Nyheitsbrev 1 – 2020

Foto: Janne Østgaard Aagesen

Nyheitsbrev juni 2020

Denne utgåva av nyheitsskrivet inneheld aktuelle saker og informasjon som er relevant for organisasjonen vår. Vi er alle sams om at det er fint å få tilbake ein litt meir normal kvardag. Ein kvardag der vi kan gå på kontoret og sjå kvarandre. Tida vi står i er prega av smittevernstiltak både arbeidsmessig og privat. Vi held oss til kvar ei tid til retningsliner gitt av myndigheita. Både arbeidsmengd og arbeidsmåte har endra seg og arrangement er blitt avlyste. Mange har hatt heimekontor og vi har måtta endra måtar å arbeide på. Mange møter er haldne via Teams, som organisasjonen sitt årsmøte.

Vi ser eit stort engasjement rundt om og vi får gode tilbakemeldingar på arbeidet som vert gjort i organisasjonen. Det er viktig at vi tek godt vare på omdøme vi no bygger!

I jordbruket har det vore stort fokus på arbeidskraft. Det vart difor laga til ein portal på heimesida vår, der det er mange arbeidssøkande som har registrert seg.

I sosiale media har vi gåande ein nominasjon av Årets avløysar, og vi er nøgd med at vi når ut til så mange. Dette ser ut til å bli ein suksess. Del gjerne saka frå Facebooksida vår! God lesing!

Jordbruksoppgjeret

Ei forenkla jordbruksavtale vart lagt fram 30. april etter forhandlingar mellom partane.
Innafor velferdsordningane er det følgjande endringar i avtala;

  • Tilskott til avløysing ved ferie og fritid vert auka med 2,8 %, og maksimalt tak på tilskott aukar til kr. 85.800,-.
  • For foreldre med barn som er kronisk sjuke eller nedsett funksjonsevne aukar tal på dagar ein kan få avløysing. Tal på dagar per forelder aukar frå 20 til 30, og frå 40 til 60 for einslege forelder.
  • Satsane for tilskott til tidlegpensjon aukar med kr. 5.200,- for einbrukarpensjon og kr. 8.320,- for tobrukarpensjon.

Vi registrere diverre at det heller ikkje i år vert noko auke i dagsats ved tilskott til avløysing ved sjukdom. Dette medføre at eigendelen til brukar ved sjukdom stadig vert høgare, og bidreg heller ikkje til betre økonomi i Landbruksvikarordninga.

Arbeid som er gjort i samband med koronapandemien

I samband med koronapandemien har organisasjonen måtta endre arbeidsmåtar og arbeidsmengda har auka. Vi såg tidelg viktigheita av å ha god dialog både med medlemsføretak, faglag og departement. I samarbeid med medlemsføretak er det utarbeidd informasjonsskriv på ulike språk, og i samarbeid med NHO Mat og Drikke er det informert om endringar i regelverk.
Som eit ledd i prosessen med auka behov for arbeidskraft fekk vi tidleg på plass ein portal for arbeidssøkarar på heimesida vår og har informert om at vi kan være til hjelp med arbeidskraft. Portalen på heimesida vår tillet arbeidssøkande å registrere seg i Webtemp. Vi valde Webtemp som plattform sidan dette er ei plattform vi allereie har og den stettar krav om mellom anna GDPR. Framgangsmåte for søke etter kandidatar i portalen er sendt ut til alle medlemsføretak som ikkje nyttar Webtemp frå før.

Det er og i samband med koronapandemien vore stor pågang frå media, og vi har arbeidd for å profilere det tilbodet som organisasjonen har.

Teamsmøter med medlemsføretaka

Mange kurs, samlingar og andre arrangement har blitt avlyste sidan pandemien traff oss hardt i midten av mars. Av same årsak vart organisasjonen si vårsamlinga ikkje gjennomførd. På bakgrunn av avlyste arrangement såg vi behov for alternative måtar å møtast på og har kalla inn til felles Teams-møter for medlemsføretaka. Dei som ynskja kunne delta. Fram til no er det arrangert 3 slike møter, der intensjonen med å møtast er å få ein oversikt over status i medlemsføretak, spreie informasjon og deling av erfaringar. Vi har fått utelukka gode tilbakemeldingar om at dette var eit godt initiativ.

