Norske Landbrukstenester

Sumaren er her! 

Korleis er det med deg? Byrjar du også gå i feriemodus og bli klar for ferie? Det er vi. Kontoret i Rosendal vert ubemanna i veke 30, ellers vil du få svar på både e-postar og telefon om du kontaktar oss på hovudkontoret. Ei oversikt over kven som er tilgjengeleg på kontoret finn du nederst i skrivet. Sidan sist har det skjedd mykje i organisasjonen vår. Det er gjennomført årsmøte, vi har arrangert vårsamling og vi har delteke på mange møter av ulik art. Mellom anna så arbeider vi for å oppretthalda eit godt samarbeid med dykk ute i medlemsføretaka. Vi arbeider for å nå felles mål, mål som er sett i strategiplanen vår og det er god utvikling i organisasjonen. Dette gjer oss både motiverte og engasjerte, og inspirerer oss til vidare arbeid. Det kjennest godt å vera ein del av eit meiningsfylt fellesskap.   

Årsmøte for 2021 – Norske Landbrukstenester 

Etter to år med digitale årsmøter var det godt å endeleg kunne invitere til  Årsmøtet for 2021 på Lily Country Club på Kløfta. Med engasjerte utsendingar og tillitsvalde vart det eit godt møte for organisasjonen. I tillegg til vanlege årsmøtesaker var det også to saker som omhandla vedtekstendringar samt ny strategiplan for 2022-2025. På årsmøtet vart det valt inn eit nytt styremedlem og nye varamedlem. Samansetningen av styret etter val på årsmøte finn du på heimesida vår.

Årsmeldinga med protokoll er klar og publisert på heimesida vår.

Jordbruksforhandlingar

Resultatet av årets jordbruksforhandlingar er klare. Saka er publisert på heimesida vår.

Vårsamling 

Årets vårsamling vart skipa på Lily Country Club 24.-25. mai.

Rundt 100 deltakarar var samla i to dagar med sosial og fagleg påfyll. 5 ulike kurs, samt informasjon i plenum var det som stod på programmet denne gongen.

Evalueringa av samlinga syner at det var nyttige kurs for dei fleste som deltok.

Planlegging av årets Haustsamling, som skal haldast 25.-27. oktober, er godt i gong. Dersom du har tips og eller idear til tema vi bør ta opp, er det fint om du sender det til Tor på tor@n-lt.no så snart som råd.

Årets avløysar 2022

Startskuddet er gått! Vi er igang med nominering av kandidatar til Årets avløysar 2022. Det er nye kriteriar for kven som kan nominerast. Informasjon om reglar som gjeld finn du her.

Har du nokon du meiner burde bli nominert? Ein hardtarbeidande avløysar som fortener eit reisegåvekort på heile 20 000 kroner? Ikkje vent! Klikk her for å kome til nominasjonsskjema. Nominasjonsrunden går fram til 31. juli. Så hiv deg rundt! 

Proposisjonen

Fredag 17. juni la regjeringa fram sitt forslag til endringar i regelverket for inn- og utleige frå bemanningsføretak.

Det er positivt å registrere at høyringssvar frå NLT, NHO MD, Fellesforbundet og landbruket sine organisasjonar er teke hensyn til når det gjeld avløysarordninga i landbruket.

I proposisjonen står følgjande;

«Det finnes enkelte utfordringer knyttet til arbeidsvilkår i landbruksnæringen, herunder for sesongarbeidere. Departementet mener imidlertid det er viktig å sørge for en fortsatt effektiv og velfungerende avløserordning for norske bønder. På denne bakgrunn kan det være behov for å vurdere tilpasninger i regelverket for denne næringen særskilt. Departementet viser i denne sammenheng også til at gjeldende forskriftsverk på området kan fremstå uklar. Departementet vil i samråd med Landbruks og matdepartementet og partene i arbeidslivet foreta en gjennomgang av regelverket. Departementet mener det bør gis utsatt ikrafttredelse av opphevelsen av adgangen til å leie inn arbeidstakere ved arbeid av midlertidig karakter for jordbruksforetak frem til dette er utredet og særregulering fastsatt.»

Dette er ein god start og vi vil fortsetje det gode arbeidet, saman med våre samarbeidspartnere, for å få gode tilpasningar på plass for avløysarordninga.

Forslaget finn du her.

Inaktiv d-nummer

Skatteetaten har endra rutinar for d-nummer. Alle personer med d-nummer i Folkeregisteret får status aktiv/midlertidig når d-nummeret tildeles. Etter fem år endres statusen til inaktiv. Informasjon om dette finn du her

Kurs og møter

4. april, 2. mai og 7. juni – Utvida leiargruppe – NHO Mat og Drikke

Som ei bransjeforeining i NHO Mat og Drikke er NLT representert med dagleg leiar Frode Alfarnes i utvida leiargruppe. Gruppa har månadlege møter for å utveksle nytt samt diskutere kva saker NHO Mat og Drikke bør vektlegge i dei fora dei deltek i.

