Nyheitsbrev nummer fire 2017

Det er stor aktivitet i den flotte og engasjerte organisasjonen vår. Det er godt å være ein del av eit slikt fellesskap! Dei fleste har det travelt no i førjulstida, det er mange arbeidsoppgåver som skal være utført før vi kan ta litt velfortent julefri. Straks er det nye året her. Bodskapen for jula er kjærleik og fred. Senk skuldrane og gjer noko hyggeleg saman med dei du er glad i.

Aktuelt

Etterregistrering av opplysningar
Det er viktig å minne alle på å hugse å etterregistrere opplysningar i søknad om produksjon- og avløysartilskot. Frist for korrigeringar er satt til 10. januar. Les meir her.

Skatt på diett i 2018

Frå 2018 vert det innført skatt på diett. Du kan lese meir om det her.

Årsoppgjer og hugselister

Nye hugselister for årsoppgjer er no klare og ligge ute på vår heimeside her.

Kalender 2018

Ny kalender for 2018 er no klar og du finner den på heimsida vår her. I år har Romar laga nytt design på den! Sjekk den ut!

Ny prismodell på AFP i 2018

Ny utrekning av premie vil gjelde for med anna nytilsette, vikarar og sesongarbeidere. For desse gruppene vert det nå betalt premie basert på faktisk utbetalt lønn i inneverande kalenderår. Dette innebere at det vert betalt premie for den tilsette si løn heilt fram til ein eventuell sluttdato.
Fjerning av tidlegare utrekningsmetode betyr i praksis at det ikkje vil bli utrekna premie for tilsette som har tent under 1G i kalenderåret.
Innrapportering frå A-meldinga vert nytta som grunnlag for start- og sluttdato i tilsetjingsforhold. Dette er uendra frå tidlegare praksis.

Innspel til jordbruksoppgjeret 2018

NLT har laga klart ein oversikt som syner kva prioriterte punkt vi ynskjer å ha fokus på i år.
Vi kjem til å informera om våre innspel til sentrale avtalepartar.
Det er viktig at kvart lag arbeidar mot avtalepartane på lokal og fylkesplan.
Innspelet vårt finn du her.

I veke 51 kjem det ei ny utgåve av Bondebladet! Her har NLT eit innstikk 😊 Sjekk det ut!

Administrasjonshandboka

Administrasjonshandboka er no lagt inn som ein del av Sticos Personal. Mange av dykk har allereie kome godt i gang med Sticos Personal. Det er flott!
Det er dagleg leiar i laget som har fått tilsendt informasjon om pålogging. Dersom andre i administrasjonen trenge eigen brukar så ta kontakt med Trude.
Dersom du ikkje får logga deg inn, legg inn e-postadressa di og trykk på «glemt passord». Du vil då få tilsendt ein ny e-post med nytt passord.
Vi vil presisere at der er Sticos Personal vi abonnerer på, https://personal.sticos.no/Forsider/ForsideRedaktor.aspx.
Dersom du treng bistand i å finne fram så ta kontakt med Trude på telefon 458 77 686 eller send ein e-post til trude@n-lt.no.
Du kan også ta direkte kontakt med Sticos ved å sende ein e-post til post@sticos.no med kunde nr. 133929

Webtemp

For fjerde år på rad vart det sett opp nybyrjarkurs i Webtemp på haustsamlinga. To lag meldte seg på og kurset hadde totalt fem deltakarar. Sidan kurset hadde få deltakarar vart det god tid til å hjelpe kvar enkelt og dra alle med seg i kurset. Evalueringa etter haustsamlinga viste at deltakarane var nøgde med både innhald og oppbygging av kurset.

Ved overgang til nytt år, er det tre lag som flyttar reskontroen til sine kundar over til Webtemp. Det er då 27 lag som nyttar Webtemp. Vi skulle ynskje at det var fleire som tok steget og tok programvara i bruk. Og vi undrar oss over kva som er årsak til at ikkje fleire melder seg på. Vi kan forstå at det å bestemme seg for å ta i bruk Webtemp kan være skummelt.  Tenker du at det har eg ikkje tid til, det høve ikkje nett no, eg ventar litt til? Ja, det er særs enkelt å finne årsaker til at det høve dårleg. Og ja, det kan gje ei uhyggeleg kjensle å tenke på at ein skal i gang med noko nytt og ukjend. Men vår intensjon og vårt mål er å få med alle. Vi gjer tett og god oppfylging, slik at overgangen skal bli så grei som mogeleg. Vi ser at vi står sterkare saman om vi nyttar ei felles programvare. Alle kan hjelpe kvarandre og dra lasset saman. Webtemp er eit komplett nettbasert forretningssystem utvikla for bemanningsføretak og har vore nytta av NLT lag sidan 2008. Det er ei god og trygg programvare for oss å velje.

