Norske Landbrukstenester

Hei og god sumar!

Sumaren er her, dagane er ljosare og kveldane lenger. For nokon er ferien allereie godt i gang medan andre arbeider og ser fram til ferie. Her kjem sumarens nyheitsskriv. Du vil finne ferieoppsett for administrasjonen, nytt om regelverk og ein oversikt over kurs og møter for å nemna noko. Vonar du tek deg tid å gå gjennom nyheitssakene.

Årsmøte for 2018 i Norske Landbrukstenester

Årsmøtet vart halde på Quality Airport Hotel Gardermoen 2.-3. april 2019. Frå årsmeldinga går det fram at 2018 har vore eit særs aktivt år for NLT. Arbeidet med å få betre velferdsordningar for bonden er ei kontinuerleg oppgåve som ein også i 2018 har jobba aktivt med. Link til nyheitsaka finn du her.

Medlemskriterium i NLT

Som ei oppfølging av strategisk plan for 2018 – 2021 vart det på årsmøtet til NLT 2.-3. april gjort endringar i vedtektene til NLT. Dette gjaldt i § 3 Medlemskap for å spesifisera kva krav det vert stilt for å bli medlem i organisasjonen. I tillegg vart det vedteke eigne medlemskriterium for å vera medlem.

Nye kriterium som vart vedteke er;

  • Laget skal tilby kjernetenester ved å
    • sikre beredskap i sitt geografiske område i eigen regi, eller i samarbeid med andre.
    • driva aktiv formidling, rekruttering og utdanning av arbeidskraft.
    • bruka felles logo og gjeldande grafisk profil.
  • Laget skal ha aktivt medlemskap i ein arbeidsgjevarorganisasjon.
  • Laget skal kjøpa yrkesskade- og ansvarsforsikring via NLT si forsikringspakke.
  • Laget skal ha eit oppdatert og godkjent internkontrollsystem til ei kvar tid.
  • Laget skal rapportera til NLT etter nærare retningsliner og tidsfristar.

Som ei oppfølging av vedtekne medlemskriterium vedtok styret i NLT i styremøte 20.-21. mai følgjande;

  • Det vert sett ein frist til 1. mai 2020 for å melde seg inn i arbeidsgjevarorganisasjon. Det er hensiktsmessig at alle våre medlemslag er medlem i same arbeidsgjevarorganisasjon, og det er då naturleg å nytte NHO Mat og Drikke sidan nærare 75 % av våre medlemslag i dag er medlem der. Det vert i samarbeid med NHO Mat og Drikke sett på kva grep som kan gjerast for å få dei av våre medlemslag som ikkje er medlem til å melde seg inn. Ved eit gjennomgåande medlemskap i NHO Mat og Drikke vil NLT kunne få større gjennomslag og etablera ei eigen bransjeforeining.
  • Det vert sett følgjande tidsfristar for å rapportera til NLT
    • 31. januar – rapport som blant anna inneheld lønsopplysningar som grunnlag for kontingent og forsikring.
    • 30. april – rapport som blant anna inneheld grunnlagstal frå rekneskap og medlemsoversikt, som gjer grunnlag for utsendingar til neste årsmøte.

Det vil og vera naturleg å knyta andre aktuelle spørsmål vi ønsker svar på til desse rapporteringane, blant anna for å bekrefta at medlemskriterium er oppfylt.

Årets lag 2018

Årets lag 2018 i NLT-organisasjonen er Landbrukstenester Folgefonna SA. Vi gratulerer eit lag som driv godt og ordnar alltid ein vikar til bonden. Rett vikar til rett tid. Stå på og fortsett arbeidet med å gjera bondens kvardag enklare.

Vårsamlinga 2019

21.-22.mai var det igjen tid for vårsamling. I år var denne samlinga lagt til Comfort Hotel Runway på Gardermoen, og i overkant av 100 deltakarar frå 40 lag var påmeldt.

Før deltakarane fordelte seg utover på dei ulike kursa, hadde vi ei samling i plenum. Nestleiar Bodil Mannsverk ønska alle velkomen før vi fekk 2 timar med mykje god
og nyttig informasjon.

