Norske Landbrukstenester

Nyheitsbrev desember

Takk for sist! Det var fint å møtast på haustsamling. Veldig fint! Vi fekk fine dagar saman med fagleg påfyll og mykje tid til sosialt samvær. Vi fekk heidra Årets Avløysar, tilsette med lang og tru teneste, i tillegg til Årets lag. Evalueringa av haustsamlinga viser at du som deltakar også var nøgd. Det var fint ei lita stund å kjenne på noko som kunne minne om ein «normal kvardag» der vi kunne møtast fysisk og ikkje berre på Teams.

Vi i administrasjonen deltok også på Agroteknikk på Lillestrøm, før vi no igjen er på heimekontor og må helde meir fysisk avstand. Heldigvis har vi gode digitale verktøy som tillet oss å kontinuerleg arbeide vidare med å utvikle og yte det beste for organisasjonen vår. Via digitale møter kan vi delta på møter sjølv når smittesituasjonen ikkje tillet at vi fysisk er tilstades. Du kan lese meir om kva vi har arbeida med sidan sist i dette nyheitsbrevet. Her er informasjon om ny pensjonsordning, forslag til endring i regelverk ved innleige og informasjon om forsikring ved sjukdomsavbrott. I tillegg er det sak om årsavslutting og lenke til kalender for 2022. 

Pensjon frå fyrste krone

Med kort varsel så har det blitt vedteke innføring av pensjon frå fyrste krone allereie frå 2022 og ikkje 2023 som planlagt. Ein konsekvens av dette er at ein raskt må sjå på finansieringa av den ekstra kostnaden dette medfører. Kva auke ein vil få i premie vil vera individuelt og avhengig av samansettinga av arbeidsstokken i dag.

Fylgjande endringar er vedteke:

  • Obligatorisk pensjonsopptening frå fyrste krone. Det vil sei at all løn skal reknast med og moglegheiten til opptening fyrst frå 1G fell vekk.

  • Obligatorisk pensjonsopptening skal gjelda for alle tilsette mellom 13 og 75 år. Moglegheiten for å ha ei nedre grense på 20 år vert fjerna.

  • Obligatorisk tenestepensjon skal gjelda alle arbeidstakarar uavhengig av stillingsprosent. Det er ikkje mogeleg å utelate tilsette med ein stillingsprosent under 20 %.

Minste sparesats skal framleis vera 2 % av løn. Nyttar ein i dag ein høgare sats enn 2 % kan ein vurdere tilpasning til ein meir kostnadsnøytral modell.

Vi jobbar saman med meklar for å kartlegge det praktiske i samband med ny ordning. Det er ein overgangsperiode fram til 30. juni 2022 for å få ordninga på plass. Om dette betyr at ein fyrst skal betale innskudd frå den dato ein har fått implementert endringane, eller om dette får tilbakeverkande kraft er blant dei spørsmåla vi prøver å få svar på. Informasjon vil kome etter kvart som avklaringar kjem.

Foreslåtte endringar i regelverk for innleie

I samband med ny regjeringsplattform er det igangsett eitt arbeid frå Arbeids- og Sosialdepartementet (ASD) for å sjå på avgrensingar i omfang av innleige.

Eitt av dei punkta som er oppe til diskusjon, og som kan få innverknad for oss, er eit forslag til å fjerne adgang til innleige når arbeidet er av midlertidig karakter.

Som ny bransjeforeining i NHO Mat og Drikke har NLT fått innverknad på dei innspel som NHO sentralt vidareformidlar og i sitt innspel til ASD skrive NHO med anna dette;

«Regjeringen vurderer å fjerne henvisningen til § 14-9 (2) bokstav a) i § 14-12 (1), slik at innleie når arbeidet er av midlertidig karakter ikke lenger blir tillatt. Som departementet skriver vil en slik innstramming innebære at innleie fra bemanningsforetak kun tillates ved vikariater og ved avtale etter §14-12 (2), dvs. i virksomheter bundet av tariffavtale inngått med fagforening med innstillingsrett.

Landbruket er et eksempel på en bransje med lav organisasjonsgrad. Bonden har ofte et enkeltpersonsforetak, og det er ikke naturlig å organisere seg. Landbruket vil derfor ikke kunne benytte innleie til å dekke sesongbehov, eller benytte seg av ansatte fra avløserlag, dersom regjeringen fjerner adgangen til innleie når arbeidet er av midlertidig karakter. En slik innstramming vil ramme landbruket hardt.