Fram til no har vi lagt opp til at overgang til Webtemp skal skje ved årsskiftet. Vi ser at det er ei tid på året der mange har det travelt.  Frå no av vil vi tilby overgang til Webtemp heile året. Kan det gjere valet enklare? Kom med innspel til oss! Kva skal til for at du og ditt lag ynskjer å velja Webtemp? Avløysaren vil det, bonden vil det! Vil du?
Etter nytt år kjem Trude til å ta kontakt med laga for ein prat om Webtemp. Det er ynskjeleg at du gjer deg opp nokre tankar om kvifor ikkje ditt lag nyttar Webtemp. Og kva skal til for at du skal velje Webtemp?

Webtempnytt

Cirka kvar fjortande dag vil Trude sende ut Webtempnyheiter til dei laga som nyttar Webtemp. Det er då aktualitetar som vert annonsert. Saker vi arbeider med, nyttige tips og anna praktisk informasjon som kjem brukarane til gode. For nokre kan dette vere gammalt nytt medan for andre er det nyttig informasjon.

Strategiplanen

Arbeidsgruppa som arbeider med strategiplanen hadde si første samling med Ola Jordhøy 18. oktober 2017. Denne gruppa består av Harald Lie, Bodil Mannsverk, Finn Egil Adolfsen, Frode Alfarnes og Tor Skeie Olsen. Arbeidsgruppa hadde ei samling før haustsamlinga. Arbeidet som vart gjort på haustsamlinga var utruleg viktig for prosessen med å utarbeide ein ny felles strategiplan for organisasjonen vår. Intensjonen med arbeidet på haustsamlinga var at alle sine mål skulle komme fram.  Vi jobbar mot ein felles visjon og felles verdiar. Noko som alle kan ha eigarskap til. Vi ynskjer å samle alle medlemslaga!  I slutten av november hadde arbeidsgruppa nok ei samling, her vart resultatet av det som kom fram på haustsamlinga oppsummert. Fokus for strategiarbeidet er på felles mål og utfordringar. Etter haustsamlinga var gruppa ferdig med å innsamlingsfasen og arbeidet går inn i ein ny fase der ein arbeider med å samle trådane. Neste planlagde strategisamling er i februar 2018. Den nye strategiplanen skal etter planen vera ferdig og verta presentert på NLT sitt årsmøte 10. til 11. april 2018. Spanande! Me gler oss!

Kurs, samlingar og møter

Oktober
3.         Samarbeids- og dialogmøte  –  Arbeidstilsynet
Frode Alfarnes representerte NLT i dette andre dialogmøtet som er i regi av Arbeidstilsynet. Intensjonen er at det skal arrangerast to møter i året. Arbeidstilsynet ynskjer å informere om kva dei ser etter ved tilsyn, og vil ha organisasjonane i landbruket med på laget for at vi saman kan vera budd på tilsynet. Medlemslag som får tilsyn opplever at det er stor forskjell på kva arbeidstilsynet har fokus på. Det er viktig at vi har rutinar for avvik og risikovurdering på plass. Vi arbeider for å få ein del overordna vurderingar på plass i løpet av året. Det er og eit ynskje om å få arbeidstilsynet til å godkjenne KSL som ein bransjestandard.

11.       Medlemsmøte  –  Norsk Landbrukssamvirke
Styreleiar og dagleg leiar representerte NLT i medlemsmøtet. Møtet hadde fokus på det politiske landskapet no etter valet. Innleiarar var politisk kommentator Aslak Bonde, representant for Venstre Terje Breivik og leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes. I tillegg informerte Norsk Landbrukssamvirke om strategiarbeidet i organisasjonen.

18.       Strategimøte
Gruppa som arbeider med strategiplanen kom saman og arbeida vidare med strategiplanen. Møtet fann stad på Gardermoen.

18-19. Årsmøte EMR
Romar Skeie Olsen og Frode Alfarnes deltok på EMR sitt årsmøte i York i England. I tillegg til sjølve årsmøtet var det lagt opp til informasjon om, og ekskursjonar til landbruket i England.

31.      Styremøte på Thon Hotel Oslo Airport
Referat frå styremøtet finn du på våre heimesider her.

31.-2.   Haustsamling på Thon Hotel Oslo Airport
Du kan lese meir om haustsamlinga, kåring av årets avløysar og heidring av administrasjonstilsette i laga som har passert 25 år i teneste for laget her.

Har de tips om kurs/tema som du ynskjer på vår- og haustsamling i 2018, er det fint om du sender dette på mail til Tor Skeie Olsen (tor@n-lt.no) så snart som mogleg.

