Norske Landbrukstenester

Eit godt Årsmøte i NLT er historie

Årsmøte for 2021 i Norske Landbrukstenester (NLT) vart halde 5.-6. april på Lily Country Club.

Etter to år med digitalt årsmøte, kunne vi endeleg samlast til årsmøte på Lily Country Club på Kløfta. Gjennomføringa gjekk fint og det var godt engasjement blant utsendingane.

Frå årsmeldinga går det fram at 2021, trass at Covid-19 framleis herja i landet store deler av året, har vore eit aktivt år for NLT. Arbeidet med å få betre velferdsordningar for bonden er ei kontinuerleg oppgåve som ein også i 2021 har jobba godt med. Forutan digitale møter i ei rekkje utval og nemnder har ein også hatt møter med organisasjonar i landbruket, samt dei ulike politiske miljøa. I alt arbeid som vert gjort står alltid bonden sin kvardag i fokus.

Grunna Covid-19 vart Vårsamlinga arrangert digitalt der ein blant anna hadde kurs i HMS & Hygiene, §3-5 kurs og kommunikasjon. Haustsamlinga kunne vi endeleg arrangera fysisk att, og her var ny strategiplan for periode 2022-2025 eit av temaene. I forkant av samlinga hadde vi som vanleg kursdagar der ein kunne velja mellom heile 6 ulike kurs.

Utanom vanlege årsmøtesaker, var det i år også to saker om vedtektsendringar, samt ny strategiplan for 2022-2025.

Valkomiteen har også i år gjort ei god jobb. Eit styremedlem og 2 varamedlemer takka nei til attval. Dette var styremedlem Wiebke Slåtsveen, 2. varamedlem Selma Cowan og 3. varamedlem Tor Erik Leland. NLT ynskjer å takka alle tre for den gode jobben dei har gjort, og engasjementet dei har vist.

Inge Martin Karlsvik vart attvald som styreleiar, medan Finn Egil Adolfsen vart attvald som nestleiar. Janne Østgaard Aagesen vart attvald som styremedlem, medan Helene Skjelbred frå Nordland vart vald inn som nytt styremedlem. Resten av styremedlemane var ikkje på val. Det var også endringar på varamedlemane.

Med nemnde endringar ser styret i NLT for 2022 slik ut:

Inge Martin Karlsvik, Møre og Romsdal – leiar,
Finn Egil Adolfsen, Trøndelag – nestleiar
Ola Norvald Hagen, Innlandet
Janne Østgaard Aagesen, Trøndelag
Helene Skjelbred, Nordland  
Jan Bjorland, Rogaland – 1. vara
Frank Wiik Rendal, Nordland – 2. vara,
Berit Ullestad, Viken – 3. vara

NLT skal vera ein pådrivar for å oppretthalde og utvikle gode velferdsordningar i landbruket.
Medlemsføretak           75
Aktive medlemer         15 000
Lønsomsetnad ca.       1,4 mrd.
Antal årsverk ca.         5000