Avløserlagene er registrert som bemanningsforetak i Arbeidstilsynets registre, og har spesialisert seg på å leie ut arbeidskraft til bøndene. Avløserne er ansatt i en større fast stilling gjennom landbrukstjenesten, fremfor å være ansatt i flere små stillinger hos ulike arbeidsgivere. Avløserlagene, ca. 75 i tallet, er arbeidsgiver for arbeidstakerne og har til sammen omkring 30.000 ansatte og 5000 årsverk sysselsatt.

Innleie fra avløserlagene fortrenger ikke faste stillinger, men bidrar til faste stillinger i større stillingsprosenter.»

NHO Mat og Drikke har som eitt av sine hovudpunkt i sitt innspel at avløysarlaga må ha unnatak frå arbeidsmiljølova sine reglar ved utleige til bonden.

Det er arbeida breitt med informasjon frå NLT si side både politisk og mot organisasjonane i landbruket for å få fram våre synspunkt på kva konsekvensar endringar innan regelverket vil bety for oss. Vi vil fortsetja å ha sterkt fokus på denne saka i godt samarbeid med NHO Mat og Drikke, og vil informere etter kvart som vi får avklaringar. 

Forsikring ved sjukdomsavbrott

NLT har ei stund arbeida for å få på plass ei eiga forsikring ved sjukdomsavbrott for bønder som er medlem i eitt av våre medlemsføretak. Meininga er at utbetaling på forsikringa skal hjelpe til å dekke kostnadar til avløysar ved sjukdomsavløysing. Vi har no i samarbeid med forsikringsmeklar fått utvikla eitt utkast til løysing som er sendt ut til medlemsføretaka våre for tilbakemelding. Før vi går vidare med tilbodet er vi interessert i å vita om dette er noko medlemsføretaka vil informera om, då vi er avhengig av deira hjelp for å få ut informasjon om tilbodet til bonden. Det vil vera den enkelte bonde som sjølv tingar forsikringa og medlemsføretaka vil ikkje ha noko arbeid med det praktiske rundt sjølve forsikringa. 

For å kunne kjøpa forsikringa er det sjølvsagt krav om medlemskap i eitt lokalt medlemsføretak. Ved bestilling av forsikring kan ein velga om ein ynskjer utbetaling frå 80 % eller 100 % sjukemelding og om utbetaling av premie skal gjelde frå dag 1 eller frå dag 17. Eitt krav for utbetaling er at ein er sjukemeld i minimum 16 dager. Det er to dekningsummar å velge mellom, kr. 60.000,- eller kr. 120.000,- per år. Dette vil utgjera ei premieutbetaling på kr. 164,- eller kr. 329,- per dag ved 100 % sjukemelding.

Vi har diverre ikkje fått så mange tilbakemeldingar på vår henvending til medlemsføretaka som vi håpa på, og er usikker på vegen vidare. Vi meinar at dette vil vera eitt godt medlemstilbod og til å få fleire til å sjå fordelen ved å bruke oss, og håpar at våre medlemsføretak ser potensialet i dette.

Haustsamling

I år kunne vi endeleg arrangera samling igjen for våre 75 medlemsføretak. Haustsamlinga vart arrangert på Lily Country Club, Kløfta 26.-28. oktober. I forkant av haustsamlinga arrangerte vi som vanleg kursdag. Her var det heile 132 påmeldte som fordelte seg ut på seks ulike kurs. Kursa starta etter lunsj tysdag 26. oktober, og varte fram til lunsj 27. oktober. Nytt av året var kurset «Styreleiarsamling». Her fekk deltakarane på førehand moglegheit til å sende inn tema dei ynskte å diskutera med kollegaer i andre lag, i tillegg til nokre tema som var fastsatt på førehand.

Dei som deltok fekk halv eigenandel på både samling og kurs.  

Les meir om årets Haustsamling her

Agroteknikk på Lillestrøm

Frå 25. til 28. november deltok vi i administrasjonen på Agroteknikk på Lillestrøm. Dette er ei av landbruket si største og viktigste møtestad. For oss er det ein viktig arena der vi får kontakt med medlemmar, ikkje medlemmar, tilsette og framtidig tilsette. Her får vi sett det nyaste av maskiner og utstyr i tillegg til at vi får fagleg påfyll og mykje inspirasjon i møte med bransjen. I år hadde messa i alt 37 000 besøkande. Styremedlem Janne Østgaard Aagesen var invitert av Kvinner i landbruket til å halde eitt innlegg. 