I år kunne deltakarane velja mellom 12 ulike tema fordelt på 3 seksjonar. Tema på dei ulike seksjonane var blant anna Webtemp, smittevern, Excel-kurs for nybyrjar, styrearbeid, lokale
forhandlingar for å nemne nokon. Ut frå tilbakemeldingane under kursdagane, var dette tema som mange hadde godt utbyte av. Om de har ynskjer eller tips til tema/kurs, er det
viktig at de spelar dette inn til Tor (tor@n-lt.no) fortlaupande. Vi er avhengig av å få innspel frå dykk ute i laga for å kunne arrangere best moglege kurs og samlingar.

Neste samling vert haustsamlinga 22.-24. oktober. Denne samlinga vert på Quality Airport Hotel Gardermoen, og vi ser fram til nokre innhaldsrike dagar med kurs og foredrag.

Arbeidsgruppe i samarbeid med NHO Mat og Drikke (NHOMD)

Det er satt ned ei arbeidsgruppe i samarbeid mellom NLT og NHOMD for å sjå på nokre av dei utfordringane via har med arbeidsmiljølova og bemanningsforskrifta.

  • Utgangspunktet i arbeidsmiljølova er at det ikkje er lov å leige inn arbeidskraft ved anna enn midlertidig behov. Det vil sei at i utgangspunktet så har ikkje ein bonde lov til å leige inn arbeidskraft fast gjennom landbrukstenestene. Dette vil vera tilfellet der ein bonde er medlem i ring, eller leiger inn ein eller fleire vikarar meir eller mindre fast igjennom året.Per dags dato er det registrert eit unntak i «Forskrift om at virksomhet i jordbruk som ikkje nytter annen leid hjelp enn avløserhjelp unntas fra arbeidsmiljøloven». Arbeidstilsynet tolkar denne forskrifta slik at den gjer bonden lov til å leige inn på fast basis. Arbeids- og Sosialdepartementet meiner at forskrifta ikkje gjer unntak. I fjor kom det forslag på å oppheva denne forskrifta, men det klarte vi i samarbeid med faglag, arbeidstilsyn og NHOMD å hindra.Vi ser at det er usikkert kor lenge denne forskrifta vert ståande, eller at tolkinga av denne framleis vil vera til vår fordel. Det er difor eit ønske om å få eit klårare unntak frå arbeidsmiljølova på dette punktet for bonden. Før ein søkje om eit unntak er det viktig å få diskutert dette med aktuelle partar. Det er for tida difor oppretta dialog med faglag, politisk miljø, Fellesforbundet og andre som eventuelt kan uttale seg positivt i samband med ein søknad. Dette arbeidet tek diverre noko tid, men det er viktig at vi er sikre på eit positivt resultat før ein søknad vert sendt.
  • Ved årsskifte vart det vedteke ei innskjerping i krava til arbeidsavtale ved fast tilsetjing. Vi har fram til no kunne nytta oss av arbeidsavtale for tilsetjing ved behov. Etter vedtekne endringar er det i dag ikkje lov å bruke arbeidsavtale for fast tilsetjing utan at det i denne vert stadfesta kor tid arbeidet skal gjerast og omfanget av arbeidet.Hovudregelen er at ein skal tilsetjast fast, men det er opna for midlertidig tilsetjing ved midlertidig behov etter § 14-9 i arbeidsmiljølova. For laga er det difor naudsynt å kartlegga kven som må tilsetjast fast og kven som kan tilsetjast midlertidig etter lova. Det er ikkje bonden sitt midlertidige behov som skal kartleggjast, men laget sitt. Det vert i samarbeid med NHOMD utarbeida ein mal som kan nyttast. Denne er tilpassa til laga sitt behov og vert lagt ut på Arbinn når den er klar.
Kurs og møter

2. april – Styremøte i NLT
I samband med årsmøtet til NLT, er det sett opp tid til gjennomføring av styremøte. På dette møtet går mellom anna styret gjennom innhaldet i årsmøtet samt fordeler arbeidsoppgåver. Referat frå møtet er å finne på heimesida vår.

4. april – Årsmøte i Ytre Sogn og Sunnfjord Landbrukstenester
Første vara til styret Linda Kristin Oppedal representerte NLT. Linda Kristin Oppedal heldt eit innlegg om lagets fordeler ved medlemskap i NLT og i NHO Mat og Drikke. Ho oppmoda styret og tillitsvalde i YSSL til å delta på NLT sine kurs og samlingar.

