Korona og arbeidskraft frå utlandet

Korona og arbeidskraft frå utlandet

(Oppdatert 20. april 2021)

Dei strenge innreiserestriksjonane som vart vedteke 29. januar vert vidareført, i første omgang til og med 12. mai. Sjå varsel frå regjeringa her.
Retningsliner

Følgjande gjeld for unnatak for innreiserestriksjonar innan forsyningsikkerhet og matforsyning som husdyr- og grøntproduksjon er ein del av.

Unnatak frå innreiserestriksjonar gjelde berre utlendingar der innreise er strengt nødvendig for å kunne oppretthalde forsvarlag drift av kritiske samfunnsfunksjonar.
Følgjande to kriterie må vera oppfylt:

  • Arbeidet som skal utførast må vera direkte knytta til evna til å ivareta kontinuiteten i den kritiske samfunnsfunksjonen.
  • Arbeidet kan ikkje utsetjast utan at det vil føre til ein uakseptabel svekking i evna til å oppretthalde kontinuiteten i funksjonen.

Sjå nærare om krav til dokumentasjon den tilsette må ha med seg på LMD sine sider her.

Det er signalisert frå Justisdepartementet si side at “dei fleste ufaglærte ikkje vil fylle vilkåra, sjølv om det innan forsyningssikkerhet ikkje kan utelukkast at og ufaglært kan vera ein kritisk samfunnsfaktor”. Som ufaglært kan du reknast som kritisk arbeidskraft hvis det er sannsynliggjort at du har unik kompetanse som er avgjerande for at verksemda kan oppretthalde drifta. Ein anna faktor er om du har vore hos same arbeidsgjevar over fleire år.

NAV har klargjort at det ikkje er naudsynt med attester frå dei for å dokumentere at ein ikkje får tak i arbeidskraft, og kjem ikkje til å utferdiga dette.

I tillegg må retningsliner om registrering av innreise, testing og karantene følgast som normalt. Dei finner du her.

NB1! Vi har fått nokre tilbakemeldingar på at det kan vera problem med at kunnskapsnivået om norsk landbruk ikkje er like godt hos alle som skal kontrollere om ein har rett til å reise inn eller ikkje. Dette kan gjelde ved ombordstiging i fly, men og ved grensepassering. Det er difor viktig at dokumentasjon er utfyllande, men det kan og vera lurt å ta kontakt med flyselskap på førehand for å sjekke kva informasjon dei treng.

NB2! Det er krav om attest på negativ koronatest ved innreise som ikkje er eldre enn 24 timar. Dette kan vera eit problem dersom ein køyre bil og turen tar lengre enn 24 timar.

Dokumentasjonsordning for grøntnæringen ved behov for utenlandsk arbeidskraft

Regjeringen har vedteke å iverksette ein dokumentasjonsordning for grøntnæringa ved behov for utanlandsk arbeidskraft. Forskrift er vedteke 26. mars og det er i denne bestemt at det er berre dei som er godkjent på førehand via søknad som får unntak for innreiserestriksjonar. Dersom Landbruksdirektoratet innvilger søknad, vil utlendingen ha rett til innreise, så lenge øvrige vilkår etter innreiserestriksjonsregelverket og utlendingslova er oppfylt. Meir informasjon finne du her.

Innkvartering

Hovudregelen er at innreisekarante skal gjennomførast på karantenehotell på ankomststad. Det er unnatak for samfunnskritisk personell dersom det er forhandsgodkjent innkvartering frå Arbeidstilsynet. Søknadsportal for forhandsgodkjenning av eige tilbod om innkvartering ved karantene er gjennom Altinn.

Meir informasjon frå Arbeidstilsynet om ordninga her.

Det er viktig at ein avklare om det er arbeidsgjevar eller oppdragsgjevar som søker. Arbeidsgjevar vil uavhengig av dette ha ansvaret for å oppfylle krava.

Andre unnatak

Det er etablert ein ny søknadsbasert ordning der ein kan søkje inn teknisk personell frå utlandet som er «strengt nødvendige» for å oppretthalde aktiviteten i bedriften. Dette er eitt tillegg til allerede eksisterande unntak. For samfunnskritisk personell som er strengt nødvendig for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar er det ikkje noko endring frå tidlegare.

Tredje land

Signalet frå UDI er at dei ikkje handsamar søknader om arbeids-/opphaldstillatelser frå tredje land der det er vanskeleg med returreise etter at opphaldstillatelse er utgått. Dei som er “koronafast” i landet frå i fjor, kan søkast på nytt på.

Det vert også i år opna opp for at dei utanlandske arbeidstakerne som er i landet kan få forlenga opphaldstillatelse utover 6 månader.