Norske Landbrukstenester

Nyheitsbrev desember

Då er nok eit år snart historie og vi er nærmar oss eit nytt år med nye opplevingar og moglegheitar. Året som gjekk har så og seia vore eit normalt år sett i forhold til dei to føregåande. Vi har fått møtast både på Årsmøte, Vårsamling og Haustsamling utan restriksjonar med å halde den evinnelege meteren og spriting av hender. På Haustsamlinga fekk vi heidra Årets Avløysar og tilsette med lang og tru teneste. Evalueringa av haustsamlinga viser at du som deltakar også i år var nøgd.

Du kan lese meir om kva vi har arbeida med sidan sist i dette nyheitsbrevet. Her er blant anna informasjon om endring i regelverk for 2023 og om årsavslutning. Lenke til NLT-kalender 2023 vil du og finne.

God lesnad 🙂 

 

Endringar i arbeidsmiljølova m.m. (inn- og utleige frå bemanningsføretak)

I Stortinget vart det 12. desember gjort vedtak om endringar i arbeidsmiljølova som gjeld inn- og utleige frå bemanningsføretak. Meir om dei generelle innskrenkingane kan du lese her

For avløysarordninga i landbruket er det ei fleirtalsinnstilling for å lage særregulering for avløysarordninga i jordbruket. Ordlyden er følgjande;

«Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, mener avløyserlag eid av gårdbrukerne som et felles foretak og benyttet, av gårdbrukerne som eier avløyserlaget, skal omfattes av en egen særregulering for arbeid som faller inn under virkeområdet til allmenngjort tariffavtale for jordbruks- og gartnernæringene. Reguleringen bør ivareta regjeringens overordnede mål om å fremme faste ansettelser og et organisert arbeidsliv. Disse avløyserlaga som omfattes av egen særregulering, skal ikke defineres som bemanningsforetak.»

Ein ynskjer ei slik regulering på plass slik at den kan tre i kraft frå 1. juli 2023. Sjå elles referat frå møte med NHO Mat og Drikke og Fellesforbundet av 15. desember.


Endringar i regelverk fra 2023

Frå 1. januar 2023 kjem det fleire lovendringar som får betydning for dei som jobbar med HR, løn, HMS og økonomi. Her har Simployers juristar oppsummert det viktigaste.

Lenk til Simployers

 

Satsar til bruk for forskott og skattefastsetting

Informasjon om trekkfrie satsar for blant anna diett- og bilgodtgjersle for 2023 finner du her 

 

Fagbrev innan 2+2-ordninga

Styret har vedteke å oppretta ei arbeidsgruppe som skal forfatta eit informasjonsskriv som skal ut til medlemsføretaka innan utgangen av februar. Opplæringskontor, lærebedrift, frittståande lærebedrift og medlemsbedrift er begrep som kan vera vanskeleg å skilja mellom. Informasjonsskrivet skal tydeleggjera dei ulike rollene slik at det vert enklare å skjøna kva som ligg av krav/forventingar under dei ulike begrepa.

 

Haustsamling

Årets haustsamling vart arrangert på Lily Country Club, Kløfta 25.-27. oktober. Som vanleg starta vi opp med kursdagar, og her var det heile 160 deltakarar som fordelte seg ut på 5 ulike kurs. Kursa starta etter lunsj den 25. oktober, og vart avslutte med lunsj den 26. oktober.

Rundt 200 deltakarar fekk med seg Hedda Kise sin kickoff onsdag etter lunsj. Deretter gjekk samlinga vidare med sine faste postar. Som vanleg får ein mykje godt fagleg påfyll på denne samlinga. Men vel så viktig er den sosiale biten. Det å treffa kollega frå andre medlemsføretak og diskutera ulike tema i pausane er gull verdt.

 

Agrovisjon i Stavanger

4.-6. november var deler av administrasjonen i Stavanger på Agrovisjon 2022. Det var i overkant av 18000 besøkande som tok turen innom messa i løpet av denne helga, noko som er ny rekord. Mange av desse tok turen innom standen vår og spesielt fredagen hadde vi mange besøkamde. På vår stand kunne dei få informasjon om oss og våre medlemsføretak, delta i konkurransar, eller rett og slett berre slå av ein prat med oss.  

 

Årsavslutning

Tida for arbeidet med årsavslutting nærmar seg. Om du treng ei hugseliste, skjema for avstemming eller anna finn du dette i administrasjonshandboka som ligg på sticos.no. Logg deg inn i sticos personal, vel HMS Håndbok i venstremenyen. Vidare vel du Økonomi og til slutt undermappa Rekneskap og Løn. Treng du informasjon til innlogging, tek du kontakt med anten tor@n-lt.no eller trude@n-lt.no.  

 

Kalender

Kalenderen for 2022 er litt endra. Om du vart nysgjerrig, finn du den på heimesida vår.