9. april – Årsmøte Norsk Landbruksrådgiving
Styreleiar Harald Lie var gjest på årsmøtet til Norsk Landbruksrådgiving. Steinar Klev heldt styreleders tale. NLR er viktig for bonden i framtida og saman arbeider vi til det beste for den norske bondestanden.

10. april – Styremøte i NHO Mat og Drikke
NLT vart representert av styreleiar Harald Lie. Saklista inneheldt blant anna tariffoppgjeret 2019 samt «Kompetanse og utdanning». To tema som angår oss i NLT.

16.-17. april – Jobbmesse i Slovakia
Jobbmesse i Nitra, Slovakia 16.-17. april 2019. Saman med to representantar frå Helgeland Landbrukstjenester reiste Tor Skeie Olsen på jobbmesse i Nitra, Slovakia. I forkant av turen hadde medlemslag sendt inn ein del stillingsannonsar som vi hadde med oss nedover. I tillegg hadde vi via den lokale Eures-kontakten fått avtalt møte med to rektorar (fakultetet for mekanisk og fakultetet for Bio-næringa) på universitetet i Nitra. Her fekk vi ein grundig gjennomgang av utdanningsløpet samt vi fekk diskutert moglegheit for samarbeid.

Under sjølve messa hadde vi eit innlegg på ca. 20 min. begge dagane der vi fekk presentert NLT. Vi fekk bra med besøk på standen vår spesielt første dagen. Vi hadde stand i same «gata» som Eures-delegasjonane frå dei ulike landa.

Alt i alt ein nyttig erfaring å delta på denne messa, og vi fekk knytt til oss kontaktar som vi håpar vi kan bygga vidare på i framtida!

7.-8. mai – Fellesforbundets Bransjekonferanse
NLT, NHO Mat og Drikke og Maskinentreprenørens Forbund var invitert til å halde innlegg på Fellesforbundet sin bransjekonferanse for skog og landbruk. Frode Alfarnes representerte NLT. Signala frå Fellesforbundet er at det er behov for å løfta status, auka kompetanse samt ei heving av lønnsnivået.

NLT nytta sitt innlegg til å setja søkelys på dei utfordringane vi har med små stillingar, arbeidsavtaler, garantiløn, pensjon og AFP. Ein er einige om at Fellesforbundet, NHO Mat og Drikke og NLT sette seg ned for å sjå på korleis ein i samarbeid kan få auka påverknad og større gjennomslagskraft.

9. mai – Tariffkonferanse NHO Mat og Drikke
Styremedlem Janne Østgaard Aagesen representerte NLT på konferansen som hadde som tema økonomi, lokale lønsforhandlingar og pensjonsordningar.

21. mai – Generalforsamling i NHO Mat og Drikke
Styreleiar Harald Lie og dagleg leiar Frode Alfarnes representerte NLT på generalforsamlinga til NHO Mat og Drikke.

28. mai – Årsmøte i Samvirkesenter
NLT er medlem i Samvirkesenteret. Styremedlem Finn Egil Adolfsen stiller som representant for NLT. Årsmelding frå Samvirkesenter finner du her.

5. juni – Generalforsamling i NHO
NHO Mat og Drikke er ei av dei største landsforeiningane i NHO fellesskapet og er dermed representert på generalforsamlinga til NHO sentralt. Styreleiar Harald Lie er styremedlem i NHO Mat og Drikke og utsending til generalforsamlinga.

5. juni – Årsmøtet i Norges Bondelag
Styremedlem Finn Egil Adolfsen deltok på årsmøte til Norges Bondelag. Her var det ein god debatt om organisasjonsformane.

19. juni – Arbeidsgiverpolitisk utvalg (APU) i NHO Mat og Drikke
APU er eit utval satt ned med representantar frå medlemsbedriftene i NHO Mat og Drikke. Utvalet møter 4 gonger i året for å diskutere aktuelle saker innan arbeidsgjevarpolitikk. Både for å gje innspel til NHO Mat og Drikke, men og for å få informasjon om aktuelle saker det vert arbeida med. Frode Alfarnes representerer NLT i utvalet.
Aktuelle saker på dette møtet var lokale forhandlingar sett i forhold til konkurransedyktig lønsutvikling, skadestatistikk, prosjektet «Matindustrien 4.0», inkluderande arbeidsliv og IA-avtalen.