November
9.         Møte med NHO Mat og Drikke/Arbeidstilsynet
Anne Brit Slettebø frå NHO Mat og Drikke og Laila Grødal frå Arbeidstilsynet arrangerte eit møte for å diskutera konkrete problemstillingar knytta til Arbeidstilsynet sine tilsyn i medlemslag, og korleis vi i fellesskap kan løysa desse problemstillingane. Frode Alfarnes deltok på møtet.

14.       Møte i referansegruppe – Landbruksdirektoratet.
Denne referansegruppa vart nedsett etter vedtak i årets jordbruksoppgjer og skal gje innspel i samband med utreiing av tilknyttingskrav for tilskott til avløysing ved sjukdom mv. Frode Alfarnes representerar NLT i gruppa.

22.       Fjellandbrukskonferansen
Oppdal Landbrukstenester inviterte NLT til Fjellandbrukskonferansen i samarbeid med Fjell og Oppdal landbrukssamvirke. Finn Egil Adolfsen representerte NLT på konferansen. Her var det mange gode tema frå ulike aktørar. Vi syns det er positivt å vera med på arrangement der laga inviterer oss.

23.       Møte i referansegruppe – KSL
Frode Alfarnes representerer NLT i dette møtet saman med representantar frå Matmerk, Bondelaget, Arbeidstilsynet og Fellesforbundet. Det vart diskutert moglegheitene for å få på plass ein avtale mellom Matmerk og Arbeidstilsynet. Det vart også diskutert kva dokument ein kan få inn i KSL for vårt vedkomande som tilfredsstillar krav frå både oss og Arbeidstilsynet.

29.       Strategimøte i arbeidsgruppe
Ein er no i «systematiseringsfasen», og på møtet vart det jobba med verdiar og visjon. Neste møte vert 12. januar. Planen er at Strategiplanen skal sendast ut på høyring i etterkant av neste styremøte som er 6.-8. februar.

29.       Møte i Nasjonalt Samarbeidsforum
Nasjonalt Samarbeidsforum for HMS i landbruket koordinerar arbeidet med helse, miljø og sikkerheit i landbruket og legg til rette for eit godt samarbeid mellom de ulike aktørane gjennom å diskutere relevante problemstillingar. Tor Inge Eidesen representerte NLT på dette møtet.
Ynskjer du lesa meir om dette, føl linken under.
https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/samarbeider-om-hms-i-landbruket/id258034130.

Møte i Arbeidsgiverpolitisk utvalg i NHO Mat og Drikke
Frode Alfarnes representerer NLT i dette utvalet. Den nye personvernforskrifta var hovudtema på dette møtet. Det vil bli utarbeida eit informasjonsskriv som skal sendast ut til laga der ein legg vekt på kva laga bør/må vera obs på.

Desember
5-6.      Styremøte på  Thon Hotel Opera i Oslo.
Referat frå styremøtet vert å finne på våre heimesider når protokoll er godkjend og underteikna av styret.

14.       Møte med NHO Mat og Drikke og Arbeidstilsynet.
Formålet med møtet var å utarbeide ein mal som laga kan nytta til søknad om å gjennomsnittsrekna arbeidstid. Frode Alfarnes representerte NLT i møtet.

Smittevern

På styremøtet til NLT 5.-6. desember vedtok styret i sak 68/17 at ein skal følgja mattilsynet sine anbefalingar/krav når det gjeld testing av tilsette som regelmessig er ute i svine-, småfe- og storfebesetningar.
Det er visse situasjonar der ein uansett skal teste seg før ein går ut i dei ulike besetningane:
·         dersom dei har arbeidet i MRSA-smitta besetningar utan smittevern

Eller i løpet av siste 12 månadar:
·         har hatt fast bustad i utlandet
·         pendlar mellom utlandet og arbeidsplass i Noreg
·         veit at du har vore i kontakt med ein positiv husdyrbesetning
·         har besøkt eller arbeida i husdyrbesetningar i andre land
·         vore innlagt i helseinstitusjonar eller fått omfattande undersøking i helsetenesta, (OBS! gjeld også tannlegebehandling) i land utanfor Norden

For meir utfyllande informasjon:
Klikk her

Når det gjeld betaling av testing, sjå punkt 3.3 i linken under.
Klikk her

Styret og vi i administrasjonen ynskjer deg ei fantastisk fredfull og god jul! Nyta dagane, timane og dei magiske øyeblikka!
Vi takkar for godt samarbeid i året som er gått og ser fram til eit positivt og godt samarbeid også i 2018!

Vi minner om at julas gleder finn du ikkje under treet, men i ditt hjarta <3

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.