Norske Landbrukstenester

Nye forskrifter vedteke

Seint fredag ettermiddag kom meldinga om fastsetjing av nye forskrifter frå departementet. Blant dei var «Ny forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket» og «Ny forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.«. Forskriftene har i haust vore ute på høyring, der Norske Landbrukstenester med anna har vore høyringsinstans. Vårt høyringsinnspel, saman med innspel frå forvaltning og andre organisasjonar i landbruket, har prøvd å formidla konsekvensane av endringane. Diverre har ikkje departementet teke hensyn til noko av dette i sine vurderingar.

Departementet syner at dei ikkje er interessert i å ta hensyn til majoriteten av synspunkta som er komen inn frå høyringsinstansane. Kva konsekvensar forslaga kan ha for dyrevelferden er ikkje teke hensyn til. Departementet klarar og å gje inntrykk av at støtta til landbruksvikarordninga har auka, når den reelt har gått ned, for å forsvare argumentasjonen som er brukt. Synspunkt og konklusjonar frå eigen forvaltning er det ikkje teke hensyn til.

Det er trist å sjå kor lite interesse det er i konsekvensar av dei forslaga som vert fremma. Frå departementet si side vert dette seld inn som ei forenkling, men det er diverre ikkje ei forenkling for nokon av partane.