Innstilling frå valkomiteen i Norske Landbrukstenester

Valkomiteen i Norske Landbrukstenester har i år bestått av følgjande:

Kåre Holand, leiar
Trygve Eivind Dahl, nestleiar
Kristin Kjerstad
Ole Andreas Byrkjedal

Då fleire av dei sittande styremedlemane som er på val i år har takka nei til attval, inneheld innstillinga frå valkomiteen fleire nye namn.

Inge Martin Karlsvik frå Møre og Romsdal er innstilt som ny styreleiar. Noverande leiar, Harald Lie, har valt å takke for seg etter 7 år som styreleiar i Norske Landbrukstenester.

Innstilt som ny nestleiar er Finn Egil Adolfsen frå Trøndelag.

Komplett innstilling frå valkomiteen er då:

Leiar for 1 år: Inge Martin Karlsvik, Møre og Romsdal (ny)
To styremedlemar for 2 år: Finn Egil Adolfsen, Trøndelag
Ola Norvald Hagen, Innlandet (ny)
Nestleiar for 1 år: Finn Egil Adolfsen, Trøndelag (ny)
Tre nummererte varamedlemar til styret for 1 år
1. vara Jan Bjorland, Rogaland (ny)
2. vara Selma Cowan, Møre og Romsdal
3. vara Tor Erik Leland, Agder (ny)

Årsmøtet til Norske Landbrukstenester vert også i år digitalt.

Datoen for møtet er 13. april, og dersom valkomiteen si innstilling går igjennom på årsmøtet vil styret i NLT sjå slik ut:

Inge Martin Karlsvik, leiar
Finn Egil Adolfsen, nestleiar
Wiebke Synnøve Slåtsveen
Ola Norvald Hagen
Janne Østgaard Aagesen

Vararmedlem:
Jan Bjorland, 1. vara
Selma Cowan, 2. vara
Tor Erik Leland, 3. vara