Ny landbruksvikarordning frå 1. januar 2008.

Her finn du informasjon om ny landbruksvikarordning. Forskrift skal ut på høyring og skal vedtakast av stortinget i midten av oktober. Vi har diverre enda ikkje sett utkast til ny forskrift, men skal kome tilbake med meir informasjon når denne kjem ut på høyring. Vi kjem til å bruke haustsamlingane i år til å gå grundig gjennom forslag til ny landbruksvikarordning.


Dei fleste har nok høyrt at det skal koma ei ny landbruksvikarordning, men dei fleste veit nok ikkje så mykje om kva som skal skje. NLT har så langt delteke på to møter i LMD, – både før og etter jordbruksforhandlingane, – og såleis har kunna kome med våre synspunkt på eit tidleg tidspunkt.


Forslag til forskriftene for den nye ordninga er utarbeidd, men NLT har enno ikkje sett dei, – skal godkjennast i LMD 15/10 07.


Grunnen til at NLT ikkje har informert tidlegare er at me har arbeidd med å få svar på fleire viktige spørsmål. Svar på alle spørsmål veit me ikkje før forskriftene er godkjend, likevel ynskjer me å informera om det vi veit så langt. Skulle det koma endringar får me ta dei etter kvart.


Utdrag frå sluttprotokollen i jordbruksforhandlingane, – endelege vedtak.



«Partene er enige om å etablere en landsdekkende ordning basert på omlag 240 årsverk landbruksvikarvirksomhet. Ansvaret for ordningen overføres fra kommunen-ene til avløserlagene. 2008 blir en overgangsperode hvor kommuner med et etablert landbruksvikartilbud fortsatt kan motta det særskilte tilskuddet knyttet til ordningen.»


«Landbruksvikarordningen skal omfatte foretak som er berettiget tilskudd til avløsning ved sykdom, dvs at fortaket må ha en næringsinntekt på minst ½ g. Det vil ikkje være krav om at jordbruksforetaket må være medlem i et avløserlag for å kunne motta bistand fra landbruksvikar.»


«Partene har som grunnlag for finansieringen av den nye ordningen beregnet er estimat for lønns og administrasjonskostnader, som også skal dekke avløserlagets kostnader til rekruttering, opplæring mv. Maksimal dagsats for refusjon ved avløsning ved sykdom er 1030,- kroner, i tillegg kommer mulighet for å nytte refusjon over tilskudd til avløsning ved ferie og fritid».


«Ut over bidraget fra kommunesektoren på 27 mill. kroner, er utvidelsen av ordningen beregnet til å kreve en ramme på omlag 39 mill. kroner over jordbruksavtalen i 2008, som er et overgangsår. I 2008 må en også dekke kostnadene ved landbruksvikarordningen for 2007 pga. etteskuddsvis betaling Det legges til grunn at det etableres en forskuddsvis utbetaling etter nærmere bestemmelser for den nye landbruksvikarordningen ved avløserlagene i 2008.»


Kort resyme – frå NLT.



  • Avløysarlaget kan tilsetje landbruksvikarar frå 1/1 2008.
  • Det er finansiert kostnader for 240 årsverk, – kr. 480.100,- pr. årsverk. Eitt årsverk er 220 avløyste dagar. Av dette er det rekna at avløysarlaget skal ha kr. 40.000,- – (eller 20%) til rekruttering, opplæring, vaktordning, risiko for tap, administrative oppgåver m.m.
  • Det skal vera ei lik ordning for heile landet, der i utgangspunktet alle foretak som har rett på tilskot under sjukdom skal ha tilgang til ordninga. Bør dekkje alle kommunar.
  • Dagsatsen bonden skal betale ved sjukdom er kr. 1030,- pr. dag, eller kr. 515, – for halv dag.
  • Samla kostnad:
























 kr. 480.100,- x 240 årsverk =  kr. 115.224.000,-
 Finansiering:
 Kommunenes Sentralforbund  kr.   27.000.000,-
 Jordbruksforhandlingane  kr.   39.000.000,-
 Brukarane (bøndene)  kr.   54.000.000,-
 Differanse                                 +  kr.     4.776.000,-
   


(Differansen er berekna tilskot til kommunane 2007 – 2008.)



  • Det er rekna 150 tilskotsberettiga bønder bak ein full stilling.
  • Laga bør finne ut kor mange heile stillingar, eller deler av stillingar dei kan frå ut frå tilskotsberettiga bønder i laget sitt dekningsområde, – grunnlag hovudliste AVLE 900 (husdyr), datert 7/6 2007 + AVLC 446 (plante). AVLC 446 blir sendt frå SLF nokså snart. Etterpå må laget vurdere behovet for landbruksvikarar i sitt område.
  • Laget skal søkje om godkjenning av stillingane på førehand. Bekrefta godkjenning frå SLF er grunnlag for utbetaling av tilskot til laget.
  • Tilskotet til laga skal utbetalast så tidleg som mogeleg. Tilskotet utgjer kr. 253.500,- pr. heile stilling som landbruksvikar.
  • Kvart lag står fritt med å tilsetje landbruksvikar eller ikkje. Dersom eit lag ikkje vil tilsetje landbruksvikar, eller har for få tilskotsberettiga bønder, bør dei samarbeida eller overlata området til nabolag for at alle bønder skal få tilgang på tenesta.
  • Lag som har tilsett landbruksvikar må dokumentera aktiviteten når året er ute. Korleis dette skal gjerast kjem vi attende til seinare.
  • Ein landbruksvikar kan vera ein fast tilsett person i 100% stilling, eller på deltid. Når laga dekkjer store geografiske område er det viktig at vikarane har ei fornuftig geografisk spreiing.

