Norske Landbrukstenester

Årsmøte for 2021

Etter to år med digitale årsmøter er det no endeleg klart for eit fysisk årsmøte att. Møtet er på Lily Country Club, Kløfta og startar 5. april klokka 13:00 og vert avslutta 6. april. På møtet deltek 58 utsendingar frå heile landet. Forutan vanlege årsmøtesaker står også ny strategiplan for NLT på sakslista.

Vi ser fram til å møte folk att og håpar på eit godt møte.

Her finn de årsmøtepapir inkludert forslag til ny strategiplan.

Årsmøtepapir

Strategiplan 2022-2025