Vellukka Haustsamling på Værnes

Årets første av to Haustsamlingar fann stad på Rica Hell Hotel 22. -24- oktober. Vel 140 personar var til stades og fekk eit godt utbytte av denne samlinga fagleg, men og sosialt.


Dei fleste møtte opp dagen før for å få med seg kursdagen. 5 kurs vart arrangert, og vi har motteke gode tilbakemeldingar på samtlege kurs.

Brita Skallerud ordna statskotet for vervekampanjen. Her får ho overrekt blomar som takk for innsatsen, av styremedlem i NLT, Gjermund Stuve.

Denne samlinga var og startskotet for Vervekampanjen. Vi hadde med oss Johnny Ludvigsen frå Ladegaard Norge AS for å friske opp litt for dei som har vore på salskurs, men og får å gje nokre gode råd på vegen for alle som no skal ut å verve nye medlemer. Brita Skallerud var den som stod for det offisielle startskotet, og alle kan vel vera einige om at det smalt godt. Så vert det spanande å sjå i tida framover korleis vervinga går.

Då dag ein av Haustsamlinga var over var det tid for festmiddag med heider og ære for Årets Avløysar i dei ulike fylka, samt prisutdeling for tilsette med lang og tru teneste og laget med best medlemsutvikling. Desse vart kåra i år:

Årets Avløysar:
Erling Hanssen frå Steinkjer og Omegn Avløserlag i Nord-Trøndelag.
Lars Jakob Løset frå Indre Nordmøre Landbrukstenester i Møre og Romsdal.
Morten Tunge frå Avløysarlaget Nord-Jæren i Rogaland.

Årets Avløysarar i Nord, frå venstre: Morten Tunge, Erling Hanssen og Lars Jakob Løset
Over 25 år som tilsett i Landbrukstenester Jæren, Olav Larsen.


Lang og tru teneste (over 25 år i administrasjonen):

Olav Larsen frå Landbrukstenester Jæren.

Komande veke er det tid for Haustsamling Sør på Gardermoen. Velkomne skal de vera, og vi håpar de vil få ein god dose med fagleg utbytte, som de kan ta med og vidareformidle til kollegaer som ikkje vert med på haustsamlinga.

Lag med best medlemsutvikling samling nord:
Levanger Avløserlag vart kåra til laget med best medlemsutvikling i 2013, blant laga som er på haustsamling i nord.

 

Levanger Avløserlag representert med dagleg leiar Jørn Eriksen og styreleiar Hans Petter Krogstad.