Medlemskriterium

Medlemskriterium for Norske Landbrukstenester

For å vera medlem i Norske Landbrukstenester må laget til ei kvar tid følgje desse kriteria:

  • Laget skal betala den kontingenten som vert fastsett av årsmøtet i NLT.
  • Laget skal tilby kjernetenester ved å
    • sikre beredskap i sitt geografiske område i eigen regi, eller i samarbeid med andre.
    • driva aktiv formidling, rekruttering og utdanning av arbeidskraft.
    • bruka felles logo og gjeldande grafiske profil.
  • Laget skal ha rekneskap som er revidert av registrert/statsautorisert revisor.
  • Laget skal ha aktivt medlemskap i ein arbeidsgjevarorganisasjon.
  • Laget skal kjøpa yrkesskade- og ansvarsforsikring via NLT si forsikringspakke.
  • Laget skal ha eit oppdatert og godkjent internkontrollsystem til ei kvar tid.
  • Laget skal rapportera til NLT etter nærare retningsliner og tidsfristar.

Medlemskriterium for Norske Landbrukstenester er vedteke på årsmøtet, Gardermoen 03.04.2019