Ønskje om kurs

Ved fleire høve er det uttrykt ønskje om fleire kurs i regi av NLT. Seinast vart dette sagt på årsmøtet i samband med handsaming av arbeidsplanen. Vi vil gjerne ha tilbakemelding frå laga om kva dei ynskjer.


Alle forslag vert mottekne med takk. Det kan vera kurs for tillitsvalde,

kontortilsette, leiarsamlingar og anna. Dette gjeld på generell basis; ikkje berre kurs i samband med haustsamlingane.

Det vert sjølvsagt vurdert å bruka eksterne foreleserar. Har du kompetanse i noko som du vil dela med oss andre, gje beskjed om det. Frist for innsending sit eg i første omgang til 1. mai, så får vi sjå etter kvart.

De kan melde inn ønska kurs elektronisk her, eller send E-post eller faks, 53482281. Helst ikkje på telefon.