Rammeavtale på inkassotenester
Norske Landbrukstenester (NLT) har inngått ein rammeavtale med Orkla Credit (OC) på inkassotenester. Medlemmer av NLT får tilbod om avtale med OC utan årsgebyr.
Etter ein anbudsrunde med fleire selskap har Norske Landbrukstenester (NLT) og Orkla Credit (OC) inngått rammeavtale på inkassotenester. Medlemmer av NLT vil kunne nytte seg av OC sine tenester utan å betale årsgebyr for tenestene.
Oppfølging av uteståande er eit viktig arbeid, men kan til tider vere tidkrevjande. NLT har difor valt å inngå samarbeid med Orkla Credit for å kunne tilby medlemslag eit verkty for å lette det administrative arbeidet. I anbudsprosessen er det lagt vekk på å finne ein samarbeidspart som er konkurransedyktig på pris og kundeoppfølging. Vi meiner vi har oppnådd begge deler med Orkla Credit.
Kontakt Orkla Credit for meir informasjon.
Telefon: 72 49 90 70
Telefax 72 49 90 71
firmapost@orklacredit.no