om stillinga rettast til styreleiar Ola Norvald Hagen tlf.92207321

Skriftleg søknad sendas Vang Avløysarlag SA, Synshagen Næringspark AS, Tyinvegen 4850 2975 Vang i Valdres eller e-post: ola.n.hagen@hotmail.com, innan 3. august.