Rapportering til NLT

Rapportering til NLT

Det er vedteke at medlemsføretaka til NLT skal rapportere etter nærare retningsliner. Grunnlaget som vert henta inn er nøkkeltal frå løn og rekneskap og ei bekrefting på at ein oppfylgje medlemskriteriuma. NLT brukar rapportane som grunnlag for forsikringspremie, medlemskontingent og statistikk. I tillegg utarbeidar vi kvart år ein eigen rapport over nøkkeltall i medlemsføretaka.

Vi nyttar to ulike filtypar som vedlegg til rapportane;

Frå løn så trenge vi ei oversikt over lønsomsetting. Her tek ein ut rapport «A07 Avstemmingsinformasjon» som vert bestilt via Altinn. Denne vert bestilt ved hjelp av skjema «A06 A-melding – bestill avstemmingsinformasjon». Bestill for heile året. 

Framgangsmåte for å produsera fil med rekneskapsrapport er som følger;

Duett:
Skriv ut Regnskapsrapport for Eksport; Rapportsentral | Regnskap – avløserlag | Regnskapsrapport. Velg Utskrift til: Eksport og skriv rapporten med Filformat: Acrobat PDF. Fila vil da bli generert og lagt ut med filnavn RAPPORT.PDF vanlegvis til mappa C:\Duettwin\EksImp.

SunPro Regnskap:
Når du skrive ut rekneskapsrapporten i frå programmet vert det samtidig generert ei fil på Privat-mappa (Vanlegvis C:\Sp\Privat) med filnavn REGNSKAPSRAPPORT.PDF.


Webtemp
NB! Dei føretaka som har flytta reskontro til Webtemp vil måtte hente deler av nøkkeltala frå Webtemp. Informasjon om korleis finn du her.