Retningslinjer for markering av tilsette

Retningslinjer for markering av tilsette i administrasjonen i medlemslag


Kriteriar for tildelinga

  1. Arbeidstakeren må ha vært i teneste hos NLT sine medlemslag i minst 25 år. 
  2. Ved fusjonar mellom medlemslag vert tilsetting i eit av dei innfusjonerte selskapa godteke som tellande tid. 
  3. Ved fusjonar med andre selskap enn medlemslag vert ikkje tilsetting i selskap utanfor medlemslag  godteke som tellande tid.
  4. Når det gjeld krav om 25 års tilsetting, er dette å forstå slik:
    • Utgangpunktet er 25 års samlet teneste. Opphold i tilsettinga vert godteke. 
    • Permisjonar (lønna og ulønna) gjeve av arbeidsgjevar, tel med i tidsrekninga. 
    • Stillinga må ha vore minst 50 prosent i administrasjonen i laget.
  5. Medlemslaga er ansvarleg for innmelding av ansiennitet til NLT.
  6. Dei lokale laga vert oppmoda om å laga tilsvarande markeringar for sine andre tilsette. 

Vedtekne i styret i NLT 30.11.2010