Janne Østgaard Aagesen sette i godt selskap med Nasjonen, Nortura, Felleskjøpet, Gjensidige samt flotte representantar frå Melk og Potetproduksjon, fokus på velferdsordningane under «Kvinner i landbruket» sin konferanse. 

Presentasjonen var basert på kva ordningar som finst samt korleis ordningane verkar i praksis.

I tillegg vart det formidla kva vi i NLT gjer kvart år for å bidra til at velferdsordningen går i riktig retning.  Eit noregskart vart avslutningsvis presentert for å synleggjere vår tilgjengelegheit. Janne Østgaard Aagesen sette pris på å bli invitert og fekk ei positiv oppleving der ho fekk moglegheit til å dele sin kunnskap.

Utvikling av «Materialbank og læreplan for avløserkurs»

Vi har tidlegare informert om at vi driv utvikling av ein materialbank for avløysarkurs. Dette arbeidet er i samarbeid med Helgeland Landbrukstjenester, Landbrukstjenester Midtre Hålogaland og Landbrukstjenester Salten og Lofoten, samt Tove Berre som er prosjektleiar. For å komme heilt i mål med dette arbeidet søkte vi Landbruksdirektoratet om «Nasjonale tilretteleggingsmidler». Søknaden vart innvilga og vi kan no fortsetje med utviklinga av materialbanken. Prosjektet er godt i gang og strekkjer seg til ut juni 2023. Meir informasjon vil kome etter kvart som prosjektet tek form.

Heimesider

Nytt design på heimesidene er no på plass hos alle medlemsføretaka som har heimeside. Vi har sjekka alle sidene og justert litt der det har vore naudsynt. Nokre lag er flinke til å halde sidene sine oppdatert, medan andre er mindre flinke. Det er ikkje mykje som skal til for å ha ei oppdatert side, så ver snill og logg inn og sjekk om di side er oppdatert med t.d. kontaktinformasjon, vedtekter og styresamansetning. Dersom du treng hjelp så ikkje nøl med å ta kontakt så hjelper vi deg i gang att.

Årsavslutting 

Tida for arbeidet med årsavslutting nærmar seg. Om du treng ei hugseliste, skjema for avstemming eller anna finn du dette i administrasjonshandboka som ligg på sticos.no. Logg deg inn i sticos personal, vel HMS Håndbok i venstremenyen. Vidare vel du Økonomi og til slutt undermappa Rekneskap og Løn. Treng du informasjon til innlogging, tek du kontakt med anten tor@n-lt.no eller trude@n-lt.no.  

Kalender

Kalenderen for 2022 er litt endra. Om du vart nysgjerrig, finn du den på heimesida vår.

Kurs og møter

1.  oktober – Møte i rådgjevande utval for samvirke og kompetanse – Norsk Landbrukssamvirke
Frode Alfarnes representerer NLT. På møtet vart det presentert kva kompetanseområde Norsk Landbrukssamvirke vil prioritera i framtida. 

5. oktober – Møte om forsikring ved sjukedomsavbrott
Frode Alfarnes og Romar Skeie Olsen møter med Söderberg og Partners for å sjå på moglegheita for å forsikre delar av lønskosnader bønder har ved eigen sjukdom. 

11. oktober – Utvida leiargruppe – NHO Mat og Drikke
Denne gruppa består av leiargruppa i NHO Mat og Drikke samt alle leiarar i bransjeforeiningane. Frode Alfarnes representerer organisasjonen. Denne gong var fokus på statsbudsjettet og kva innverknad dette får for NHO Mat og Drikke og næringa elles. Desse møta vert blant anna nytta til å diskutere kva saker som skal prioriterast framover. 

15. oktober – Koordinerande forum for grøntnæringa
Forumet opprettheld samarbeidet på tvers av organisasjonane i landbruket. Dette forumet har overteke for beredskapsgruppa for arbeidskraft. Dette kan gje meir tyngde bak eventuelle saker opp mot myndigheita og faglag. Frode Alfarnes deltek. 

20. oktober – Arbeidsgiverpolitisk utval (APU) – NHO Mat og Drikke 
Frode Alfarnes representerte NLT i APU. Informasjon om arbeidsrett, tariff og anna relevant informasjon. 

21. oktober – Møte med Duett 
Presentasjon av løysinga Duett har for avløysarlag som ein del av arbeidet med å kartlegge ny løysing av lønsprogram frå 2023. 