7. april – Statusmøte arbeidskraftbehov – NAV

Dagleg leiar Frode Alfarnes representerte NLT i møtet med NAV og deira orientering om status på arbeidskraft.

11., 29. april og 10. juni – Samarbeidsmøte Proresult

Arbeidsgruppa som var sett ned for å kome med ei anbefaling av programvare for føring av løn deltok i møter med representantar frå Proresult. På møtet fekk vi presentert løysing og pris for ein HMS og Kvalitetssikringsmodul.

19. april – Tariffavtalar i avløysarlag – NHO Mat og Drikke

NLT deltok i strategimøtet med NHO. Dagleg leiar Frode Alfarnes møtte for NLT. Tema for møtet var strategi i samband med Fellesforbundet sitt ynskje om fleire tariffavtalar i avløysarlaga.

20. april – Møte med LMD

Styreleiar Inge Martin Karlsvik, styremedlem Janne Østgaard Aagesen og dagleg leiar Frode Alfarnes representerte NLT på møtet med LMD. Tema for møtet var utvikling av velferdsordningane, innspel til endringar av ordningane ved årets forhandling samt forslag vedrørande endringar i regelverk for bemanningsbransjen.

21. april, 19. mai og 9. juni – Styremøte NHO Mat og Drikke

Styreleiar Inge Martin Karlsvik er representert i styret til NHO Mat og Drikke

29. april – Beredskapsutvalet for arbeidskraft

Dagleg leiar Frode Alfarnes representerer NLT i Beredskapsutvalet for arbeidskraft. Statusmøte med jamne mellomrom.

9. mai – Pilotprosjekt mellom NLT og Stiftelsen Norsk Mat

Det er inngått intensjonsavtale med Stiftelsen Norsk Mat om å sjå på KSL og bonden sitt HMS-ansvar. Det er ynskjeleg at dersom bonde kryssar av for at arbeidskraft er innleigd frå NLT skal det resultere i at det vert færre spørsmål å svare på i revisjonen. Landbrukstjenester Akershus er pilotlag for å hjelpe oss i arbeidet.

18. mai – Møte i RUSK – Norsk Landbrukssamvirke

Dagleg leiar Frode Alfarnes representerer NLT i rådgjevande utval for samvirke og kompetanse. På møtet vart det presentert ein plan for tre konkrete kurs på Landbruk Arena: Samvirke, Verdikjeda for mat, samt Styrestrategi og leiing. Oversikt over kursa finn du her.

19. mai – Generalforsamling i NHO Mat og Drikke

På generalforsamlinga til NHO Mat og Drikke var NLT representert av styreleiar Inge Martin Karlsvik og dagleg leiar Frode Alfarnes.  

30. mai – Førebuing til forhandlingar innan jordbruk og gartneri – NHO Mat og Drikke
Formøte før forhandlingane innan tariffområdet 525 Jordbruk og gartneri. Dagleg leiar Frode Alfarnes representerer NLT i forhandlingane.

1.-2. juni – Forhandlingar overenskomsten for jordbruk og gartneri

Dagleg leiar Frode Alfarnes representerer NLT i forhandlingane. Det er einighet i tarifforhandlingane på nr.525 overenskomsten for jordbruks- og gartnerinæringa. Du kan lese meir om lønnsoppgjeret for 2022 på sida til NHO Mat og Drikke. 

8. juni – Samarbeidsmøte Webtemp

Dagleg leiar Frode Alfarnes og Trude Soma Augestad har jamnleg samarbeidsmøte med Cecilie Eide i Webtemp. På møta går ein gjennom kva saker som skal vektleggast i utviklingsarbeid og kva vi eventuelt ynskjer og har behov for av forbetringar i programvara. 

14. – 16. juni – Representantskap- og årsmøte i Bondelaget

Velferdsordningar, dyrevelferd, sjølvforsyning og inntekt var sentrale tema på årets årsmøte hos Bondelaget. Styreleiar Inge Martin Karlsvik og dagleg leiar Frode Alfarnes deltok på møta. Resolusjonen som vart vedteke på årsmøtet til Norges Bondelag kan du lese meir om  her.

30. juni – Møte i APU – NHO Mat og Drikke

Dagleg leiar Frode Alfarnes representerer NLT i «Arbeidsgiverpolitisk utvalg» (APU). Tema på møtet var status tariff, lokale forhandlingar, lovendringar og proposisjonar. 

Ferieavvikling i administrasjonen

I veke 30 er kontoret ubemanna. Frå veke 34 er vi alle attende og klar for ein ny haust.
Bemanninga på hovudkontoret vil sjå slik ut: 

Veke 27 – Frode og Tor
Veke 28 – Frode
Veke 29 – Frode 
Veke 30 – Stengt
Veke 31 – Romar, Tor og Trude
Veke 32 – Romar og Trude 
Veke 33 – Romar, Tor og Trude

Styret og administrasjonen ynskjer deg ein strålande sumar!