 

Kurs og møter

21 . september – Møte APU – NHO Mat og Drikke
Frode Alfarnes representerte NLT.
Ordinære saker som innebar den politisk situasjonen og auka kostnader.

26. september – Møte med Duett – konvertering til Duett Lønn
Frode Alfarnes representerte NLT.
Arbeidsmøte i forhold til konvertering frå Sunpro til Duett.

29. – 30. september – Leiarkonferanse i Norges Bondelag
Frode Alfarnes representerte NLT.
Dette er ein god arena å vere på og synleggjere våre saker. NLT gav tilbakemelding på at det er viktig for dyre- og bondevelferden at bonden har råd til å ta seg fri.

7. oktober og 2. desember – Koordinerande forum for grøntnæringen 
Frode Alfarnes representerer NLT i forumet.
Forumet er sett ned med representantar frå faglag, grøntnæring og andre arbeidsgjevarar i landbruket. Tema har vore allmenngjering av tariffavtale innan jordbruk og gartneri, i tillegg til avklaringar på straumstøtte.

10. oktober , 7. november og 5. desember – Utvidet ledergruppe – NHO Mat og Drikke
Dagleg leiar Frode Alfarnes representerte NLT.
Gruppa består av leiinga i NHO Mat og Drikke i tillegg til daglege leiarar i NHO Mat og Drikke sine bransjeforeiningar. Møta tok opp problemstillingar rundt statsbudsjettet, endringar i lovverket rundt innleige og energikrisa.

10. oktober – Møte VLT – Opplæringskontor
Frode Alfarnes og Inge Martin Karlsvik representerte NLT i møte med Runar Wold frå Vestfold Landbrukstjenester.
Vestfold Landbrukstjenester har fått spørsmål frå andre av våre medlemsføretak om korleis komme i gang med opplæringskontor. Spørsmålet er kva rolle NLT bør ha i samband med dette? Styret ynskjer meir informasjon kva det inneber å vere opplæringskontor og lærlingbedrift.

10. oktober – Styremøte NHO Mat og Drikke
Inge Martin Karlsvik representerte NLT.
Dei største sakene som vart diskutert var statsbudsjett, straumkostnad og grensehandel.

25. oktober – Styremøte i NLT
Styremøtet vart halde i samband med årets Haustsamling på Lily Country Club. 
Referat frå møtet finn du her.

28. oktober – Arbeidstilsynet/NHO MD – tilsynssak
Dagleg leiar Frode Alfarnes representerte NLT.
Fleire medlemsføretak har hatt tilsyn frå Arbeidstilsynet. Noko av fokuset på tilsynet er oppfølging av likebehandlingsprinsippet. Her har Arbeidstilsynet i enkelte områder stilt krav som vi og NHO MD meiner ikkje er innafor lovverket. Dette går med anna på kva opplysningar som det er krav om å henta inn hos det enkelte medlem. NLT og NHO MD har difor oppretta dialog/møte med Arbeidstilsynet for å arbeide fram retningsliner som kan vera likt over heile landet, og ikkje avhengig av den enkelte sakshandsamar.

30. oktober – Landsmøte NBS
Janne Østgaard Aagesen representerte NLT.

31. oktober – NLR Innlandet
Frode Alfarnes representerte NLT.
Dagleg leiar i NLR Innlandet Signe Opsahl inviterte seg sjølv til eit møte i forbindelse med at ho var på desse kantar i anna ærend. Ho ønskte informasjon om korleis NLT er organisert, og våre arbeidsmåtar.

2. november – APU
Dagleg leiar Frode Alfarnes representerte NLT.
Arbeidsgjevarpolitisk utval i NHO Mat og Drikke har jamt møte for å få informasjon om og utveksle erfaringar innan lovverket og tariffområet.

4. november – Referansegruppe – Unntak innleieregler
Dagleg leiar Frode Alfarnes representerte NLT.
NHO Mat og Drikke v/Camilla S. Roander har oppretta ei referansegruppe som består av Unni Furumo og Samuel Lima Madland i tillegg til Frode Alfarnes frå NLT. Det er eit ynskje å ha ei gruppe som kan bidra med innspel i samband med unntaket som er skissert for avløysarordninga i innleigeregelverket.

17. – 18. november – Årsmøte EMR
Romar Skeie Olsen og Frode Alfarnes representerte NLT.
Etter nokre år med koronapause var NLT i år representert på årsmøtet til EMR. EMR er ein europeisk medlemsorganisasjon for landbrukstenester og maskinringar som NLT har vore medlem i sidan oppstart. Det er ein arena som er viktig i forhold til nettverksbygging på tvers av dei europeiske landa.