Ei stor oppgåve/utfordring for avløysarlaga.


NLT har i fleire år informert forhandlingspartane om at den kommunale landbruksvikarordninga ikkje lengre var god nok for bøndene. Vårt forslag var at i kommunar landbruksvikarordninga vart nedlagt kunne avløysarlaga få same tilskotet for å tilsetje landbruksvikar. Dette fekk me ikkje gjennomslag for.


No er det vedteke at heile ansvaret for ordninga skal overførast til avløysarlaga. Samstundes er det finansiert 240 heile stillingar, – det betyr ca 100 fleire stillingar enn i dag.


Det er og vedteke at dagsatsen bonden skal betale skal vera den same som max tilskot under sjukdom. Dette betyr at bonden får ei rimeleg og langt betre beredskapsordning, til lik pris for alle. (Prisen for noverande landbruksvikarordning varierer frå kr. 700,- til kr. 1500,- pr. dag.) Og at ordninga skal utvidast frå 164 kommunar til alle kommunar.


Dei vedtak som er gjort vil utan tvil vera positive for bøndene. Forhandlingspartane meiner at avløysarlaga er dei beste til å løysa oppgåve. Her har laga, – og NLT, – fått ein stor tillit, men ingen må tru at dette er ein «blanco-tillit», me må vera klar over at «varene» også skal leverast.


Vedtaket fører til at landbruksvikarordninga går frå offentleg til ei privat ordning. Offentlege organ har alt sagt frå at dei ikkje vil leggja seg bort i korleis den nye landbruksvikarordninga blir administrert, det vil vera avløysarlaga/NLT sitt ansvar. Men dei vil kontrollere at forhandlingspartane sine mål blir innfridd.


NLT er takkame for at me har fått delteke i utforminga av den nye ordninga, og etter spørsmål frå LMD har me utarbeidd forslag til:



  • Kostnader pr. stilling landbruksvikar, – etter informasjon frå kommunar og avløysarlag.
  • Kome med forslag til samla behov, – 240 stillingar.
  • Utarbeidd forslag til nye forskrifter
  • Utarbeidd stillingsinstruks for landbruksvikar
  • Utarbeidd formular til avtale om beredskap.

Målet vårt er at bonden skal få ei ordning som er best mogeleg, men som samstundes stiller klare krav både til bøndene og avløysarlaga for å få langsiktighet og jamn sysselsetjing. Ordninga skal vere fullt finansiert, forskriftene må vera klare og bidra til ein grei administrasjon for avløysarlaga. Me har ein positiv følelse for at alle ynskjer å finna gode løysingar, men når alt er på plass er det vår plikt, – ut frå ei samla vurdering, – å koma med ei tilråding eller fråråding til våre medlemslag.


Same kor gode ordningar NLT kan bidra til er det til slutt det einskilde lag si haldning som vil vera avgjerande. Her har laga fått ei stor utfordring, som med gode løysingar utan tvil vil vera utviklande for laga. Skal me då starta med å sei at dette greier me ikkje, – som nokre alt har sagt, – eller skal me vera positive, takka for utfordringa, vera løysningsorientert og samarbeida for å gjera ein best mogeleg jobb?


NLT kan ikkje koma inn på alle problemstillingar i denne informasjonen, det er framleis mange uløyste spørsmål. På programmet til haustsamlingane er det sett av god tid til denne viktige saka, blant anna med informasjon og gruppearbeid. Der vonar me å presentere eit ferdig opplegg for den nye landbruksvikarordninga, vonar og me skal ha svar på dei fleste spørsmål.


Kan de hjelpa oss med å finna svar på desse spørsmåla?


(Bør vera klar til haustsamlingane.)



  • Målet må vera å ha tilgang til personar som har tilstrekkeleg kunnskap, erfaring, stabilitet og tillit til å gjera ein best mogeleg jobb. Og at desse har ei geografisk spreiing som gjer at flest mogeleg av bøndene skal ha tilgang til denne «eliteberedskapen». Korleis organiserer vi oss for å finna dei beste løysingane?
  • Korleis kan ein best skapa trivsel og stabilitet, – auka sosial status, – som kan gjera det lettare å rekruttera slik arbeidskraft?
  • Korleis skal desse personane få «påfyll» av opplæring og «sosial» oppfølging?
  • Korleis vil dei andre avløysarane i laga reagere dersom landbruksvikarane får betre lønnsvilkår, og eventuelt andre fordeler?
  • Dersom laga «overtek», – eller må overta, – dei «gamle» landbruksvikarane, vil det einskilde lag vera villige å ta den økonomiske belastninga som ei ny og betre pensjonsordning, – for alle, – kan medføre?
  • Det einskilde lag skal søkje om tilskot, og administrere landbruksvikarane. Dei vil og få utbetalt tilskotet. Bør det einskilde lag også ha arbeidsgjevaransvaret, eller vil det vera enklare å fylja opp punkta ovanfor med ei samla plassering av arbeidsgjevaransvaret?

Når NLT har kome med innspel i denne saka er det ut frå ei heilheitleg vurdering. Vi veit at behovet for landbruksvikar varierer nokså mykje frå lag til lag, og ut frå bruksstørrelse og geografi. Difor kan dei vedtak som er gjort truleg slå negativt ut for nokre få lag, men samla sett vil det bli ei langt betre ordning for bøndene.


Her er enno ein del utfordringar, men dei må me kunna løysa i saman. – Lukke til!


Helsing NLT