Årsmøte i NLT

Etter at årsmøtet fyrst vart utsett på grunn av korona vart det arrangert digitalt årsmøte 26. mai. Sidan ein ikkje fekk arrangert eit fysisk møte vart det vedteke å berre handsame ordinære årsmøtesaker i år. Difor vert saka om vedtektsendringar utsett til årsmøtet neste år. Ei konsekvens av dette er at utsendingar til årsmøtet neste år vil verta rekna ut frå gamal modell og fylkesinndeling. Det var og i endringsforslag til vedtekter foreslege at årsmøtet skal velja fylkeskontakter. No kan dette eventuelt fyrst skje til neste år, og ein satsar på å fortsetje med dei gjeldande fram til dess.

På årsmøtet vart Harald Lie gjenvald til styreleiar. Tor Inge Eidesen vart vald som ny nestleiar i styret. Janne Østgaard Aagesen vart attvald til styret for to nye år og Wiebke Slåtsveen vald som ny i styret for to år etter at Bodil Mannsverk takka for seg. Meir informasjon om årsmøtet og val finn du her.

Medlemskap i arbeidsgjevarorganisasjon

Årsmøtet til Norske Landbrukstenester fatta 3. april 2019 vedtak om at eit av medlemskriteria er å vera tilknytt ein arbeidsgjevarorganisasjon, fortrinnsvis NHO Mat og Drikke. Frist for innmelding var sett til 1. mai 2020. Framleis er det 21 av 78 medlemsføretak som ikkje er registrert som medlem i ein arbeidsgjevarorganisasjon. Det ligg fleire ønske bak vedtaket om medlemskap i NHO Mat og Drikke;

  • Omdøme i landbruksnæringa.
  • Større gjennomslag i NHO for å arbeide med våre problemstillingar og politiske utfordringar.
  • Same grunnlaget for alle til å drive ein god personalpolitikk.

For landbrukstenestene er kontingentgrunnlaget for medlemskap i NHO Mat og Drikke bruttoløn for dei tilsette som tener meir enn 60.000,- per år. Satsane for kontingent er fordelt mellom NHO Mat og Drikke og NHO sentralt og er følgande;

Bruttoløn for aktuelle tilsette (dei som tener over 60.000,-) Kontingent NHO Mat og Drikke Kontingent NHO sentralt
0-1 mill. kr. 0,13% (minimum 900 kr) 1000 kr
1-3 mill. kr. 0,13% 3000 kr
3-200 mill. kr. 0,13% 0,095%
Rapportering til NLT

Grunna korona har ikkje alle medlemsføretaka fått avvikla årsmøte innan normale fristar. Av same årsak har heller ikkje NLT purra på dei medlemsføretak som ikkje har rapportert til NLT. Normal frist for innrapportering er 30. april. Det vert i år sett ny frist for innrapportering til 31. august. Styret i NLT har vedteke at det i tillegg til løn og rekneskapsdata skal utarbeidast eit spørjeskjema som ein del av den pliktige rapporteringa til NLT. Dette for å redusere tal på dei gonger laga må svare på spørjeundersøkingar frå NLT. Det vil til tider uansett vera behov for korte spørjeundersøkingar innan spesifikke tema som dukkar opp.

Haustsamlinga 2020

Så sant retningslinene tilseier det vil årets haustsamling verta arrangert 3.-5. november på Miklagard Hotell.
Dersom det visar seg at vi ikkje får arrangera samlingar med fleir enn 200 deltakrar vurderer vi, dersom det er mogleg, å arrangere 2 samlingar i år. Dette vil vi kome tilbake til så snart vi veit meir.

