Norske Landbrukstenester

Haust 

Det er snart haustsamling! Vi er godt i gang med førebuing og ser fram til å sjå deg på Kløfta i slutten av oktober. Her vil  det bli både kurs, samling og hygge. I tillegg skal årets avløysar kårast. Vi i administrasjonen har vore ute og representerer organisasjonen vår og vi deltek på samlingar og møter der det er naturleg for oss å delta. Og der vi er invitert til å delta. Mellom anna har vi delteke på samling i Vestland, vi har vore på samling i Selbu, til Seljord i Telemark og til Oslo. Under vil du sjå ei oversikt over kven og kvar vi representerer organisasjonen vår.  

Haustsamling

Årets samling vert arrangert på Lily Country Club hotell på Kløfta 25. – 27. oktober. Påmeldinga til samlinga har vore veldig bra, og vi ser fram til nokre inspirerande og sosiale dagar på haustsamling. 

Årets Avløysar

Kåringa av Årets Avløysar er i full gong. Etter den fylkesvise avstemminga er det no klart kven som er med vidare til semifinalen. Kampanjen har til no oppnådd over 10 000 unike sidevisningar. Dette tykkjer vi er veldig bra og er heilt klart med på å skape blest om avløysarane og avløysaryrket generelt.

No er det ni kandidatar att i kåringa og desse skal verte til tre finalistar innan den 5. oktober. Då vil vi vite kven som vert med til finalen som skal avsluttast 26. oktober.

Dei tre finalistane vert invitert til Haustsamlinga, der vil dei verte presentert under programmet på dagtid. Sjølve prisutdelinga skjer under festmiddagen der vinnaren kjem opp på podiet for å motta prisen.

Stem og del!

Klikk her for å gå til avstemminga.

Lønsprogram

Alle medlemsføretak må over til nytt lønsprogram frå nytt år. Vi vil oppmode om at ein ikkje ventar for lenge med å bestille. Tida går fort mot årsslutt. NLT si anbefaling er å nytte seg av Duett.

Digital løysing for HMS og Kvalitetssikring

NLT har inngått innkjøpsavtale med Proresult AS på digital løysing for HMS og Kvalitetssikring. Dette er eit produkt som vil lette medlemsføretaka sitt ansvar om arbeidstaker si medverknadsplikt. I tillegg så inneheld løysinga skjema for både dokumentert opplæring og sikker jobbanalyse. Avtale med prisar finn du her.

Ny medlemsfordel

NLT har inngått rammeavtale for advokattenester mellom NLT og Lillevik Krogstad Advokatfirma AS. Selskap, lag, foreiningar samt privatpersonar, innan NLT og\eller som er knytt til NLT, kan tinga advokattenester under denne rammeavtalen. Avtale med prisar finn du her.

Forsikring

Forsikringspakke

Pris for neste forsikringsår er no klar. Vi er glade for at vi har klart å forhandle slik at stort sett alle premiar i år vert lik som i fjor. Einaste unntaket er bilforsikring som får ei auke på 4,5 % med bakgrunn i skadestatistikk.

Priser på forsikringer 2022/2023;

Yrkesskade 0,71 %   
Ansvar 0,325 %   
Reise 150,-   
Formueskade 2.000,-   
Kriminalitet  2.000,-   
Ulykke/fritid  450,-   
Bil 10.300,-  (9.850,- i fjor)
Pensjon

Vi får ein del tilbakemeldingar på utfordringar hos DnB på pensjon. Dette gjeld både på utrekning og innrapportering. I samarbeid med forsikringsmeklar ser vi på ulike løysingar for å rette opp i dette. Informasjon vil kome når vi har fått avklårt dette.

Høyring bemanningsføretak

Proposisjonen som gjeld innstramming av regelverk for bemanningsføretak vart lagt fram 17. juni. Avløysarordninga vil verta vurdert etter kvart og innan dette er gjort vil jordbruksforetak ha unntak. Kva konsekvensar eit endeleg vedtak vil ha for «andre oppdrag» må utgreiast.

Kurstilbod frå Landbrukssamvirke

I samband med mål om å vera ein tydeleg eigar er eitt av tiltaka å legge til rette for kursing av valnemd og styre i lokale medlemsføretak. Norsk Landbrukssamvirke har utarbeida kurstilbod som det kan vera aktuelt å oppfordre tillitsvalde å delta på. Sjå meir om tilbodet her.

Kurs og møter

23. august – Styremøte NHO Mat og Drikke på Teams

Inge Martin Karlsvik deltok på styremøte med NHO Mat og Drikke. Hovudtema for møtet var straum\straumstøtte.

30 – 31. august – Samling i Vestland

Frode Alfarnes og Trude Soma Augestad representerte organisasjonen på samling for landbruksvikarar og administrasjonstilsette i Vestland. Samlinga vart denne gongen skipa i vakre Nordfjordeid. Vi vitja Myklebustskipet på vikingsenterete Sagastad, fekk god mat og sosialt samvær. Samlingar som dette engasjerer, skapar tillit og gjer eit fint samhald.  Admnistrasjonstilsette deltek i diskusjon og erfaringsutveksling. NLT bidrog med informasjon om funksjonar i Webtemp og i diskusjon om utfordingar kring pensjonsinnberretting og DNB.  

05. september – Utvida leiargruppe NHO Mat og Drikke 

NLT som bransjeforeining er representer ved dagleg leiar Frode Alfarnes. Straum og straumkompensasjon er dei tema som har vore vektlagt mest den siste tida. 

08. september – Styremøte NHO Mat og Drikke

Også dette møtet hadde straum\straumstøtte som tema.

08. september – Webinar Duett

Duett inviterte til Grunnkurs i Duett Lønn- for avløserlag. Webinaret gav kunnskap om firmaoppsett, tilsettregister og lønsartregister. I tillegg vart det demonstrert ei lønskøyring i Duett Lønn.

09. – 11. september- Dyrsku

Administrasjonen deltok på Dyrsku 2022. Det vart ei fantastisk helg fylt med sol og messeglade folk. Messa hadde totalt 89 000 besøkande og mange av dei var innom vår stand inne på låven. Her møter vi og knyter kontakt med andre i  landbruksfamilien. Det er ein viktig arena der vi informerer om organisasjonen, vi pratar med medlem og tilsette, vi har kokurranse og quiz med kjekke premiar. Mange er innom standen vår og det tykkjer vi er veldig kjekt. 

12. september – Møte med Gjensidige

Frode Alfarnes represeterte NLT i møte med Gjensidige. Pensjonsforsikringsprodukt vart presenterte. 

23. september – Landbruksvikarsamling i Selbu

Tor Skeie Olsen og Romar Skeie Olsen representerte NLT på landbruksvikarsamlinga til Trøndelag, som fann stad i Selbu. Det var godt frammøte både med landbruksvikarar og administrasjonstilsette, med tilsaman 50 deltakarar frå 10 medlemsføretak. Vi frå NLT informerte om kven og kva NLT er og kva vi jobbar med. I tillegg hadde vi ei økt der vi informerte om forsikringsordningane i NLT, samt andre fordelar landbruksvikarane har ved å vere tilsett i eit av våre medlemsføretak.

26. september – Møte med Duett 

Frode Alfarnes møter med Duett for å sjå på kva data som kan konverterast frå SunPro til Duett. 

28. -29. september – Leiarsamling i Norges Bondelag

Frode Alfarnes representerte organisasjonen her. Bondelaget inviterer fylkeslag og samarbeidande organisasjonar til leiarsamling for å legge grunnlag for kva saker ein skal ha fokus på framøve.