Årets Avløysarar 2013
Norske Landbrukstenester er ein medlemsorganisasjon for avløysarlaga/landbrukstenestene i Noreg. Totalt er det 101 medlemslag som representerar rundt 15.000 aktive bønder. Medlemslaga lønna i fjor avløysartenester for ca. 1,3 milliardar NOK fordelt på ca. 5.000 årsverk. Kvart år siden 2000 er årets avløsysar kåra. Bakgrunnen for dette er å få merksemd mot den viktige ressursen avløysaren er for landbruket. Kåringa skjer fylkesvis.
I 2013 vart det til saman kåra ti Årets Avløysar rundt om i landet. Desse ti er:Avløysarane gjer ein viktig jobb og er ein forutsetnad for at bøndene skal få ferie/fritid og ikkje minst hjelp ved sjukdom og kriser. Vi ser at bøndene set stor pris på avløysarane sine.
- Øyvind Nytrøen – Landbrukstjenester Nord-Østerdal (Hedmark)
- Irene Kaupang Tangen – Landbrukstjenester Akershus (Akershus)
- Lene Hoksrud – Landbrukstjenester Sør (Aust-Agder)
- Ann-Marlen Hagen – Landbrukstjenester Østfold (Østfold)
- Arkadiusz Josef Cichy – Landbrukstjenester Sør (Vest-Agder)
- Stein Roar Haugen – Landbrukstenester Sogn (Sogn og Fjordane)
- Frank Reidar Larsson – Landbrukstjenester Hadeland-Toten (Oppland)
- Erling Hanssen – Steinkjer og Omegn Avløserlag (Nord-Trøndelag)
- Lars Jakob Løset – Indre Nordmøre Landbrukstenester (Møre og Romsdal)
- Morten Tunge – Avløysarlaget Nord-Jæren ( Rogaland)
Alle prisvinnarane vart invitert til Norske Landbrukstenester sine årlege Haustsamlingar på Gardermoen og i Stjørdal, for å delta på samlingane og verte heidra under festmiddagen. Prisvinnarane fekk utdelt diplom, NLT-klokke og blomar. Norske Landbrukstenester vil takke Årets Avløysarar for prisverdig innsats i sitt yrke. Styret i Norske Landbrukstenester