19. juni – Kurs i landbrukspolitikk
Styremedlem Janne Østgaard Aagesen deltok på kurs i landbrukspolitikk i regi av Norsk Landbrukssamvirke. Tema for kurset var den norske jordbruksmodellen, problemstillinger i landbrukspolitikken, handelspolitikk og forhold mellom landbruk og klima.

Reglar for ferievikarar

For mange av våre medlemer det høgsesong no og det er auka behov for arbeidshjelp. Er du stø i kva regelverk som gjeld? NHO Mat og Drikke (NHOMD) hjelper deg om du er usikker på reglar kring tilsetting av ferievikarar. Det er viktig at du, som har arbeidsgjevaransvar, er tydeleg og formidlar til både ferievikarar og til dine medlem kva regelverk som gjeld. Du finn meir informasjon på NHOMD si heimeside.

Lønsoppgjer 2019

Har ditt lag gjennomført lokale forhandlingar? Lokale forhandlingar skal gjennomførast ein gong i året. Vanlegvis etter at resultatet av sentrale forhandlingar er fastsett. Vi viser til tariffoppgjeret 2019 og oppmodar derfor alle medlemslag til gjennomføre lokale forhandlingar. Treng du meir kjennskap til regelverk rundt lokale forhandlingar finn du det på heimesidene til NHO Mat og Drikke.

Fagbrev som agronom

Det er gledeleg å registrere positivt svar på søknaden om å fortsetje prøveordninga med 2+2 i landbruk og gartneri. Prøveperioden er no vidareført frå 2020 til 2023. Det vil sei at evaluering av ordninga vil vera klar før prøveperioden er over. Diverre så kom svaret så seint at vi mistar noko av kontinuiteten i ordninga.

NLT meiner at ei ordning med fagbrev er vegen å gå innan utdanninga i landbruk og gartnerinæringa. Vi ser at det er den kompetansen ei slik utdanning gjer vi har behov for i næringa no. Med to år i skule og to år i praksis vert det utdanna agronomar som kan gå rett inn i ein jobb som avløysar eller landbruksvikar.

Vi vil arbeide for at landbruket søkjer om at ordninga vert permanent.

Meir informasjon om ordninga kan du finna her.

Diverse

Basert på fokus på dyrevelferd som kom fram i Brennpunkt på NRK, vil vi igjen nytte sjansen til å informere om kor viktig det er å ha på plass, og informere ut om, korleis avvik og kritikkverdige forhold skal handterast i laget. Informasjon om dette og ein mal for «Beredskapsplan» finnes i HMS-handboka i Sticos Personal. Det er og fornuftig å ha ein medie- og kommunikasjonsstrategi på plass til ei kvar tid.

I år er første året at utanlandske arbeidstakarar kan velje skattekort i kildeskattordninga. Arbeidstakarar med denne type skattekort skal blant anna betale skatt og på feriepengeutbetaling. Sjå meir informasjon om kildeskattkort her.

Det er gjort ein del endringar i samband med skatt på naturalytingar. Informasjon og vegleiing finner du på skatteetaten sine sider her.

Frå 1. september vert det berre anledning til digital søknad om gjennomsnittsberekning av arbeidstid eller utvida overtid. Sjå meir informasjon her.

Ferieavvikling på hovudkontoret

Vi gjer merksam om at i veke 31 er hovudkontoret ubemanna. Dersom du skulle ha behov for våre tenester sender du ein e-post til post@n-lt.no eller ringer til 53 48 22 80. Under finn du oversikt over kven som bemannar kontoret i aktuell veke.

Veke 28 – Frode, Tor, Trude
Veke 29 – Frode, Trude
Veke 30 – Frode
Veke 31 – Kontoret er ubemanna
Veke 32 – Romar, Tor
Veke 33 – Romar, Tor
Veke 34 – Romar, Tor, Trude

Styret og administrasjon ynskjer ein rettleg god sumar!