Helseforsikring

Helseforsikring

Garantert spesialvurdering innan 10 virkedagar og behandling/operasjon innan 20 virkedagar.

Norske Landbrukstenester har i samarbeid med Vertikal Helseassistanse, arbeidd fram eit godt tilbod på helseforsikring for alle som er tilknytt Norske Landbrukstenester. Vi meiner dette er eit gode både for arbeidsgjevar og arbeidstakar.

Få ned sjukefråværet

Helseforsikringa er eit produkt vi har gått inn på med omsyn til sjukefråvær. Det viser seg at arbeidstakarar som har ei slik forsikring kjem raskare tilbake i arbeid etter sjukdom.

Vi meiner dette er ei god forsikring til ein særs gunstig pris. Vertikal er eit selskap som var eit av dei fyrste med denne forsikringstypen, og har vore på marknaden med helseforsikring sidan 1998. Dette gjer at vi er trygge på at vi har valt ein leverandør som er sikker og har erfaring.

Vertikal krev ingen helseattest, og det er heller ingen skilnad på pris i høve alder og kjønn.

Kollektiv ordning

Dei som kan vere med i ei kollektiv ordning er dei tilsette som har fast stilling med kontrakt.

Fordelen for dei som går inn kollektivt er at dei vil ha 5 timar med fysioterapi, kiropraktor m.m. utan å først bli tilvist til spesialist. Dersom ein ikkje er bra etter dei 5 timane skal ein til lege og bli tilvist vidare til spesialist. Viser det seg då at spesialisten meiner at ein skal halde fram behandlinga, så har ein ugrensa timar med behandling. Pris for kollektivt innmelde er kr. 2640,- pr tilsett uansett alder.

Reservasjonsrett

Betyr at alle medlemslaga i utgangspunktet er med kollektivt, men kan gje melding til oss om at dei ikkje er interessert i å vera med.

Dersom nokon av dei tilsette vel å ikkje vera med er det fullt mogleg å reservera seg. Laget kan likevel gå inn kollektivt med dei som ynskjer det, om det så berre er ein person.

Individuell ordning

Tilbod til alle andre med tilknyting til laget.
Alle deltidstilsette og bønder som er medlemer i eit avløysarlag/landbruksteneste kan tinga helseforsikring. Alle som er med i ordninga, og dei som er kollektivt meldt inn, kan forsikre familiemedlemer til same pris.
For desse gjeld ikkje dei 5 timane med fysioterapi, kiropraktor m.m, utan å først bli tilvist til spesialist.

Pris individuell

Vår pris for perioden 01.05.2021 til 30.04.2022 er rabattert med 10% i forhold til ordinær pris, og er følgande:

Aldersgruppe:

Pris pr. år inkl. 10% rabatt:

0-17

kr 1 177 

18-29

kr 2 257

30-39

kr 3 121

40-49

kr 3 877

50-59

kr 4 957

60+

kr 6 901

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Prisane er like på ektefelle/samboer og barn.

Betaling

Betalinga skjer samla frå kvart lag av dei kollektivt innmelde. Alt utanom vil bli fakturert direkte til den forsikra.

Spørsmål om forsikringane kan rettast til NLT, tlf. 97 11 30 74

NB! Produktoversikta er meint som informasjon og er ikkje uttømande vilkår.

Forsikringsvilkåra finn de her (passordbeskytta).

Selskap: Vertikal Helseassistanse AS