Presisering om ”Sosial dumping”

Det har i den seinare tid nok ein gong blitt merksemd kring dette med utanlandsk arbeidskraft og sosial dumping. No meiner NLT at dette er i liten grad er noko som vedkjem avløysarlaga/landbrukstenestene. Vi har inntrykk av at lovar og reglar vert følgde til punkt og prikke.


Nokre presiseringar vil vi likevel koma med: 

Ein del misforståingar kjem nok ut frå tolkingar av forskrifta om allmenngjering av minstelønssatsar i landbruket.

Det vert frå fleire hald sagt at all timeløn under kr. 115,15 er sosial dumping. Dette er ikkje rett. Den timeløna er å forstå som minsteløn for fast tilsette avløysarar. Dei fleste utanlandske arbeidstakarar arbeider i kortvarige tilsetjingar under innhausting og onner. Då gjeld ei minsteløn på kr. 97,50 for avtala arbeidsforhold på inntil 12 veker og kr. 103,00 for tilsetjingar inntil 24 veker.

Landbrukets Arbeidsgiverforening (LA) har til ei kvar tid oppdaterte opplysningar om dette: http://www.la.no/index.php?id=5150 

Når det gjeld sjølve forskrifta om allmenngjering og tolkingar av den, er det Arbeidstilsynet som har ansvar for dette – ikkje avtalepartane (LA og Fellesforbundet). Dette gjeld også ansiennitetstillegg. Det er verdt å merka seg dette. Arbeidstilsynet har rett til å få innsyn til timelister, arbeidsavtalar og at lovar og reglar om HMS-arbeidet er følgde.

Ingen andre, det gjeld også avtalepartane, har rett eller lov til å få innsyn i lister over tilsette, korkje når det gjeld namn eller tal på tilsette. Desse listene er konfidensielle for alle andre enn dei som har lovpålagt innsynsrett.

Men ver klar på at t.d. Fellesforbundet har rett til å snakka med sine medlemmer i samråd

med arbeidsgjevar.

Med vennleg helsing
For Norske Landbrukstenester
Evald Storaas