Årets Avløysar 2020 i Noreg

Årets Avløysar 2020, Tage Nondal, her i lag med kona Kathrine og ungane Oline og Johannes.

Norske Landbrukstenester har i år presentert ei ny utgåve av kåring av Årets Avløysar. Der vi tidlegare har kåra ein fylkesvinnar i kvart fylke, har vi i år kåra ein Årets Avløysar for heile landet. Under nominasjonsrunden kom det inn i overkant av 60 gode kandidatar, der 36 av dei stetta nominasjonskrava.

Årets Avløysar 2020 er Tage Nondal, 36 år frå Hafslo.

Tage jobbar som landbruksvikar i Landbrukstenester Sogn. Han er utdanna agronom, og har jobba som landbruksvikar sidan oktober 2007.

I innstillinga som kom inn under nominasjonsrunder står det bl.a.:

«Tage er både løysingsorientert og lojal mot administrasjon, medlemane og  arbeidskollega. Den gode kommunikasjonen gjer at ein får effektuert oppdraga til alle på ein rask og smidig måte utan mistydingar. Arbeidskvardagen er ikkje alltid føreseieleg  for ein landbruksvikar. Det kan bli endringar i arbeidsplanen når det oppstår akutt sjukdom og når etterspurnaden etter arbeidshjelp er stor. Men det er alltid lett å setje Tage inn i ein ny situasjon og han skjønar kor viktig det er for bonden å få vikaren fort på plass. Han er vand med å ta avgjerder på eiga hand, men involverer alltid bonden når det trengst.

Det er avgjerande at tilsette respekterer reglane i HMS-systemet. Når Tage ein sjeldan gong ser at eit oppdrag er for farefullt seier han frå på ein slik måte at bonden aksepterer avgjerda. Den gode dialogen med bonden gjer at ulike type oppdrag blir løyst på ein trygg og gjennomtenkt måte og kundane blir nøgde.    

Han tek seg tid til den naudsynte praten når bonden er i ein vanskeleg livssituasjon.  Og ikkje for at han må, men for at det fell naturleg. Bonden veit at han kan stole på Tage i ein fortruleg samtale.»

Det er ingen tvil om at Tage Nondal er ein verdig vinnar av årets kåring, der han fekk over 30% av stemmene.

Her kan du sjå video av utdelinga, han vart tatt skikkeleg på senga sidan han ikkje visste noko om at han vart vinnar.

Slik gjekk kåringa føre seg:

  • Nominasjonsrunden vart avslutta 31. juli.
  • Fylkeskåring frå 17. august til 6. september.
    • Alle som vart nominert på vart no stemt på pr fylke. Dette skjedde på internett.
  • Hovedkåring 10. september til 18. oktober.
    • Blant fylkesvinnarane vart det stemt fram Årets Avløysar 2020 på landsbasis.
    • Offentleggjering av årets avløysar var 27.oktober.
    • Premien til Årets Avløysar 2020 er eit reisegåvekort på 20 000,-