Arbeidet med innhald på både kurs- og konferansedelen er godt i gang, og vi håpar og trur vi skal få ei samling med mykje fagleg påfyll. Den sosiale biten er vel for mange kanskje det som vert det alle viktigaste i år slik året har vore fram til no. Det skal bli kjekt å sjå alle saman på samlinga.
Har du spørsmål, ta kontakt med tor@n-lt.no

Lønsoppgjer for 2020

Årets lønsoppgjer er på grunn av korona utsett. Årets tariffoppgjer vert restarta 3. august og ny dato for tarifforhandlingar for Jordbruk og Gartneri med Fellesforbundet er sett til 27. og 28. oktober. Det er Tore Bartnes i Innherred Landbrukstjenester og Tor Inge Eidesen frå styret i NLT som sit i forhandlingsutvalet. Har de innspel kan det sendast direkte til dei, eller de kan sende det til administrasjonen så sender vi det vidare.

NHO formidlar haldningar om at årets tariffoppgjer bør spegle samfunnssituasjonen og at norsk arbeidsliv i år må vise samfunnsansvar og bidra til å få norsk økonomi ut av krisa pandemien har skapa. Du kan lese meir om årets tariffoppgjer på NHO sine sider.

Årets Avløysar

I heilt ny «drakt» kårar vi i 2020 ein Årets Avløysar for heile landet, opplegget minner litt om kåring av året unge bonde. Alt vil skje via nettet og alle kan nominera kandidatar så lenge vedkommande tilfredsstiller krav til nominasjon. For at Årets Avløysar 2020 skal verte ein suksess må alle bidra med å spreie bodskapen, dette er eigentleg veldig enkelt sidan det her gjeld å publisere og dele innlegg via sosiale media og heimesider.

Kåring steg for steg

  • Nominasjonsrunde vert avslutta 31. juli.
  • Fylkeskåring frå 4. august til 4. september.
  • Alle som vart nominert på skal no stemmast på pr fylke. Dette skjer på internett, der kvart fylke har eigne stemmesider.
  • Hovudkåring 8. september til 9. oktober.
  • Blant fylkesvinnarane skal ein stemme fram Årets Avløysar 2020 på landsbasis. (Dei fylkesvinnarane som ikkje vert Årets Avløysar 2020 vil få tildelt klokke og diplom, dette vert sendt til vedkommande sin arbeidsgjevar og utdelinga skjer lokalt).
  • Premieutdeling for Årets Avløysar skjer på Haustsamling 2020.
  • Premien til Årets Avløysar 2020, forutan diplom og klokke, er eit reisegåvekort på heile 20 000,-.

Kriteriar
Kritreriane er som tidlegare, men vi gjentek dei her.
Kandidaten må:

  • Vere tilsett i eit avløysarlag/landbrukstenester som er medlem i Norske Landbrukstenester.
  • Ha arbeidd i minst 60% stilling som avløysar/landbruksvikar i minimum 5 år.
  • Vera ein god ambassadør for yrket, både internt og eksternt.
  • Kunne arbeida sjølvstendig, ta ansvar og ha ei positiv haldning til yrket og landbruket generelt.

Sprei bodskapen
Her er tekst de kan nytte ved spreiing av kampanjen:

Kjenner du Årets Avløysar 2020?
Kvart år sidan 2000 har NLT kåra Årets Avløysar.
Avløysarane gjer ein viktig jobb og er ein forutsetning for at bonden skal få ferie/fritid og ikkje minst hjelp ved sjukdom og kriser.
Kjenner du Årets Avløysar 2020? I tilfelle set vi stor pris på om du nominerer vedkommande som kandidat!
Etter nominasjonsrunden er over, skal det stemmast fram ein kandidat frå kvart fylke. Av desse stemmer vi fram Årets Avløysar 2020.
Premien til vinnaren er eit reisegåvekort på kroner 20.000,-
PS! For å verte nominert må kandidaten vere tilsett i eit avløysarlag/landbrukstenester som er medlem i Norske Landbrukstenester. Vedkommande må ha hatt minimum 60% stilling over ein periode på 5 år.

Lenke til kampanjen
Her er lenke til kampanjen og nominasjonsskjema
https://j.mp/3g4sEwg

Direkte deling via Facebook
FB-link
Vi håpar dette skal løfte Årets Avløysar til nye høgder og nå ein publisitet som våre dyktige avløysarar fortener. For å klare dette er vi avhengig av at alle bidreg med å spreie dette i alle kanalar.
Vi gjer merksam på at det kan førekome justeringar av datoar under kampanjen.