28. – 29. oktober – Bondelagskonferanse til Norges Bondelag
Inge Martin Karlsvik representerte Norske Landbrukstenester. Det var det fyrste fysiske møtet på over to år. Det er ein fin arena for relasjonsbygging. 

30. – 31. oktober – Landsmøte i Norsk Bonde- og småbrukarlag
Landsmøtet var arrangert på Gardermoen. Finn Egil Adolfsen representerte organisasjonen. Nok ein arena for relasjonsbygging.

2. november – Møte med Duett og Webtemp 
Frode Alfarnes deltok i samarbeidsmøte med Duett og Webtemp for å sjå på integrasjon mellom programvarene.

5. november – Møte i Koordinerande forum grøntnæringa
Frode Alfarnes representerte NLT. Det har vore to møter den siste månaden, der det siste møtet var eit fysisk møte for første gang. Desse to møta vart nytta til å informere om utfordringane vi har framover med tanke på bemanningssituasjonen. Vi har også utfordra Bondelagets Grøntutvalg i forhold til bruk av avløysarlag/landbrukstenester i denne sektoren. Vi ventar ei tilbakemelding på dette.

9. – 10. november – Årssamling Midt-Norsk Landbruksråd i Kristiansund
Finn Egil Adolfsen og Janne Østgaard Aagesen representerte NLT.
Her var vanlege årsmøtesaker samt ulike føredrag om resirkulering, co2-lagring med meir i landbruket. På den andre dagen var smlinga lagt til Tingvoll Gard – NORSØK sin forskings- og formidlingsarena.   

17. – 18. November – Leiarsamling i Innlandet Bondelag
Ola Norvald Hagen representerte Norske Landbrukstenester. Leiarsamlinga vart arrangert på Lillehammer. 

25. – 26. november – Bransjesamling Grøn sektor – Fellesforbundet
Frode Alfarnes representerte NLT.
NLT vart saman med NHO Mat og Drikke og politikar frå Nøringskomiteen invitert til å delta på bransjesamlinga. Her vart diskutert utfordringar framover som arbeidsgjevar, men vi fekk og teke opp 2+2-ordninga, velferdsordninga og problematikken rundt innleige av arbeidskraft.

1. desember – Medlemsmøte – Norsk Landbrukssamvirke  
Frode Alfarnes og Inge Martin Karlsvik representerte NLT. Møtet var på Teams og omhandla Landbrukets GMO-policy. 

6. desember – Utvida leiarmøte – NHO Mat og Drikke
Organisasjonen er representert ved Frode Alfarnes. I tillegg til Alfarnes deltok leiinga i NHO Mat og Drikke samt leiarane frå dei andre bransjeforeiningane på møtet. Her kan ein ta opp saker og utfordringar som dei ulike bransjeforeiningane arbeider med. 

6. desember – Samarbeidsmøte lønns – og arbeidsvilkår – NHO Mat og Drikke
Frode Alfarnes representerte NLT. NHO Mat og Drikke kalla inn til møte for å ha ein gjennomgang og diskusjon på kva ein bør vektlegge fram mot neste års lønsforhandlingar innan jordbruk og gartneri.

10. desember- Styremøte i NHO Mat og Drikke
Inge Martin Karlsvik deltok på styremøte i NHO Mat og Drikke. Innleige av arbeidskraft i landbrukstenestene var ei av sakene på agendaen. NHO Mat og Drikke har sendt ein førespurnad til NHO sentralt om dei ynskjer å fronte denne saka.  

13. – 14. desember – Styremøte i Norske Landbrukstenester
Det siste styremøtet i 2021 skulle i utgangspunktet haldast på Thon Hotel Opera i  Oslo. Slik vart det ikkje og møtet måtte haldast digitalt. Referat finn du på vår heimeside når det er klart. 

Bemanning i romjula

Om du treng hjelp frå oss i administrasjonen, er vi der du er. Send ein e-post til post@n-lt.no eller ring 53 48 22 80.

Måndag 27. desember – Tor og Romar er på jobb

Tysdag 28. november – Frode og Tor er på jobb

Onsdag 29. desember – Romar og Trude er på jobb

Torsdag 30. desember – Frode og Trude er på jobb

Den aller siste dagen i 2021 er kontoret i Rosendal steng. 

 

Med dette takkar vi for alt godt samarbeid i året som har gått! Du er unik for organisasjonen vår! Saman er vi NLT! Saman arbeidar vi til det beste for våre medlem. 

Riktig god jul! Måtte den bli fin på din måte! Og godt nytt år!