Manglar og landbruksjournalistikk

Reidar Almås er professor ved Norsk senter for bygdeforskning/NTNU

«Den dagen det er like lite seriøs samfunnsvitskapleg landbruksforsking som seriøs landbruksjournalistikk, blir det synd i både bøndene og landet.»

Den observante lesar vil ha merka at vi den siste månaden har hatt ein debatt i kongeriket om kor stor del av arbeidet i landbruket som blir utført av utanlandsk sesongarbeidskraft.



18. mai slo tidsskriftet Økonomisk Rapport fast med brei penn at «Den norske bonden er i ferd med å bli polsk. Nærmere en tredel av gårdsarbeidet er nå overtatt av polakker og baltere, samtidig fortsetter subsidiene å rulle inn. Den norske bonden får mindre møkk under neglene.»


Kjersti Dørumsgaard Moxness er ein flink journalist som saman med Elisabeth Lund har laga ein god reportasjeserie i Økonomisk Rapport om utanlandsk arbeidskraft i norsk landbruk. Men i ein av artiklane gjer dei ein logisk reknefeil, ved å gå utifrå at dei utanlandske sesongarbeidarane som kjem hit arbeider eit heilt årsverk, når dei aller fleste arbeider tre månader eller mindre. I staden for å rette opp feilen, går hennar sjef, redaktøren, vidare og gjer ein ny feil som er grovare. På leiarplass forsvarer redaktør Terje Aurdal seg og sin journalist med å henge ut forskarane frå Bygdeforskning og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) som i første omgang ikkje ville koma med tal, men som i neste omgang kom med omtrentlege tal lell når Økonomisk Rapport laga eigne tal. «Politiske forskere», slår redaktøren fast. Han tar så feil!

Les alt her