Årets Avløysarar 2009
Norske Landbrukstenester har i mange år kåra Årets Avløysar i Noreg. Sidan det er mange flotte kandidatar til denne prisen rundt om i landet vårt har vi valt å kåra ein Årets Avløysar i kvart fylke frå og med 2009. Valnemndene i kvart fylke har motteke kandidatar frå dei ulike avløysarlaga i sitt fylke. Valnemnda kåra Årets Avløysar i sitt fylke ut frå kandidatane som er komen inn. Det er eit særs vanskeleg val i og med at alle kandidatane er flotte representantar for avløysaryrket.
Årets Avløysarar vart invitert med fylje til haustsamlingane til NLT. Haustsamlingane fann stad i Stjørdal og på Gardermoen.
Vi vil gratulera dei seks avløysarane som vart kåra for 2009.
Dei seks er:
-
Kjell Vegard Furunes frå Ytre Namdal Landbrukstjenester (Nord-Trøndelag)
-
Werner Lindgaard frå Lofoten Avløserlag (Nordland)
-
Per Gunnar Erga frå Landbrukstenester Hordaland (Hordaland)
-
Knut Andersen frå Gjøvik Avløserlag (Oppland)
-
Thomas Viki frå Landbrukstjenester Sør (Aust-Agder)
-
Karl Tveiten frå Landbrukstjenester Sør (Vest-Agder)
Diverre kunne ikkje alle vera med på haustsamlingane, men alle har fått utdelt diplom og NLT-klokke. Vi håpar dei set pris på markeringa og ynskjer dei lukka til i sitt vidare arbeid som avløysarar.
Her er bilete av dei som var med oss på samlingane. (Klikk på bileta for å få dei større)
![]() |
![]() |
Frå venstre: Werner Lindgaard og Kjell Vegard Furunes | Frå venstre: Finn Hoff (nestleiar NLT), Astrid Westberg (leiar NLT) og Årets Avløysar i Oppland Knut Andersen |