21. – 22. november – Samvirkekonferanse – Midt-Norsk Landbruksråd
Finn Egil Adolfsen og Janne Østgaard Aagesene representerer NLT i landbruksrådet.
Konferansen gjekk over 2 dagar, der dag ein var felles for alle organisasjonane, medan dag 2 var delt opp i dei ulike organisasjonane som deltok. Ved neste høve må ein prøve å få fleire NLT-føretak til å delta på konferansar som dette.

21. november – Rekrutteringsutfordringar – HLT og NLR
Dagleg leiar Frode Alfarnes representerte NLT.
Ein opplev stadig treig sakshandsamingstid hos UDI. Etter oppfordringa frå Helgeland Landbrukstjenester har HLT, NLT og NLR hatt eitt felles møte og forfatta brev som er sendt til Bondelaget og Norsk Bonde- og Småbrukarlag der vi bed dei ta saka vidare med UDI.

29. november – Rogalandssamling
Dagleg leiar Frode Alfarnes representerte NLT.
Det vart informert litt om dei ulike programvareleverandørane, samt overgang til Duett lønn mm. Noralf Herigstad informerte om arbeidet som vert gjort i samband med representasjon på NLT sitt årsmøte.

30. november – Medlemsmøte Norsk Landbrukssamvirke
Dagleg leiar Frode Alfarnes representerte NLT.
Hovudtema for møtet var gjennomgang av samvirkeanbefalingane, som beskriv kva ein bør ha med i vedtektene i ei samvirkebedrift samanlikna med eit AS.

2. desember – «Koordinerende forum grøntnæringen»
Dagleg Leiar Frode Alfarnes representerte NLT.
Ein har eit møte i månaden, og tema denne gangen var straumstøtte samt at ein ventar på avklaring på allmenngjering av tariffavtalar innan jordbruk.

22. november og 6. desember – Styremøte – NHO Mat og Drikke
Styreleiar Inge Martin Karlsvik er styrerepresentant i NHO Mat og Drikke.
Var ingen saker oppe som var innan vårt fagfelt. Stort sett saker om straumstøtte, alkoholpolitikk, innkjøpspolitikk som var oppe på sakskartet denne gangen.

12. – 13. desember – Styremøte NLT
Det siste styremøtet for året vart gjennomført i Oslo. Valkomiteen har møte parallelt med styret desse dagane og har intervju med heile styret, 1. vara og dagleg leiar. Nokre av sakene som vart diskutert på styremøtet var budsjett, evaluering av haustsamling, representasjon på årsmøtet og fagbrev i landbruksfaget. Referat vert lagt ut når det er godkjent her.

13. desember – Digitalt møte om sosial dumping og arbeidslivskriminalitet
Frå NLT stilte styreleiar Inge Martin Karlsvik og dagleg leiar Frode Alfarnes.
Landbruks- og matminister Sandra Borch inviterte representantar frå arbeidsgjevarsida innan jordbruk og gartneri for å informera om deira arbeid for å hindre sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Dette sett opp mot regjeringa si handlingsplan om emnet som vart lagt fram 1. oktober. 

13. desember – Møte med stortingsrepresentant Per Olav Tyldum (Sp) – Stortinget
Frå NLT stilte styreleiar Inge Martin Karlsvik, nestleiar Finn Egil Adolfsen og dagleg leiar Frode Alfarnes.
I samband med at styret var samla i Oslo var det avtalt eit møte med Per Olav Tyldum, landbrukspolitisk talsperson for Senterpartiet. På møtet var det fokus på velferdsordningar, tilskott og regelverk. Like så viktig er det å etablere kontaktar i det politiske miljøet. 

15. desember – Møte med NHO Mat og Drikke og Fellesforbundet – innleigereglar
I samband med saka om innskjerping av innleigereglane og etablering av unntak for avløysarordninga vart det avvikla eit felles møte mellom NHOMD, FF og NLT for å diskutera korleis dei ulike aktørane tolka innstillinga som er kome. Diskusjonen gjekk på med anna kva som er naturlege verksemdsområde etter allmenngjort tariffavtale og fordelar og ulemper ved å ikkje vera definert som eit bemanningsbyrå. Det er utarbeidd eit felles brev får NHOMD og FF der partane invitere seg til departementet for å starte prosessen. Det er eit ynskje frå komiteen at ei ordning skal vera på plass 1. juli 2023.

 

Bemanning i romjula

Om du treng hjelp frå oss i administrasjonen, er vi på plass. Send ein e-post til post@n-lt.no eller ring 53 48 22 80.

Tysdag 27. desember – Trude og Tor er på jobb

Onsdag 28. november – Frode og Tor er på jobb

Torsdag 29. desember – Frode og Romar er på jobb

Fredag 30. desember – Frode og Romar er på jobb

Med dette takkar vi for samarbeidet i året som har gått! Takk for arbeidet du gjer for den norske bonden!

Vi ynskjer alle ei god jul og godt nytt år! Måtte det bli ei fin tid for deg og dine 🙂