Beredskapsgruppe arbeidskraft

I samband med koronapandemien vart det sett ned ei beredskapsgruppe med aktørar frå landbruket for å arbeida med fokus på problem med rekruttering av arbeidskraft til landbruket, basert på restriksjonar i samband med korona. NLT er representert ved dagleg leiar Frode Alfarnes i gruppa. Fram til i dag har det vore 19 digitale møter med fokus på tilgang til norsk og utanlands arbeidskraft, kompensasjonsordningar og smittevern. NLT har i samband med dette arbeidet oppretta ein eigen portal på heimesida vår der interesserte kan tilby si arbeidskraft. Sidan 19. mars er det nær 3000 personar som har registrert seg.

Arbeidsgiverpolitisk utval i NHO Mat og Drikke – APU

NLT ved dagleg leiar Frode Alfarnes er medlem av APU i NHO Mat og Drikke. I samband med koronasituasjonen har det sidan 13. mars vore 7 digitale møter med fokus på å arbeide med informasjon og betre retningsliner innan arbeidsgjevarspørsmål i samband med korona.

Dyrsku`n og Agrisjå

Kvart år gledar vi oss til å kome til både Dyrsku`n og Agri-messa. For fyrste gong sidan 1866, er Dyrsku`n i år avlyst. Agrisjå som i år skulle arrangerast i Stjørdal, er og avlyst.

Webtemp

I desse tider ser vi verkeleg nytten av elektronisk innlevering, og godkjenning av timelister. Det er no to nye lag som vert førebudd til å ta i bruk Webtemp som elektronisk løysing for e-timelister. Sidan dei kjem inn midt i året, vel ein i fyrsteomgang å berre ta i bruk funksjonen med elektroniske timelister. Fakturering og kundeoppslag mot reskontro vert flytta ved overgang til nytt år. Kunne du og ditt lag tenke deg meir informasjon om Webtemp?
Ta kontakt med trude@n-lt.no og vi vil hjelpe deg i gang.
Slik vil du erfare at du mellom anna får;

  • Betre kontroll på timelister og lønskøyring.
  • Betre kommunikasjon med både tilsette og kundar.
  • Full oversikt over kommunikasjon.
  • Enkel fakturering.
  • Stettar med anna krav til lovar og reglar for;
    • Personvernlova
    • Arbeidsavtalar
    • Ordrebekreftingar
Omlegging av heimesider

I løpet av september/oktober vil vi rulle ut nye heimesider til våre medlemsføretak. Det vil seia nytt design, SSL-sertifikat (https://) og raskare respons i redigeringsdelen og på sjølve nettsida. Det er framleis WordPress som vil bli plattforma vår, og det er eit dotterselskap i Netsense som står for det tekniske.
Prisen vil stige frå 750,- til 1400,- pr år. Dette er i prosent ein vesentleg auke, men i forhold til andre tilbydarar av heimesider så er det ein veldig god pris. Bare det å få SSL-sertifikat på alle 60 sidene kostar mykje.
I tillegg til dette vil kvart lag få overvaking av websidene maskinelt og manuelt (ein gang i veka).

PS! Dei som no tenkjer at vi må læra å laga nettsider på nytt treng ikkje bekymre seg, redigeringsmiljøet vert som i dag.

Vi ser fram til at dette kjem på plass og håpar de gjer det og.

Ferieavvikling i administrasjonen

Bemanning på kontoret vil sjå slik ut i sumar:
Veke 28 – Frode og Romar
Veke 29 – Frode
Veke 30 – Frode
Veke 31 – Stengd
Veke 32 – Tor og Trude
Veke 33 – Romar, Tor og Trude
Veke 34 – Romar, Tor og Trude

Ved behov, ta kontakt med oss på post@n-lt.no eller på hovudtelefonnummer 53482280.

