Norske Landbrukstenester og pensjon til avløysar

I samband med reportasje i Nationen 13. oktober i år, angåande Norske Landbrukstenester sitt syn på forslag til nytt OTP-regelverk, føler vi for å kome med nokre presiseringar.

Som ein interesseorganisasjon for bøndene innanfor avløysarordningane i landbruket er Norske Landbrukstenester (NLT) spurt om vi kan uttale oss om kva kostnader forslaget til nytt OTP-regelverk vil ha å seia for organisasjonen.

Med bakgrunn i dette tok Nationen kontakt for å få ein uttale på saka. Vi har ikkje tatt stilling til andre spørsmål enn at dette vil medføre auka kostnadar for bonden ved avløysing. Dette kjem og tydeleg fram i sjølve saka.

Vi er derfor overraska over den vinklinga som Nationen ønskjer å gje denne saka. Både i tittel og til dels i ingress til saka vert det fokusert på påstandar som vi ikkje har uttala oss om.

Ut i frå korleis saka er presentert i avis og på nett sit ein igjen med eit inntrykk av at vi arbeidar mot at avløysaren skal ha ei pensjonsordning. NLT er et samvirkeforetak som er eigd og styrt av bonden. Vår oppgåve er å administrere ei avløysarordning slik at den einskilde bonde skal kunne ta seg fri, eller kunne verta sjuk, og likevel vera trygg på at det er nokon som kan gjera gardsarbeidet for han.

For å få dette til så er vi avhengig av godt kvalifisert arbeidskraft. På bakgrunn av dette så har vi fokus på at våre tilsette skal ha gode personalordningar, blant anna ved å tilby gode forsikringsordningar, personalavtaler med meir. Vi skal vera ein seriøs og attraktiv arbeidsgjevar. Avløysarane har same rettar til pensjon som alle andre arbeidstakere har i dag, og mange har og pensjonsordningar som går ut over minstekravet i OTP. Vi synes det er viktig å heve status til avløysaryrket og arbeider i samband med dette med anna å få på plass ei ordning med fagbrev.

Vi ser at det er naudsynt å ha fokus på fleire saker samtidig for å få høg kvalitet på avløysarordningane i landbruket.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *