Nyheitsbrev september

Endeleg opnar Noreg og vi er klare til å ta tilbake det som vi tenker på som ein normal kvardag! Vi kan kome i gang med aktivitetar og sosiale tilstellingar. Vi har hatt vårt fyrste fysiske styremøte på over eit år. Heile styret og administrasjonen møtte i vakre Rosendal for styremøte. Her fekk vi tre produktive dagar med nydeleg vær og Rosendal viste seg frå si beste side. Haustsamling var mellom anna av saker til diskusjon på styremøtet. For no er vi klare, og har endeleg gleda av å invitere deg til haustsamling igjen! 

Haustsamling

Etter ein lang covid-19 pause, er det tid for å invitere til Haustsamling att. Det er no 2 år sidan sist vi har samlast, så dette er ei etterlengta samling. Samlinga vert 26.-28. oktober på Lily Country Club på Kløfta. Her vert det 6 ulike kurs, samt mange interessante tema i plenum. Vi gledar oss stort til dette og ynskjer varmt velkomen til samling! 

Lønsprogram i organisasjonen

Styret i organisasjonen har sett ned ei arbeidsgruppe som arbeider med å hente inn informasjon frå tilbydarar av lønsprogram.  Arbeidsgruppa består av Janne Østgaard Aagesen, Ola Norvald Hagen og Frode Alfarnes.

Før ferien sendte arbeidsgruppa ut ei spørjeundersøking. Arbeidsgruppa har sett på fylgjande problemstillingar;

  1. NLT overtek rettane til SunPro Lønn frå Ufosoft AS
  2. Sentralisert lønskøyring i organisasjonen
  3. Obligatorisk med same programløysing i organisasjonen

I samband med arbeidet i gruppa så er det og sett på kva tilbod Proresult har, med fokus på HMS og Avvik. Det er også, etter ynskje frå Odda Digital System, vert eit møte der dei fekk presentert sitt system for timeregistrering. 

Basert på tilbod frå Ufosoft AS og dei lisensprisane programmet har i dag så ser ikkje arbeidsgruppa at det er økonomisk forsvarleg å overta rettane til programmet. Ein vil då enten vera avhengig av full tilslutning eller at lisenspris vert auka 250 % for dei som nyttar programmet i dag. UfoSoft AS har kommunisert at programvara vert drifta fram til 2023. Arbeidsgruppa vil kome med ei anbefaling når det gjeld val av programvare. 

Årets avløysar 2021

Som alle veit så gjer avløysarane ein viktig jobb og er ein forutsetning for at bonden skal få ferie/fritid og hjelp ved sjukdom og kriser. Semifinalen er no i gang og vi har ni flotte representantar for avløysaryrket med i konkurransen. Dei tre kandidaten med flest stemmer når denne avstemminga er over vert med i finalen i Årets Avløysar 2021. Alle tre vert invitert til NLT si Haustsamling 27.-28. oktober 2021, der vinnaren vert presentert under festmiddagen. Vi gler oss til dette og håpar at du gjer det same. Gå inn og stem på den du meiner fortener aller mest å vinne tittelen som Årets Avløysar 2021!

Avtemminga vert stengt 3. oktober 23:59

Finaleavstemminga startar mandag 4. oktober klokka 12:00

Her kan du stemme

Nytt design på heimesidene

Arbeidet med nytt design på heimesidene er no i full gang. Bjerkreim og Gjesdal Landbrukstenester si side er fyrst ut. Netsense arbeider no med litt finjustering etter våre tilbakemeldingar. Når finjusteringa er ferdig vil dei rulle designet ut på alle sidene til våre medlemsføretak. Vi kan opplyse alle «web-redaktørane» med at all oppdatering skjer på same måte som tidlegare, så det skal ikkje vera behov for noko meir opplæring.

Nytt design kan sjåast her

Marknadskampanje

I år som i fjor har vi ein marknadskampanje i ulike aviser og nettstadar. I fyrste del av kampanjen vil vi ha fokus på Årets Avløysar, medan fram mot nyttår vil fokusera på andre aktuelle tema som vi ynskjer å informera om.

Avløysartilskot 

Frå 1. oktober, som er teljedato, kan bønder søke produksjonstilskot og tilskot for ferie- og fritidsavløysing. Siste frist for å søke er 15. oktober 2021. Du kan lese meir om dette på landbruksdirektoratet si heimeside her.

Kurs og møter

Beredskapsgruppe for arbeidskraft
Beredskapsgruppa møter annakvar veke. På møta er det gjennomgang av status og prekæroppgåver som skal løysast. I tillegg er det referat frå politiske møter med faglag og departement. I haust vil møta ha fokus på kompensasjonsordninga, samt utanlandske arbeidstakarar som ikkje kjem seg heim att. Frode Alfarnes er medlem i beredskapsgruppa for arbeidskraft. 

24. august – Møte med Rogaland
Jan Bjorland deltok på møte med administrasjonstilsette i Rogaland. Sentralt tema for samlinga var medlemskap i NOH og brasjeforeining. Medlemsføretaka i regionen ynskjer at fordelane av medlemskap i NHO Mat og Drikke vert gjort synleg for føretaka. 

24. august – Møte lag i tidligare Oppland
Her var organisasjonen representert av styremedlem Ola Norvald Hagen. Tema for møtet var val av lønsprogram samt fusjon.   

24. – 25. august – Landbruksvikarkurs for Vestland
Administrasjonen deltok på Vestland si samling for landbruksvikarar. Samlinga var arrangert på Voss. Adminsitrasjonen bidreg med informasjon på kurs for administrasjonstilsette. 

25. august – Stiftelsen Norsk Mat
I møte med Statsråden i Landbruks – og Matdepartementet samt Nasjonalt samarbeidsforum HMS, vart Stiftelsen Norsk Mat bedt om å ta initiativ  til å undersøke med næringa og aktørar knytt til HMS om det er aktuelt å gjennomføre ei ny ulukkesundersøking. Arbeidsgruppa jobbar vidare med saka, og tek sikte på å få ut ein ny undersøking i løpet av vinteren 2022. Tor Skeie Olsen deltek i denne arbeidsgruppa. 

31. august – Møte med Odda Digital System
Trude Soma Augestad og Frode Alfarnes deltok i digitalt møte med Odda Digital System. ODS kontakta organisasjonen med ynskje om å få presentere si løysing for elektronisk timeregistrering. 

9. september – Styremøte i NHO Mat og Drikke
Inge Martin Karlsvik deltok på styremøte i NHO Mat og Drikke. Møtet vart arrangert på Borregaard i Sarpsborg. Dette var det fyrste fysiske styremøtet til NHO sidan pandemistart. 

13. – 15. september – Styremøte i Rosendal
Alle frå administrasjonen og styret møtte i Rosendal for styremøte. Referat frå styremøtet vert publisert på heimesida vår når det er klart. 

16. september Møte med Folkeuniversitetet
Frode Alfarnes deltok i møte med Folkeuniversitetet. Her ser vi på eitt mogleg samarbeid for å søkje om midlar til norskopplæring for dei som skal arbeide som avløysarar. LT Sogn, Vang Avløysarlag og NLT Hordaland er og ein del av planlegginga.

23. september – Møte med Proresult
Frode Alfarnes møtte med Proresult for å sjå på om det er mogeleg å få tilrettelagt programvara for påslagsmodul. 

28. – 29. september – Webtemp – Bjerkreim
Bjerkreim og Gjesdal arrangerte innføringskurs i Webtemp for medlem og tilsette i føretaket. Trude Soma Augestad var kurshaldar. Samstundes var det også samling for medlemsføretaka i Rogaland. NLT heldt her kurs i Webtemp for dei administrasjonstilsette. 

29. – 30. september – Lederkonferanse Bondelaget
Leiarkonferansen til Bondelaget vart arrangert på Thon Hotel Oslo Airport. Finn Egil Adolfsen og Frode Alfarnes deltok på vegne av organisasjonen. 

 

Styret og administrasjon ynskjer deg ein triveleg haust!

Neste nyheitsbrev frå organisasjonen kjem i desember.