Norske Landbrukstenester

Årets Lag 2020 er Bjerkreim og Gjesdal Landbrukstenester

Årets Lag 2020. frå v: styreleiar Noralf Herikstad, DL Samuel L. Madland og tidlegare styreleiar i Gjesdal, Ola Andreas Byrkjedal

Bjerkreim og Gjesdal Landbrukstenester er kåra til Årets lag 2020 i NLT-organisasjonen. Dette er ei markering av eit medlemslag som har utmerka seg gjennom året i høve profesjonalitet og medlemsyting. I eit «normalt» år ville kåringa vore på Årsmøtet, men sidan Årsmøtet også i år var digitalt vart føregjekk kåringa på  Haustsamling.

Bjerkreim og Gjesdal Landbrukstenester vart fusjonert frå høvesvis Bjerkreim Avløysarlag SA og Gjesdal Avløysar- og Rekneskapslag SA frå og med 01.01.2021. Dagleg leiar, Samuel Lima Madland, arbeider to dagar i Vikeså og tre dagar i Ålgård. Slik servar han alle medlemer og avløysarar på ein god måte.

Vi gratulerer Bjerkreim og Gjesdal Landbrukstenester med tittelen Årets Lag 2020.