Kurs og møter

8. januar – Årskonferanse NHO
Harald Lie deltok som delegat frå NHO Mat og Drikke, og representerte også NLT. Dette er ein mingle-arena for norsk næringsliv der ein får tid til å prate med nye og eksisterande kontaktar. Fekk blant anna diskutert temaet om bemanningsbyrådirektivet og konsekvensane dette eventuelt vil få for oss.

13. januar – Samarbeidsmøte Norsk Landbruksrådgiving (NLR)
Styreleiar Harald Lie og dagleg leiar Frode Alfarnes representerte NLT på det årlege samarbeidsmøtet med NLR. Tema for møtet er informasjonsutveksling, felles utfordringar og samarbeidsarenaer.

14. Januar – Mat og Landbruk
Styreleiar Harald Lie og dagleg leiar Frode Alfarnes deltok på Mat og Landbruk, som er rekna som den største og viktigaste konferansen innan landbruk i året. Her får vi anledning til å møte representantar frå politiske parti, forvaltning og andre landbruksorganisasjonar.

29. januar – Samarbeidsmøte NHO Mat og Drikke
Delar av administrasjonen i NLT og NHO Mat og Drikke møtes for å diskutere kurs, konferansar og felles utfordringar.

3. februar –  Samling for styreleiarar i Norsk Landbrukssamvirke
Harald Lie deltok på denne samlinga. Dette er et fora der styreleiarar kan dele erfaringar og samtale med kvarandre om styreleiarrolla. Denne gongen var hovudtema styreevaluering og styreleiarrolla.

4-6. februar – Styremøte og møte med lag i Rogaland
Referat finn du på heimesida vår.

11. februar – Statusmøte med Gabler
Administrativt møte mellom NLT og vår forsikringsmeklar Gabler for å planlegge fornying og tilbod på NLT sin forsikringspakke.

24. februar – Webtemp kurs
Trude Soma Augestad heldt innføringskurs i bruk av Webtemp for medlem og tilsette i Gloppen Avløysarlag. Laget er no ein del av Landbrukstenester Nordfjord.

5. mars –  Møte med faglaga i samband med jordbruksforhandlingar
Styreleiar Harald Lie, styremedlem Janne Østgaard Aagesen og dagleg leiar Frode Alfarnes var i møte med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og småbrukarlag for å legge fram våre innspel til årets jordbruksforhandlingar.

6. mars – Dialogmøte med Mat- og Landbruksdepartementet og Landbruksdirektoratet
Styreleiar Harald Lie, styremedlem Janne Østgaard Aagesen og dagleg leiar Frode Alfarnes deltok frå NLT på årleg dialogmøte med departement/direktorat for å diskutere tekniske problem/utvikling innan velferdsordningane.

9. mars – Mitt Yrke
Styreleiar Harald Lie var med på innspeling av ein informasjonsfilm om Mitt yrke. Filmen er produsert av Adalia.

10. mars – Årsmøte i Gjesdal Avløysarlag

Dagleg leiar Frode Alfarnes var invitert til årsmøtet i Gjesdal Avløysarlag for å informere om NLT og våre tilbod til medlemsføretaka.

12. mars – Styremøte i NLT
Du finn referat på heimesida vår.

16. april – Styremøte i NLT
Du finn referat på heimesida vår.

5. mai – Teams Kurs med Serit iDrift
Alle i administrasjonen deltok på kurs med Serit iDrift. Kurset var innføring i bruk av Teams.

14. mai – Styremøte i NLT
Referat frå styremøtet finn du på heimesida vår.

18. mai – Årsmøte i Norsk Landbrukssamvirke (NL)
Styreleiar Harald Lie og dagleg leiar Frode Alfarnes var utsendingar til årsmøte i NL. I tillegg til ordinære årsmøtesaker vart NL si strategi teke opp til debatt.

9. juni – Generalforsamling i NHO Mat og Drikke
Styreleiar Harald Lie og dagleg leiar Frode Alfarnes var representert på Generalforsamling i NHO Mat og Drikke som vart arrangert på Teams. Berre ordinære årsmøtesaker vart teke opp.

Med ynskje om ein super sumar!
Ta godt vare på deg sjølv og andre!